Amalasunta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Amalasunta
Ritratto femminile di tipo ariadne-amalasunta, 480-525 dc ca, da s.m. ai monti (musei capitolini).jpg
Byste ved Kapitolmuseene som ein går ut frå anten framstiller Amalasunta eller keisarinna Ariadne av Austromarriket
Fødd495
FødestadRavenna
Død30. april 535
DødsstadIsola Martana
Gift medEutharic
DynastiAmaliene
FarTeoderik den store
MorAudofleda
BornAtalarik, Matasuntha

Amalasunta[a] (fødd ca. 495, død 30. april 534 eller 535) var ei austgotisk dronning og regent. Ho herska over austgotarane som regent for sonen sin då han var mindreårig, frå 526 til 534, og var så regjerande dronning frå 534 til 535. Ho var den yngste dottera til Teoderik den store.[1] Amalasunta var romerskvennleg, og trudde sterkt på å verna romerske dydar og verdiar. Ho er mest kjend for det diplomatiske tilhøvet til Justinian I, som invaderte Italia som følgja av at ho vart drepen.[2]

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

I 515 eller 516 gifta Amalasunta seg med Eutharic (ca. 480-522), ein austgotisk adelsmann som lik henne skulle tilhøyra Amali-dynastiet. Han var frå Hispania eller Iberia, dagens Spania. Eutharic var son av Widerich (fødd ca. 450), barnebarn av Berismund (fødd ca. 410), og oldebarn av den austgotiske kongen Torismund (død etter 400). Det var viktig for far til Amalasunta, Teoderik den store, at ho gifta seg inn i ein legitim kongefamilie, då ein kunne stilla spørsmålsteikn ved legitimiteten til hennar eigen familie.

Amalasunta var lovprisa av Prokopios og ikkje minst Cassiodorus som ei velutdanna, vakker kvinne.[1] Ho var ein intellektuell, og var godt kjent for sin breie kunnskap og lesing, som inkluderte flytande latin, gresk og gotisk. Ho var i tillegg ein filosofistudent, og var sagt å ha visdommen til Salomo.[3] Amalasunta var òg skildra som å ha alle romerske dydar forventa av ei adelskvinne: lukke, fruktbarheit og tolmod, men det vart lagt meir vekt på dydane hennar innan den politiske sfæren i motsetnad til det feminine, som var noko som separerte ho frå andre austgotiske prinsesser.[3] Som dei fleste austgotarar, var Amalasunta tilhengar av den arianske kristendomen.[4]

Eutharic døydde, tydelegvis i dei tidlege åra av ekteskapet hans med Amalasunta, og etterlét seg to barn, Atalarik og Matasunta (fødd ca. 517, død etter 550).

Regjering[endre | endre wikiteksten]

Konsulardiptykhon av Rufius Gennadius Probus Orestes ved Victoria and Albert museum. Portrett av Amalasunta og sonen Atalarik er over teksta, på kvar si side av krossen.

Regent[endre | endre wikiteksten]

Då far til Amalasunta døydde 30. august 526,[5] tok sonen hennar over som konge. Han var ti år gammal,[6] og Amalasunta vart regent for sonen. Ein kan sjå hennar enorme innverknad i denne regentposisjonen i eit diptykhon av Rufius Gennadius Probus Orestes frå 530 der ho er sett ved sida av sonen.

Djupt bunde av eldre romersk kultur, gav ho utdanninga til sonen ein meir foredla og litterær retning som passa idéane til dei gotiske undersåttane hennar. Ifølgje Prokopios førte denne vektlegginga på ei romersk utdanning for sonen ei konflikt med gotiske adelsfolk, som ville at han skulle fostrast etter deira «barbariske» ideal.[3]

Medvite om upopulariteten sin, fekk ho forviste og seinare avretta tre gotiske adelsmenn som ho mistenkte at konspirerte mot styret hennar. Samstundes opna ho samtalar med den austromerske keisaren Justinian I med utgangspunkt i å fjerna seg sjølv og den gotiske skatten til Konstantinopel. Då sonen døydde 2. oktober 534 gav i første omgang få endringar i tilstanden til riket.[7]

Regjerande dronning[endre | endre wikiteksten]

