Avigdor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°42′33.83″N 34°44′38.39″E
Avigdor
אֲבִיגְדוֹר, Avigedor
landsby
Avigdor.jpg
Avigdor
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Be'er Tuvia
Koordinatar 31°42′33.83″N 34°44′38.39″E
Folketal 743 (2012) [1]
Grunnlagd 1950
 - Grunnlagd av Jødiske veteranar frå den britiske hæren
Tilhøyrsle Moshavimrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Avigdor

Avigdor (hebraisk skrift אֲבִיגְדוֹר) er ein liten moshav sør i Israel. Han ligg sør for Kiryat Malakhi og 11 km nord for Kiryat Gat. Han dekkjer 3,75 km² og høyrer til Be'er Tuvia regionale kommune. I 2006 hadde han 743 innbyggjarar.[1]

Han vart grunnlagd i 1950 av veteranar frå den britiske hæren og heitte først Yael, initialane til den hebraiske transporteininga, som veteranane høyrte til under krigen. Seinare vart namnet endra, og kalla opp etter sir Osmond Elim d'Avigdor-Goldsmid, ein engelskman og president i Palestina Jewish Colonization Association som i 1934–1939 donerte pengar til moshaven.[2] Han vart grunnlagd på landområdet som høyrte til den avfolka palestinske landsbyen Qastina.[3]

Folkesetnaden driv dels med jordbruk, innan meieridrift og fjørkre, og dels innan frie yrke.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 12. april 2015. 
  2. Mapa's concise gazetteer of Israel. Yuval Elʻazari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 14. ISBN 965-7184-34-7.  (he)
  3. Khalidi, 1992, s. 131

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]