Asta Nielsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Asta Nielsen

Fødd11. september 1881
FødestadGammel Kongevej
Død25. mai 1972 (90 år)
DødsstadFrederiksberg
FødenamnAsta Sofie Amalie Nielsen
Aktive år1902–1972, 1972
Verka somskodespelar, sjølvbiograf, teaterskodespelar, filmskodespelar, filmregissør
EktefellePeter Urban Gad, Gregori Chmara
PrisarDen tyske filmprisen

Asta Sophie Amalie Nielsen (òg kalla Die Asta; 11. september 188124. mai 1972) var ein dansk skodespelar, ei av dei største stjernene innan stumfilmen og det fyrste sexsymbolet i denne sjangeren.

Oppvekst og teaterkarriere[endre | endre wikiteksten]

Asta Nielsen blei fødd i Gammel Kongevej 9 i København som dotter av arbeidaren Jens Christian Nielsen (1847-1895) og vaskekona Ida Frederikke Petersen (1843-1912).[1] Kort tid etter flytta familien til Malmø.[2] Jens Christian døydde utsliten, like før Asta fylte 14 år. Systera hennar Johanne kjøpte eit abonnement til Dagmarteatret, og sende ein kveld veslesystera Asta gå på ei forestilling, noko som blei eit vendepunkt i livet hennar. Då ho seinare møtte skodespelaren Peter Jerndorff, som underviste på Det Kongelige Teater, fekk ho lov til å avlegga prøve for han. Jerndorff såg talentet hennar og las med henne til skodespelprøvar på Det Kgl. Teater, sjølv om mor til Asta meinte ho helelr burde bidra økonomisk til heimen. I staden tilbaud Johanne mora si eiga løn, så veslesyster kunne få høve til å bli skodespelar. Jerndorff betalte på si side for utdaninga til Asta på Det kongelige Teaters elevskole, og for timar hjå ein tidlegare solodanser. På denne tida blei Asta gravid, og fødde som 20-åring dottera Jesta i løyndom. Kanskje var Jerndorff far til barnet, og namnet Jesta danna som ei sammentrekking av dei til foreldra. Asta Nielsen gav barnet sitt til ein barneheim etter fødselen; men då mor hennar fekk vita om saka, blei Jesta henta heim og voks opp hjå mormora og mostera Johanne, som var lesbisk og aldri sjølv fekk born.[3]

Asta Nielsen debuterte på Dagmarteatret i 1902, og blei verande der til 1905. Ho var ved Det Nye Teateret 1908-10. I same periode turnerte ho òg i både Noreg og Sverige, men slo aldri heilt gjennom på scenen. Derimot forstod ho i møte med filmmediet intuitivt at film krev ein meir avdempa spelestil enn teater, fordi filmkameraet forminskar avstanden mellom publikum og skodespelar.[4]

Film[endre | endre wikiteksten]

Asta Nielsen fotografert av Alexander Bind på 1920-talet.
Asta Nielsen i leilegheita si i Berlin i 1925.

I 1910 filmdebuterte ho i stumfilmen Afgrunden av Peter Urban Gad. Afgrunden var eit europeisk gjennombrot både for Asta Nielsen personleg og for dansk stumfilm i det heile. Filmen var eit erotisk kjærleiksdrama om spelelærarinna Magda Vang (Asta Nielsen), der er forlova med prestesonen Knud Svane (Robert Dinesen). Ho blir likevel fascinert av sirkusartisten Rudolph Stern (Poul Reumert), som ho kuter vekk med. Men han utnyttar henne og har andre kvinner; og då han prøver å selja henne tilbake til Knud, drep ho han på trass av at ho elskar han. I siste scene blir ført ho vekk av politiet.

Etter Avgrunnen spelte Asta Nielsen inn to filmar til i Danmark; Den sorte Drøm (Fotorama; instruktør Urban Gad, 1911) og Balletdanserinden (Nordisk Film, instruktør August Blom, 1911) – begge med den mannlege stjerneskodespelaren Valdemar Psilander.

