Ause

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vassause med blad av kopar og hank av jarn. Slike auser var vanlege i Noreg på 1800-talet og tidleg på 1900-talet. Etter kvart vert dei avløyst av emaljerte auser i same form og seinare av auser rustfritt stål. Disse ausene kunne hengja på sida av vassbøtta eller vasstampen, og dei vart brukt både til å drikka av og til å ausa vatn over i andre behaldarar. Koparausene var gjerne fortinna innvendig for å hindra forgifting frå irr på koparen. Lengd 33 cm. Norsk Folkemuseum, NF.1951-0397.
Foto: Anne-Lise Reinfelt
Ause
Moderne ause av melamin.
Rosemala ølause av bjørk frå Fyresdal i Telemark. Ausa er datert 1766 og har innskrifta: Ao 1766 Drik Min Ven Med Glede Bliv du Druken Saa Maa du vel Qvæde / SV. Slike auser vart brukt til å drikka av og større auser kunne òg brukast for å henta øl frå tynna i kjellaren. Lengd 33 cm. Norsk Folkemuseum NF. 1896-0790 .
Foto: Anne-Lise Reinfelt

Ausa er ein kjøkkenreiskap som består av ein behaldar som kan vera halvkuleforma, sylindrisk eller likna ei djup skål og som er festa til eit skaft. Sjølve behaldaren kan ofte ha ein tut. Enden på skaftet kan ha form som ein krok for at ausa skal kunna hengjast på kanten av ei stor gryte, kasserolle, mjølkespann, vassbøtte eller knagg og å forhindra at ho druknar i væska.

Ein kan laga auser av tre, metall, glas eller plast.

Nytte[endre | endre wikiteksten]

Ausa vert framfor alt brukt til å handtera all slags matretter og råvarer som har ein flytande eller for det meste flytande konsistens, som t.d. vatn, olje, øl, supper, sodd eller mjøl. Dei er brukt både til å flytta væske frå eit kar til eit anna, til å drikka av og til å mæla med. Dei ulike typane har gjerne eigne nemningar som vassause, fløyteause, sauseause eller sauseskei, ølause, mjølause eller måleause. Små drikkeauser av tre vert gjerne kalla koks.

Auser finst i mange storleikar og for ei rekkje spesialiserte føremål, frå små sauseauser til store vassauser og mjølkeauser, òg kalla spannauser eller måleauser, som rommar ein liter eller meir.

På 1600-, 1700- og 1800-talet var auser av tre ofte brukte som drikkekar til vatn, mjølk og øl i Noreg, og ølauser hadde gjerne skoren eller måla dekor. Frå Telemark kjenner ein òg tvilling- og trillingauser som er brukt til å drikke øl av. Slike auser er skorne i tre med to eller tre samankopbla kar. Mellom kara er det hol slk at ølet kan flyta fritt mellom romma. Ei trillingause frå Treungen i Nissedal i Telemark som er datert 1799 har denne innskrifta: «Drik mig ud om Du kaan seen saa Til den Tredie maan: Jørgen H S H.»[1]

Mjølkeauser vart brukte både til å ausa opp og til å drikka mjølk eller myse av. Melkeøser har gjerne eit djupt blad og kort skaft. I eldre tider var mjølkeauser gjerne laga i tre, men i seinare tid vart det meir vanleg med mjølkeauser i metall, først i kopar med hank av jarn, seinare i emaljert jarnblikk og så i rustfritt stål. Mjølkeause er òg brukt som nemning på dei måleausene i ulike storleikar som vart brukte til å ausa mjølk og fløyte opp i spanna kundane hadde med seg før det vart innført sal av mjølk i flaskar.

Auser finst òg i endå større dimensjonar i smelteverk og vert brukt til intern transport av smelta metall.

Ausekar er ei ause med ei form som er spesielt tilpassa arbeidet med å tømma ein båt for regn- eller sjøvatn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Gjerder (1975) s. 310.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]