Harold Pinter
Harold Pinter | |
![]() | |
Pseudonym | David Baron |
Fødd | 10. oktober 1930 London |
Død |
24. desember 2008 (78 år) |
Yrke | skodespelforfattar, skodespelar, filmregissør, manusforfattar, skribent, teaterregissør, lyrikar, romanforfattar, regissør |
Far | Jack Haim Pinter |
Mor | Frances Moskowitz |
Ektefelle | Vivien Merchant, Antonia Fraser |
Born | Daniel Brand |
Harold Pinter på Commons |
Harold Pinter (10. oktober 1930–24. desember 2008) var ein britisk forfattar (dramatikar), regissør og skodespelar.
Pinter skreiv kring tretti skodespel, tjue filmmanus, og var ansvarleg for oppsettinga av om lag 30 teaterstykke. Mellom dei mest kjende teaterstykka er The Birthday Party, The Dumb Waiter (Stumtjenaren), The Caretaker, The Homecoming og Betrayal.
Dramatikken til Pinter handlar ofte om ofte kommunikasjon eller fråvær av kommunikasjon i mellommenneskelege relasjonar. Tilhøvet mellom kvinner og menn er eit vanleg tema, og ofte tilhøvet mellom menn. Pinter har vorte tolka innan feministisk forsking, som for eksempel i Pinter's Female Portraits (Elizabeth Sakellaridou, 1988).
Pinter var mellom anna tildelt Shakespeare Prize (Hamburg), European Prize for Literature (Wien), Moliere D'Honneur for Lifetime Achievement og i 2005 Nobelprisen i litteratur.