Etter desse to filmane flytta ho til Tyskland, der ho med stor suksess arbeidde med mannen sin Urban Gad som instruktør til 1916. I Tyskland skreiv ho kontrakt med den tyske filmprodusenten Paul Davidson for 80 000 dollar om året, eit astronomisk beløp som var det beste ei filmstjerne var blitt betalt til då. Filmen Die Suffragette frå 1913 blei sett opp igjen ved engelske kinoar i samband med hundreårsjubileet til at britiske kvinner oppnådde røysterett i 2018. Her speler ho Nelly Panburne, ein skikkelse basert på kvinnene i Pankhurst-familien. Ein kan særleg merka seg ei scene med tvangsforing, som ein nytta mot sveltestreikande suffragetter i fengsla; dette hadde den britiske sensuren opphavleg ikkje tillate framvist.[5] Handlinga i filmen går ut på at mor til Nelly er suffragette og overtaler dottera si til å plassera ei tidsindstilt bombe under stolen til motstandaren sin, lord William Ascue, men Nelly er forelska i Ascue og vil redda han.[6]

Ho blei verande i Tyskland til utbrotet av fyrste verdskrigen. Då vende ho tilbake til Danmark, der ho spelte inn sin fjerde danske film: Mod Lyset (1919). Etter krigen drog ho tilbake til Tyskland, der ho fram til 1937 spelte inn fleire filmar. Deretter måtte ho flytta tilbake til Danmark grunna press frå nazistane. I tillegg passa ikkje overgangen til film med tale skodespelet hennar. Den einaste talefilmen ho spelte inn, Unmögliche Liebe (1932), blei ikkje nokon suksess. Tilbake i Danmark lykkast det henne ikkje å finna arbeid, og det blei slutt med filmen. I staden skreiv ho sjølvbiografien sin (Den tiande Muse, 1946), nokre noveller og las opp på radio. I 1968 skreiv, produserte og instruerte ho ein sjølvportrettfilm (Asta Nielsen), ettersom ho var misfornøyd med filmen Henrik Stangerup hadde laga om livet hennar i 1967.

Dei fleste av rollene hennar var tragiske kvinneskjebnar der kvinnene ikkje passa inn i eller ikkje lét seg styre av hemmande sosiale normer, som i den første rolla hennar i Avgrunnen, der ho spelte ei kvinne som valde den lidenskaplege kjærleiken til ein sirkusartist framfor eit trygt liv med ein presteson. Men Asta Nielsen spelte òg komiske roller, og i Hamlet frå 1921 spelte ho hovudrolla, etter å ha gjort Hamlet om til ei prinsesse som blir tvinga av mor si til å opptre som mann. Av dette følger Hamlet si hemmelege forelsking i Horatio og sjalusi på Ofelia. Dronning Gertrude blir framstilt som medskyldig i mordet på den fyrste mannen sin; spøkelset til den gamle kongen ser ein ikkje noko til i filmen.[7]

På toppen av karrieren sin var Asta Nielsen eit kjent namn både i Danmark og Tyskland, i tillegg til i resten av Europa og USA. Ho er blitt kalla den furste internasjonale filmstjerna. Ved ei rundspørjing i Russland i 1911 blei ho utnemnd til verdas beste kvinnelege filmskodespelar. Under fyrste verdskrigen var ho like godt likt på begge sider av konflikten. I 1925 spelte ho saman med Greta Garbo i Die Freudlose Gasse seinare sa Garbo om Asta Nielsen: "Når det kommer til...udtryk og bredde, så er jeg intet sammenlignet med hende". I perioden 1925-1933 blei det markante huset hennar på ferieøya Hiddensee sentrum for ei større gruppe kunstnarar. Asta Nielsen er omtalt i boga Det 20. århundrede - De 100 mest betydningsfulde personer i Danmark.

Sjølvportrett i patchwork utført av AN i 1960-åra

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

I sjølvbiografien sin Den tiende muse omtaler Nielsen verken dottera eller ekteskapa sine, sjølv om ho var gift tre gonger.[8] Det fyrste ekteskapet hennar var med Urban Gad (1879-1947). Ekteskapet varte frå 1912 til 1918, då det blei oppløyst.[9] I 1919 blei ho gift med den svenske reserveløytnanten Ferdinand Wingårdh.[10] Dei var gifte til 1923, då ekteskapet blei oppløyst.[11] Frå 1923 og 13 år etter budde ho i lag med den russiske skodespelaren Gregorij Chmara, uten at dei gifta seg. Og endeleg i 1970 blei ho gift med kunsthandlaren Anders Christian Theede (1899-1988). I 1901 fekk ho dottera Jesta, men fortalt aldri kven faren var. Jesta gav ho frå seg til ein barneheim, men henta henne heim ein månad seinare på oppfordring frå mo si, som sa: "I vores familie giver vi ikke børn væk." Jesta blei oppdragen av mormor si, og fekk fyrst kontakt med mora som tenåring, då karrieren til Nielsen var på sitt høgaste, og dottera var i vegen.[12] Jesta utførte sjølvmord i 1964, etter at mannen hennar Paul Vermehren var døydd.