Etter at Atalarik døydde vart Amalasunta dronning, og regjerte åleine i eit kort bel før ho gjorde fetteren sin Teodahad, til medherskar (men ikkje ektemann, som det nokre gonger er blitt sagt, ettersom kona hans enno levde),[7] med idéen om å styrkja stillinga si. Teodahad var ein framtredande leiar av den gotiske militæradelen, gruppa som var sterkt imot den romerskvennlege haldninga hennar. Amalasunta trudde at denne handlinga ville hjelpa å skapa støttarar av dei største kritikarane hennar. Teodahad styrkte derimot den misnøgde haldninga til gotarane, og anten ved hans ordre eller løyve, vart Amalasunta fengsla på øya Martana i Bolsenasjøen, der ho vart myrda i sitt eige bad 30. april i anten 534 eller 535.[7]

Etter døden[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Gotarkrigen 535–554.

Drapet på Amalasunta gav Justinian I den store ein grunn til å gå til krig mot austgotarane i eit forsøk på å erobra Italia. I følgje den austromerske historikaren Prokopios var det trudd at Amalasunta og Justinian I hadde eit svært nært diplomatisk tilhøve. Meir spesifikt trudde Prokopios at Amalasunta tenkte å gje Italia til Justinian rundt tida då ho døydde.[2] Kort tid etter drapet på Amalasunta vart Teodahad bytt ut med Witiges, som var svigersonen til Amalasunta. Med støtte frå folket vart Teodahad avretta av Witiges.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Breva til Cassiodorus, statsministeren og den litterære rådgjevaren til Amalasunta, og historiene til Prokopios og Jordanes, gir nøkkelinformasjon kring haldningane til dronninga.[7] Cassiodorus var ein del av eit større romarvennleg parti som ynskte å romanisera det tradisjonelle austgotiske monarkiet, noko som er vidare bevis på den romarvennlege sfæren Amalasunta var del av.[8]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon av Amalasunta frå Nürnbergkrønika.

Livet til Amalasunta var emnet for ein tragedie, det første skodespelet skrive av ein ung Carlo Goldoni og presentert i Milano i 1733.[9]

Den rumenske poeten George Coșbuc skreiv eit dikt med tittelen «Regina Ostrogotilor», der Amalasunta snakkar til Teodahad før han drep henne.

Amalasunta er spelt av Honor Blackman i filmen Kampf um Rom frå 1968.[10]

Asteroiden 650 Amalasuntha er oppkalla etter Amalasunta.[11]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Også skrive Amalasuentha, Amalaswintha, Amalasuintha, Amalasuntha, Amalswinthe, Amalasontha, Amalasiuntha og Amalsenta

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Amalasuntha. ISBN 978-0-19-518792-2. 
  2. 2,0 2,1 Sarantis, Alexander (2009). «War and Diplomacy in Pannonia and the Northwest Balkans during the Reign of Justinian: The Gepid Threat and Imperial Responses». Dumbarton Oaks Papers 63: 15–40. JSTOR 41219761. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Vitiello, Massimiliano (2006). «"Nourished at the Breast of Rome": The Queens of Ostrogothic Italy and the Education of the Roman Elite» (PDF). Rheinisches Museum für Philologie 149. 
  4. «Amalasuntha, Queen of the Ostrogoths». 
  5. Wolfram, Herwig (1988). History of the Goths. Berkeley and Los Angeles: University of California Press. s. 225. ISBN 0-520-05259-5. 
  6. 6,0 6,1 Grierson, P. (1941). «Election and Inheritance in Early Germanic Kingship». The Cambridge Historical Journal 7 (1): 1–22. JSTOR 3020840. doi:10.1017/S1474691300003425. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3  Ein eller fleire av dei føregåande setningane inneheld tekst frå ein publikasjon som no er i offentleg eigeEncyclopædia Britannica si 11. utgåve, eit leksikon som i dag er offentleg eigedom.
  8. Foote, David (2009). «Reviewed Work: Il principe, il filosofo, il guerriero: Lineamenti di pensiero politico nell'Italia ostrogota by Massimiliano Vitiell». Mediaevistik 22. JSTOR 42586872. 
  9. Vitiello, Massimiliano (2017). Amalasuintha The Transformation of Queenship in the Post-Roman World. s. 1. ISBN 9780812249477. Henta 7 September 2020. 
  10. The Last Roman (1968) - IMDb, henta 8. mars 2020 
  11. Schmadel, Lutz D. (2012), Dictionary of Minor Planet Names, Springer, s. 63, ISBN 978-3642297182