Asbjørn Sunde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Asbjørn Sunde

Fødenamn Asbjørn Edvin Sunde
Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. desember[1] eller 27. desember[2] 1909. Oppslagsverk som Norsk Biografisk Leksikon oppgjev 12. desember.[3]
Vikna
Død

23. april 1985
Oslo

Yrke journalist
Medlem av Osvald-gruppen
Asbjørn Sunde på Commons

Asbjørn Edvin Sunde (fødd desember 1909Rørvik, daud 23. april 1985 i Oslo), òg kjend under dekknamna «Osvald Pettersen» og «Knut Pettersen», var ein norsk motstandsmann og partisan under andre verdskrigen, då han leidde Osvald-gruppa som bar kallenamnet hans «Osvald».[4] [5] Osvald-gruppa var den første og mest aktive væpna, sivile motstandsgruppa i Noreg. Sunde nemner sjølv 39 konkrete sabotasjeaksjonar som gruppa utførte i si sjølvbiografiske bok Menn i mørket.[6]

Sunde var frå 1932 aktiv i Noregs Kommunistiske Parti (NKP), men i løpet av krigen kom det til brot mellom Sunde og Peder Furubotn, som var generalsekretæren til partiet og motstandsleiar. I 1954 blei han dømt av Eidsivating lagmannsrett til åtte års fengsel utan vilkår for landssvik og spionasje til fordel for Sovjetunionen. Sunde blei lauslaten på prøve etter å ha sona to tredelar av straffa i 1959, og levde eit anonymt liv i Oslo til han døydde.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Asbjørn Sunde var fødd på Rørvik i Vikna som son Anton Sunde frå Nord-Fosen (1876–1943) og Emma Sørensen frå Balsfjord (1881–1920).[3] Han voks opp i KopervikKarmøy som fjerdemann i ein søskenflokk på sju. Mora døydde av tuberkulose då han var 11 år gammal, og faren sat att med ansvaret for barna. Faren varfiskar og skomakar.[3] Han var leiar av lokallaget til Arbeidarpartiets i Kopervik i fleire år, sat i kommunestyret. Han tilhøyrde venstrefløya til arbeidarrørsla i mellomkrigstida, som syndikalist. Etter kvart gjekk familien i oppløysing, og fleire av dei yngre brørne til Asbjørn hamna på barneheim.

Asbjørn Sunde gjekk ut av folkeskulen med svært gode karakterar, men i staden for å ta vidare utdanning tok han hyre som sjømann 15 år gammal. Året etter reiste han til Horten for å gå inn i det sjømilitære korps. Sunde tok styrmannseksamen i Horten i mai 1929, men hadde vanskar med å tilpassa seg den militære disiplinen, og var ferdig i det sjømillitære korps i januar 1930. Deretter tok han hyre som matros på fleire båtar, men manglande vilje til å underordna seg og framståande kommunistsympatiar førte til at han blei «svartelista» etter eit par år i sjømannsyrket. Dermed blei det umogleg for han å få hyre og han blei arbeidslaus.

I oktober 1931 gifta Asbjørn Sunde seg med den tre år yngre Astrid Kristine Nilsen (1912–1983). Dei hadde ingen barn saman, men adopterte sonen til ei yngre syster av Astrid.

Politisk engasjement og aktivisme[endre | endre wikiteksten]

Saman med den avsette avisredaktøren Per Viktor Mostad arbeidde Sunde midt i 1930-åra for å få dei arbeidslause inn i kommunepolitikken i Horten. Dei to stod også i spissen for ei ny avis i byen: Angrep, og var tillitsmenn i Horten AIL (arbeidaridrettslag).