Asta Nielsen døydde i 1972 på Frederiksberg Hospital, der ho var innlagt med eit brekt bein. Ho er gravlagd i fellesgrava på Vestre Kirkegård i København, der òg dottera hennar og svigersonen ligg gravlagde.[13]

I 1994 blei Mosestien ved sida av Nordisk Film i Valby omdøypt til Asta Nielsen Strædet.[14][15] Eva Tind har laga ein dokumentarfilm om stumfilmstjerna. Det blei laga ei dødsmaske av Asta Nielsen, som tilhøyrer Torben Skjødt Jensen.[16]

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

  • Afgrunden (som Magda Vang; instruktør Urban Gad, 1910) (Danmark)
  • Der fremde Vogel (som May; instruktør Urban Gad, 1911) (Tyskland)
  • Balletdanserinden (som Camille Flavier, balletdanserinde; instruktør August Blom, 1911) (Danmark)
  • In dem grossen Augenblick (som Annie, hushjælp; instruktør Urban Gad, 1911) (Tyskland)
  • Den sorte Drøm (som Stella, cirkusdanserinde; instruktør Urban Gad, 1911) (Danmark)
  • Heisses Blut (som Jonna; instruktør Urban Gad, 1911) (Tyskland)
  • Zigeunerblut (som Zigøjnersken Luscha; instruktør Urban Gad, 1911) (Tyskland)
  • Nachtfalter (som Olga / frk. Yvonne; instruktør Urban Gad, 1911) (Tyskland)
  • Die Verräterin (som Yvonne, de Bougivals datter; instruktør Urban Gad, 1911) (Tyskland)
  • Die arme Jenny (som Jenny; instruktør Urban Gad, 1912) (Tyskland)
  • Der Totentanz (som Bella; instruktør Urban Gad, 1912) (Tyskland)
  • Das Mädchen ohne Vaterland (som Zidra; instruktør Urban Gad, 1912) (Tyskland)
  • Wenn die Maske fällt (som Sanna; instruktør Urban Gad, 1912) (Tyskland)
  • Die Kinder des Generals (som Thekla, generalens datter; instruktør Urban Gad, 1912) (Tyskland)
  • Zu Tode gehetzt (som Paula Müller; instruktør Urban Gad, 1912) (Tyskland)
  • Die Macht des Goldes (som Creszenz, Mutter Fitzingers datter; instruktør Urban Gad, 1912) (Tyskland)
  • Die Suffragette (som Nelly; instruktør Urban Gad, 1913) (Tyskland)
  • Die Film-Primadonna (som Ruth Breton; instruktør Urban Gad, 1913) (Tyskland)
  • Die Sünden der Väter (som Hanna, Meyers datter; instruktør Urban Gad, 1913) (Tyskland)
  • Jugend und Tollheit (som Jesta Müller; instruktør Urban Gad, 1913) (Tyskland)
  • Der Tod in Sevilla (som Juanita; instruktør Urban Gad, 1913) (Tyskland)
  • Komödianten (som Kamma; instruktør Urban Gad, 1913) (Tyskland)
  • S. 1. (som Gertrud, generalens datter; instruktør Urban Gad, 1913) (Tyskland)
  • Engelein (som Jesta; instruktør Urban Gad, 1914) (Tyskland)
  • Die weissen Rosen (som Hedda Frank; instruktør Urban Gad, 1914) (Tyskland)
  • Das Feuer (som Wanda Petry, skolerytterske; instruktør Urban Gad, 1914) (Tyskland)
  • Das Kind ruft (som Elena; instruktør Urban Gad, 1914) (Tyskland)
  • Vordertreppe und Hintertreppe (som Sabine; instruktør Urban Gad, 1914) (Tyskland)
  • Zapatas Bande (instruktør Urban Gad, 1914) (Tyskland)
  • Die Tochter der Landstrasse (som Zirzi; instruktør Urban Gad, 1915) (Tyskland)
  • Die falsche Asta Nielsen (som Asta Nielsen (sig selv) & Bolette; instruktør Urban Gad, 1915) (Tyskland)
  • Das Versuchskaninchen (som Jesta; instruktør Edmund Edel, 1916) (Tyskland)
  • Das Liebes ABC (som Lis; instruktør Magnus Stifter, 1916) (Tyskland)
  • Engeleins Hochzeit (som Jesta; instruktør Urban Gad, 1916) (Tyskland)
  • Die ewige Nacht (som Marta, en blind pige; instruktør Urban Gad, 1916) (Tyskland)
  • Dora Brandes (som Dora Brandes; instruktør Magnus Stifter, 1916) (Tyskland)
  • Die Börsenkönigin (som Helene Netzler, kobbermineeje; instruktør Edmund Edel, 1916) (Tyskland)
