Arnfinn Torfinnsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Detalj av pergamentside frå folio 101v av GKS 1005 - Flateyjarbók, med teksten: jarl í Orkneyum.

Arnfinn Torfinnsson var jarlOrknøyane, truleg frå omkring 963 til han døydde ein gong i 970-åra. Han er omtala i Orknøyingasoga[1], i soga om Håkon den gode[2] (kap.10), soga om Olav den heilage[3] (kap. 96). Opplysningane er usikre og kan berre i liten grad verifiserast frå andre kjelder.

Liv og lagnad[endre | endre wikiteksten]

I sogene er det opplyst at Arnfinn var son til orknøyjarlen Torfinn Einarsson (Hausakljuv) og at han hadde fire brør: Håvard, Lodve, Ljot og Skule. Han hadde òg to systre om vi ikkje kjenner namnet på. Kvar av systrene fekk ein son som heitte Einar; Einar Klining (kliningr) og Einar Hardkjeft (harðkjotr).

Etter at faren døydde omkring 963, vart Arnfinn jarl over Orknøyane.

I Orknøyingasoga (kap. 8 og 9) blir det fortalt om Arnfinn Torfinnsson jarl. Han vart gift med Ragnhild, dotter til Eirik Blodøks, truleg omkring 970 (etter at Eirik Blodøks var død). Ikkje lenge etter sytte Ragnhild for at Arnfinn vart drepen på Katanes, på ein stad som vart kalla Myrkkol (no: Murkle på Caithness)[4]. Tidsrekninga er særs uviss, men truleg skjedde dette drapet ein gong tidleg i 970-åra. Etter han vart broren Håvard den årsæle jarl over Orknøyane.

Den vonde Ragnhild[endre | endre wikiteksten]

Ragnhild Eiriksdotter var mykje lik på Gunnhild, mor si, og ho er omtala som ei vond og svikefull kvinne[5]. Det høyrer med i denne soga at Ragnhild seinare gifte seg med bror til Arnfinn, Håvard den årsæle, men han òg let ho drepe. Sidan gifte ho seg med den tredje broren, Ljot Torfinnsson. Etter det høyrer ein ikkje meir om Ragnhild i sogene.


Referanseside Føregjengar O r k n ø y j a r l Etterkomar Tilleggsopplysningar
Orknøyjarlane Samstyre:
Arnkjell Einarsson
Erlend Einarsson
Torfinn Einarsson
Arnfinn Torfinnsson Håvard Torfinnsson -

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Orknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929)
  2. Soga om Håkon den gode frå heimskringla.no omsett av S. Schjött (1900)
  3. Soga om Olav den heilage frå heimskringla.no omsett av S. Schjött (1900)
  4. Sutherland and Caithness in saga-time (Edinburgh 1922) side 25
  5. Skjebneveven : om sagaens kvinner av Vera Henriksen (Oslo 1998)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]