Under Den spanske borgarkrigen deltok Sunde, som mange andre nordmenn, som frivillig. Under denne krigen lærte han å laga og utplassera sprengladningar og bomber. Han blei nytta til spesialoppdrag bak fiendelinjene, og då andre nordmenn drog heim blei Sunde verande att i Spania. Her køyrde han også ambulanse, og hadde andre stabs- og hjelpefunksjonar i dei republikanske styrkane. Frå Spania skreiv han heim til NKU-avisa Klassekampen[7] og NKP-avisa Arbeideren. I partiavisa kom det på trykk under overskrifta «Rapport fra vår frontkorrespondent». To av brørne hans var også i Spania under borgarkrigen.[8] I Noreg blei broren hans Rolf Edgar Sunde sikta for verving av Spania-fararar.[9] Politiet ransaka også heimen til faren i Koppervik..[10]

Sommaren 1938 kom Asbjørn Sunde heim frå Spania. Han flytta til Oslo med familien, der han hadde fått jobb som anleggsarbeidar ved bygging av rådhuset. Kort tid etter at han kom til Oslo blei Sunde beden om å ta over leiinga av den norske avdelinga av Wollweber-gruppa etter Martin Hjelmen som overtok ansvaret for gruppene i Nord-Sverige.[11]

Andre verdskrigen og Osvald-gruppa[endre | endre wikiteksten]

Sunde nytta seg av ferdigheitene han hadde utvikla i Spania då han blei sabotør og spesialagent i kampen mot okkupasjonsmakta under andre verdskrigen. Frå 1941 var han ein av dei norske leiarane for den kommunistiske Wollweber-gruppa, som var blitt grunnlagt av den tyske kommunisten Ernst Wollweber i samarbeid med Sovjetunionen. Etter at Hjelmen blei arrestert blei Sunde operativ leiar for Wollweber-organisasjonen i Noreg. Dette blei den såkalla Osvald-gruppa, eit namn som blei brukt av den tyske okkupasjonsmakta på den kommunistiske motstandsgruppa i Noreg. Organisasjonen dominerte sabotasjeverksemda i Noreg frå 1941 til 1944, og med 39 konkrete sabotasjehandlingar var gruppa ansvarleg for brorparten av sabotasjen mot okkupasjonsmakta. Erik Gjems-Onstad meiner at Sunde og gruppa hans stod bak rundt 200 sabotasjeaksjonar.[12]

London-regjeringa gav økonomisk støtte til den kommunistiske Osvald-gruppa via «vestkant-organisasjonen» 2A, men folka til Sunde utførte også sju bankran for å finansiera sabotasjeoppdrag. Dette gjorde dei upopulære, både blant lokale kommunistgrupper og andre delar av motstandsrørsla.[13]

Mot slutten av krigen blei Sunde meir isolert politisk. Peder Furubotn blei vald til generalsekretær i NKP i 1941, og leia den nye partilinja med væpna motstand mot okkupantane. Medan Asbjørn Sunde ville driva mest mogleg sabotasjeverksemd for å hindra okkupasjonsmakta frå å utnytta norske ressursar, meinte Furubotn at NKP burde byggja opp ein partisanorganisasjon (gerilja), noko som førte til brot mellom Furubotn og Sunde.[14] Sunde omtalte sjølv det vanskeliee forholdet til Furubotn under krigen.[15] I 1944 la han ned Osvald-gruppen etter skriftleg ordre frå Sovjetunionen.

Etter krigen[endre | endre wikiteksten]

Sunde og familien slo seg ned i Oslo att etter at heile familien hadde vore i dekning dei siste krigsmånadene. Gunnar Sønsteby sørga for at han fekk arbeid hjå ESSO på Sjursøya. I 1947 gav Sunde ut erindringsboka Menn i mørket, som kom i tre opplag. Sunde var seinare maritim konsulent for Dreyer forlag. Krigsromanen Stormen, som blei gjeven ut av Hans Braarvig (1953) under pseudonymet Tor Venge, ber tydeleg preg av Sunde.[16]

Sunde blei dekorert av norske styresmakter (Deltagermedaljen) for krigsinnsatsen.[17][18]

Han blei også tildelt den sovjetiske militære Medaljen for siger over Tyskland, som blei tildelt alle som deltok i organisert form for krigføring under andre verdskrigen, i både hær, marine, luftvåpen og NKVD. I 1954 blei denne beslaglagt av politiet som bevis i straffesaken mot han.[19]