  • Aschenbrödel (som Lotte; instruktør Urban Gad, 1917) (Tyskland)
  • Das Waisenhauskind (som Esther; instruktør Walter Schmidthässler, 1917) (Tyskland)
  • Das Eskimo-Baby (som Ivigtut; instruktør Walter Schmidthässler, 1918) (Tyskland)
  • Im Lebenswirbel (som Margit; instruktør Heinz Schall, 1918) (Tyskland)
  • Die Rose der Wildnis (som Wanda; instruktør Walter Schmidthässler, 1918) (Tyskland)
  • Mod Lyset (som Komtesse Ysabel, grevindens datter; instruktør Holger-Madsen, 1919) (Danmark)
  • Das Ende vom Liede (som Dora, fru von Warens datter; instruktør Willy Grunwald, 1919) (Tyskland)
  • Nach dem Gesetz (som Sonja Waler, journalist, Erichs søster; instruktør Willy Grunwald, 1919) (Tyskland)
  • Rausch (som Henriette; instruktør Ernst Lubitsch, 1919) (Tyskland)
  • Der Reigen (som Elena; instruktør Richard Oswald, 1920) (Tyskland)
  • Steuermann Holk (som Isabella Bouflon; instruktør Ludwig Wolff, 1920) (Tyskland)
  • Kurfürstendamm (som pigen Lissy og kokkepigen Marie; instruktør Richard Oswald, 1920) (Tyskland)
  • Graf Sylvains Rache (som Madeleine; instruktør Willy Grunwald, 1920) (Tyskland)
  • Hamlet (som Prins Hamlet; Svend Gade, instruktør Heinz Schall, 1921) (Tyskland) også som producent
  • Die geliebte Roswolskys (som Mary Verhag; instruktør Felix Basch, 1921) (Tyskland)
  • Irrende Seelen (som Nastasja Barashkova; instruktør Carl Froelich, 1921) (Tyskland)
  • Der Absturz (som Kaja Falk; instruktør Ludwig Wolff, 1922) (Tyskland)
  • Fräulein Julie (som Julie; instruktør Felix Basch, 1922) (Tyskland)
  • Brigantenrache (som Anica, en dalmatisk bondepige; instruktør Reinhard Bruck, 1922) (Tyskland)
  • Vanina (som Vanina, guvernørens datter; instruktør Arthur von Gerlach, 1922) (Tyskland)
  • Erdgeist (som Lulu; instruktør Leopold Jessner, 1923) (Tyskland)
  • Die Tänzerin Navarro (som Carmencita Navarro; instruktør Ludwig Wolff, 1923) (Tyskland)
  • I.N.R.I. - Ein film der Menschlichkeit (som Maria Magdalene; instruktør Robert Wiene, 1923) (Tyskland)
  • Das Haus am Meer (som Teresa, Enricos hustru; instruktør Fritz Kauffmann, 1924) (Tyskland)
  • Die Schmetterlingsschlacht (som Rosi; instruktør Franz Eckstein, 1924) (Tyskland)
  • Die Frau im Feuer (som Josefine; instruktør Carl Boese, 1924) (Tyskland)
  • Lebende Buddhas (som Tibetanerinde; instruktør Paul Wegener, 1924) (Tyskland)
  • Die freudlose gasse (som Maria Lechner; instruktør G.W. Pabst, 1925) (Tyskland)
  • Athleten (som Prinsesse Wanda; instruktør Friedrich Zelnik, 1925) (Tyskland)
  • Hedda Gabler (som Hedda, Tesmans hustru; instruktør Franz Eckstein, 1925) (Tyskland)
  • Laster der Menschheit (som Tamara, das Experiment; instruktør Rudolf Meinert, 1926) (Tyskland)
  • Die Gesunkenen (som Anna, Grossers kone; instruktør Rudolf Walter-Fein, 1926) (Tyskland)
  • Dirnentragödie (som Auguste, den ældre luder; instruktør Bruno Rahn, 1927) (Tyskland)
  • Gehetzte Frauen (som Clarina, sangerinde; instruktør Richard Oswald, 1927) (Tyskland)
  • Kleinstadtsünder (som Selma Karchow; instruktør Bruno Rahn, 1927) (Tyskland)
  • Das gefährliche Alter (som Elsie, Lindners hustru; instruktør Eugen Illes, 1927) (Tyskland)
  • Unmögliche Liebe (som Vera Holgk; instruktør Erich Waschneck, 1932) (Tyskland)
  • Asta Nielsen (som Asta Nielsen; Asta Nielsen, 1968) (Danmark) også som instruktør og manuskriptforfatter
  • Die Asta - portræt af Asta Nielsen (som Asta Nielsen; instruktør Jørgen Roos, Ib Rehné, 1995) (Danmark)


