Arild Brinchmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arild Brinchmann
ArildBrinchmann-OB.F13320a.jpg
Fødd 31. januar 1922
Oslo
Død

9. oktober 1986

Yrke filmregissør, filmprodusent

Arild Ludvig Brinchmann (31. januar 19229. oktober 1986) var ein norsk teatersjef, regissør og filmprodusent frå Oslo.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Unge år[endre | endre wikiteksten]

Arild var son av lækjaren og forfattaren Alex Brinchmann. Familien Brinchmann hadde tidleg interesse for teater; den eldre systera Helen Brinchmann utdanna seg til skodespelar.

Arild Brinchmann skulle ha teke artium i 1940, men kunne ikkje pga. krigsutbrotet. Under krigen deltok han i motstandsrørsla, m.a. som grenselos til Sverige. Mot slutten av krigen sat han ein periode fengsla på Grini fangeleir. Då freden kom att, var han med på å henta falne nordmenn heim frå Tyskland og Polen, og han deltok i leitinga etter Nordahl Grieg.

Etter dette studerte han jus ei tid før han tok til å studera regi, både i Noreg, Tyskland og Sverige, der han m.a. blei kjend med Ingmar Bergman. Han filmdebuterte som regissør med dokmuentaren Vi banker på frå 1951, som handla om flyktningeleirar i Europa. Denne filmen fekk han Statens filmpris for. I 1954 mottok han Statens filmstipend, og den fyrste spelefilmen hans, Ut av mørket kom i 1958 med manus av Alex Brinchmann. Same året gav han ut Høysommer, etter ei novelle av Cora Sandel.

I 1959 vart han tilsett i NRK, der han var sjef i Fjernsynsteatret fram til 1967. Her la han stor vekt på samtidsdramatikk, ved å henta inn stykke av Samuel Beckett og Harold Pinter. Fjernsynsteatret måtte tola mykje kritikk for dette.

Teatersjef i Nationaltheatret[endre | endre wikiteksten]

I 1964 vart Brinchmann tilsett ved Nationaltheatret, der han vart teatersjef frå 1967 - 1978. Brinchmann var ein dyktig sjef for Nationaltheatret og spelte ei avgjerande rolle for retninga teatret gjekk i. Han var svært kvalitetsmedviten, noko han prova i 1969, då han valde å avbryta førestillinga Congo etter generalprøven. Brinchmann meinte at førestillinga ikkje heldt dei kunstnariske måla. Dette hadde aldri hendt på Nationaltheatret tidlegare. I tillegg tilsette han fleire faste teaterinstruktørar, m.a. Kirsten Sørlie, Edith Roger, Janken Varden, Per Bronken, Magne Bleness og Jan Bull, som skulle jobba i team. Dessutan tilsette han skodespelarar som den gong var ukjende, t.d. Lars Andreas Larsen og Sverre Anker Ousdal.

I samarbeid med Janken Varden sette Brinchmann opp førestillingane Et spill om pugg og Kongens morgentøflerFagerborg skole i 1969 for å nå ut til eit nytt publikum. Einskilde stykke vart Brinchmann kritisert av teaterstyret for å henta inn, fordi ein meinte dei var for politiske for teatret. Brinchmann på si side kravde full fridom innan repertoaret. Han ville ofte henta inn radikale teaterstykke, som stod i opposisjon til dei konservative teaterstykka. [1] Som teatersjef fekk han mykje stønad frå styreformannen Jens Christian Hauge. [2] Då Brinchmann gjekk av, markerte mange skodespelarar si motstand mot han ved å ikkje møta opp på den offisielle avskjedsfesten for Brinchmann, men derimot reisa på fest hjå Toralv Maurstad i Holmenkollen. Likevel vart det ein verdig avskjedsmarkering, der den då pensjonerte, men respekterte skodespelaren Per Aabel personleg heldt takketale for Brinchmann. «Jeg måtte bli pensjonist, før det kom en teatersjef som lærte meg at teater er mer enn oss store stjerner,» sa Aabel. [3]

Anna[endre | endre wikiteksten]

Toralv Maurstad overtok som teatersjef etter Brinchmann. Sjølv om dei to hadde ulike syn på mykje, respekterte dei kvarandre i yrket. Etter tida som teatersjef vart Brinchmann instruktør og regissør, men den siste store regioppgåva han kunne ta, var Natten er dagens mor av Lars Norén. [4] Før Brinchmann gjekk bort i 1986, rakk han å regissera miniserien Av måneskinn gror det ingenting som kom ut i 1987 med Anne Krigsvoll i hovudrolla. NRK-serien var basert på romanen med same namnet av Torborg Nedreaas. Serien vann Amandaprisen 1988 for beste dramatiske fjernsynsproduksjon.

Brinchmann var fyrst gift med skodespelaren Urna Arneberg, men ekteskapet vart oppløyst. Brinchmann sitt andre ekteskap, med skodespelaren Monna Tandberg, varte til Brinchmann døydde i 1986 etter ei tids sjukdom.

Regi i utval (film og TV)[endre | endre wikiteksten]

  • 1951: Vi banker på
  • 1958: Ut av mørket
  • 1958: Høysommer
  • 1969: Faderen
  • 1970: Vildanden
  • 1973: Et dukkehjem
  • 1975: Hedda Gabler
  • 1981: Medmenneske
  • 1982: Papirblomster
  • 1983: I denne verden er alt mulig
  • 1984: Fra regnormenes liv
  • 1987: Av måneskinn gror det ingenting

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]