Michael Laudrup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Michael Laudrup
Michael Laudrup 2016c.jpg
Michael Laudrup i 2016
Personleg informasjon
Fødselsdato 15. juni 1964 (55 år)
Fødestad København i Danmark
Høgd 183 cm
Posisjon Midtbane, spiss
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1981–1982 KB 14 (3)
1982–1983 Brøndby 38 (24)
1983–1985 Lazio 60 (9)
1985–1989 Juventus 102 (16)
1989–1994 Barcelona 167 (40)
1994–1996 Real Madrid 62 (12)
1996–1997 Vissel Kobe 15 (6)
1997–1998 Ajax 21 (11)
Totalt 479 (121)
Landslag
1982–1998 Danmark 104 (37)
Trenar for
2000–2002 Danmark (assistenttrenar)
2002–2006 Brøndby
2007–2008 Getafe
2008–2009 Spartak Moskva
2010–2011 Mallorca
2012–2014 Swansea City
2014–2015 Lekhwiya
2016–2018 Al-Rayyan
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Michael Laudrup (fødd 15. juni 1964) er ein tidlegare dansk fotballspelar, no fotballtrenar. Han er son til fotballspelaren Finn Laudrup og bror til fotballspelaren Brian Laudrup.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Michael Laudrup debuterte for den danske klubben KB, gjekk i 1982 til byrivalen Brøndby IF. Året etter gjekk han til italiensk klubbfotball. Dei to fyrste sesongane spelte han i klubben Lazio. I 1985 vart han overført til Juventus, også Italia. Åra 1989-96 spelte han i dei spanske klubbane FC Barcelona og Real Madrid, høvesvis fem og to sesongar. I fem av dei sju sesongane i Spania var han med å vinne serimeisterskapen. Deretter spelte han ein sesong i Japan. Til sist, 1997/98-sesongen, spelte han på nederlandske Ajax Amsterdam. Det enda med både seriegull og cupmeisterskap.

Michael Laudrup vann det italienske mesterskapet ein gong (1986), det spanske meisterskapen fem gongar (1991–95) og det nederlandske meisterskapen ein gong (1998)

Han spelte på Barcelona, då denne klubben vann Europacupen i 1992.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Laudrup spelte 104 A-landskampar for Danmark. Han debuterte på 18-årsdagen i 1982 og spelte sin siste landskamp mot Brasil i kvartfinalen i VM i 1998. Totalt skåra han 37 landslagsmål.

Grunna ei konflikt med den dåverande landslagstrenaren Richard Møller-Nielsen var han ikkje med på å vinne Danmarks einaste store internasjonale trofé – EM 1992.

Fleire har vurdert han til å vere den aller beste fotballspelaren som har kome frå Skandinavia.

Trenar[endre | endre wikiteksten]

I 2000 vart han av landslagstrenaren Morten Olsen hyra som assistenttrenar for det danske landslaget.

Frå våren 2002 og inntil mai 2006 var han sjefstrenar for Brøndby IF.

Klubbkarriere[endre | endre wikiteksten]

Trenarkarriere[endre | endre wikiteksten]

  • 2000-2002: Assistenttrenar for det danske landslaget.
  • 2002-2006: Sjefstrenar i Brøndby IF (saman med John «Faxe» Jensen)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]