Ganske raskt etter krigen blei Sunde og andre medlemmer av Osvaldgruppa utsett for hard kritikk både frå kommunistpartiet og frå borgarleg hald. Overlege Johan Scharffenberg anklaga dei for likvideringar, medan bankdirektørar og svenske ASEA Per Kure kravde erstatning for sprengingsaksjonar gjennomført av gruppa.[20] Medlemmer av Osvald-gruppa har seinare uttalt at dei følte seg forfølgde etter krigen.[21]

Spionasjedom[endre | endre wikiteksten]

I 1954 blei Sunde dømt til åtte års fengsel for landssvik og spionasje til fordel for Sovjetunionen. I retten blei det hevda at politisk overtyding leia han til å spionera for Sovjetunionen.[a]

Den medtiltalte bøssemakaren Erling Norby blei dømt til tre års fengsel.[22]

I januar 1958 sende Sunde ein søknad om benådning til Kongen, grunna sjukdom og sterke smerter. Søknaden var støtta av fengselslegen, fengselsdirektøren og dessutan fengselsstyret. Justisminister Jens Haugland, etter tilråding frå POT og Riksadvokaten, hindra at brevet nådde fram til Kongen. Etter å ha sona 2⁄3 av straffa blei Sunde lauslaten i juni 1959, femti år gammal.[4]

Etter fengselsopphaldet levde Sunde som uføretrygda eit anonymt liv fram til han døydde i 1985, og sleit med dårleg fysisk og psykisk helse. Han var medlem av eit lokallag i NKP i nabolaget der han budde i Oslo aust, men som resultat av fraksjonskampar i partiet blei han ekskludert frå NKP på slutten av 1960-talet.

Jens Christian Hauge og Gunnar Sønsteby arbeidde etter krigen for at Sunde skulle få krigspensjon, utan hell. Eit forslag om at han skulle få krigspensjon blei avvist av regjeringa. Regelverket utelukka personar med «grovt uverdige forhold», noko ein landssvikdom under den kalde krigen blei rekna som.

Omtale av dommen[endre | endre wikiteksten]

Historikeren Lars Borgersrud, som tok doktorgrad om Sunde og Wollweberorganisasjonen (den seinare Osvaldgruppen), hevder dommen kom av ei «hysterisk stemning i Norge på denne tida. Personen Asbjørn Sunde passet inn som personifiseringen av det kommunistiske fiendebildet makthaverne ville skape. Han ville ikke blitt dømt hvis han hadde stilt for retten i dag, sa Borgersrud, som hevdet innholdet i saken mot Sunde i realiteten var fiktivt».[23] Vidare uttalte Borgersrud om sjølve dommen at retten «mente å ha funnet det bevist at Sunde hadde overlevert hemmelige militære opplysninger til russerne. Det ble ikke bevist, men retten la likevel til grunn at det hadde skjedd».[23]

Borgersrud blei imøtegått av Sunde-biografen og journalisten Egil Ulateig. Ulateig hevda i 2010 at dommen mot Sunde «i virkeligheten var [...] godt underbygd med solid spaningsarbeid».[24]

Ørnulf Tofte deltok som ung politimann i etterforskningav Sunde. Blant bevisa frå etterforskinga var eit pengebevis der ei større mengd pengar ifølgje domen blei funne innsydd i Sunde sin sofa.[25] Men pengane var trykt i Norges Bank etter at Asbjørn Sunde var blitt arrestert av overvakingspolitiet.[26]

I Mitrokhin-arkivet frå ein KGB-avhoppar kjem det fram at Sunde skaffa KGB norske pass, og dessutan «blanke og utfylte norske kirkebøker».[27]

Sunde blei dømt for å ha overlevert Heimevernet sine beredskapslister til russarane. Aase Eugenie Andresen arbeidde hos Generalinspektøren for Heimevernet. Ho overleverte 15 pakkar med papir til Sunde.[28] Sunde erkjente å ha motteke og lese dokumenta, men hevda at dei sidan blei kastet. Mitrokhin-arkivet stadfester at papira blei overlevert.[27]