Film om Asta Nielsen[endre | endre wikiteksten]

Minnesmerke[endre | endre wikiteksten]

Asta Nielsens tavle på huset i Berliner Fasanenstraße.
  • Asta Nielsen Strædet, 2500 Valby (1994)
  • Asta Nielsens Vej, 3370 Melby
  • Eva Tind: Asta Nielsen - et gavldigt, Valby Langgade 44b, 2500 Valby (2016)

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Malmkjær 2000, s. 26 og Tind 2016, s. 11.
  2. Malmkjær 2000, s. 27.
  3. Lise Ulrich: Danmarks største filmstjerne var kvinde
  4. Marguerite Engberg: Asta Nielsen i Dansk Biografisk Leksikon, 3. udg., Gyldendal 1979-84. Hentet 7. juni 2018 fra http://denstoredanske.dk/index.php?sideId=294912
  5. Tapper og Thorpe: "Silent star's 1913 film celebrating suffragettes goes on show in London", Guardian 12. maj 2018
  6. http://ithankyouarthur.blogspot.com/2012/08/asta-nielsen-shoulder-to-shoulder.html
  7. https://www.imdb.com/title/tt0012249/
  8. «Asta Nielsen». Gravsted.dk. Henta 22. juni 2018. 
  9. Malmkjær 2000 & Monty 1998.
  10. Malmkjær 2000 & Monty 1998.
  11. Malmkjær 2000 & Monty 1998.
  12. https://www.b.dk/kultur/den-foerste-diva
  13. Gravsted Asta Nielsen
    • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av ein artikkel frå Tysk Wikipedia.
  14. Bent Jørgensen: Storbyens stednavne, Gyldendals Små Røde Ordboger (1999)
  15. http://clausib.blogspot.com/2012/12/asta-nielsen-strdet-valby-tidligere.html#!/2012/12/asta-nielsen-strdet-valby-tidligere.html
  16. http://www.ekkofilm.dk/anmeldelser/en-rod-lober-asta-nielsen/

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Langsted, Adolf (1918). Asta Nielsen. 
  • Fønss, Olaf (1930). Danske Skuespillerinder. 
  • Hagedorff, Allan O. (1981). Asta Nielsen. 
  • Hagedorff, Allan O. (1997). Liebe mit achtzig - briefe. 
  • Monty, Ib (1998). Asta Nielsen - breve 1911-71. 
  • Engberg, Marguerite (1999). Filmstjernen Asta Nielsen. 
  • Malmkjær, Poul (2000). Asta - mennesket, myten og filmstjernen. 
  • Tind, Eva (2016). Astas skygge. 
  • Thrane, Lotte (2019). Maske og menneske Asta Nielsen og hendes tid. Gads Forlag. s. 350. ISBN 9788712055303. 

Primærkjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Nielsen, Asta (1945). Den tiende muse. 

Nettsider[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Asta Nielsen