Dokumenta frå etterforskinga er ikkje frigjevne av PST, og journalistar som har bede om innsyn har fått avslag. Lars Borgersrud har tidlegare fått innsyn i delar av materialet frå etterforskinga.[29]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Det var politisk overbevisning som hadde ledet han til å spionere for Sovjet, kom det fram i retten.» Det blir ikkje presisert om det var Sunde som innrømma dette, eller om det var andre som sa i retten at Sunde spionerte av politisk overtyding.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gravstøtte
  2. Kirkebok
  3. 3,0 3,1 3,2 Borgersrud, Lars (31. august 2011). «Asbjørn Sunde». Norsk biografisk leksikon. 
  4. 4,0 4,1 Sven-Erik Grieg-Smith, bokomtale: «De revolusjonæres krig» Arkivert 2014-11-29 ved Wayback Machine. - melding av Menn i mørket.
  5. Olga Stokker og Andreas Bakke Foss (24. september 2010). «Venter på å bli kontaktet av granskerne». Aftenposten. Henta 25. september 2010. 
  6. Side 245 - 248. Asbjørn Sunde: Menn i mørket. Dreyer Forlag. Oslo (1947)
  7. Klassekampen 24. november 1937.
  8. Side 17. Asbjørn Sunde: Menn i mørket. Dreyer Forlag. Oslo (1947)
  9. Side 213. Tore Pryser: Klassen og nasjonen. Tiden Norsk Forlag. Oslo (1988) ISBN 82-10-02754-9
  10. Side 56-57. Lars Borgersrud: Nødvendig innsats, Universitetsforlaget, Oslo (1997) ISBN 82-00-22529-1
  11. Side 50. Morten Conradi & Alf Skjeseth: OSVALD Storsabotøren Asbjørn Sunde, Spartacus Forlag, Oslo (2015) ISBN 978-82-430-10803-8
  12. Gjems-Onstad, Erik (2010). «Krigskorset og Osvald-gruppen» (PDF). Norges Forsvar (10): 31. [daud lenkje] (død lenke)
  13. Side 226. Terje Halvorsen i etterordet til Asbjørn Sunde: Menn i mørket. Falken Forlag. Oslo (1987)ISBN 82-7009-232-0
  14. Død over de tyske okkupanter: de norske kommunistenes motstandskamp 1940-1945. Informasjonsforl. 1998. s. 75-76. ISBN 8299485908. 
  15. Sunde, Asbjørn: Menn i mørket, 1947, Spartacus Forlag 2009.
  16. Side 206. Lars Borgersrud: Nødvendig innsats, Universitetsforlaget, Oslo (1997) ISBN 82-00-22529-1
  17. Glemte sabotører Arkivert 2014-12-19 ved Wayback Machine., LO-Aktuelt nr. 11, 2009
  18. Odd Bergfald: KGB «Operasjon Norge». Hjemmenes forlag, Oslo, 1975, side 96 og 103. ISBN 82-7006-151-4
  19. Odd Bergfald: KGB «Operasjon Norge». Hjemmenes forlag, Oslo, 1975, side 96. ISBN 82-7006-151-4
  20. Lars Borgersrud, forord til Menn i mørket, 2009, side 6.
  21. Får likevel ikke krigskorset - Klassekampen, 23. mars 2010.
  22. Odd Bergfald: KGB «Operasjon Norge». Hjemmenes forlag, Oslo, 1975, side 101. ISBN 82-7006-151-4
  23. 23,0 23,1 Sabotørene som ble glemt[daud lenkje] (død lenke) - intervju med Lars Borgersrud i forbindelse med nytrykket av Sundes selvbiografi. Klassekampen 1. april 2009.
  24. Ikke alle var helter – kronikk i Aftenposten 6. april 2010. I kronikken skriv Ulateig konsekvent tittelen på Sundes bok feil – Menn i mørke i stedet for Menn i mørket.
  25. Aftenposten, september 2010.
  26. Hans-Wilhelm Steinfeld (9. september 2010). «KGB erkjente Treholt». NRK.no. 
  27. 27,0 27,1 Mitrokhin-arkivet: Ga norske kirkebøker og pass til KGB, Dagbladet, 8. august 2014.
  28. Egil Ulateig (1989). Raud krigar, raud spion. Oslo. s. 234. ISBN 82-521-3200-6. 
  29. Klassekampen 22. september 2014, s.4.