Kiryat Malakhi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°44′N 34°44′E
Kiryat Mal'akhi
קִרְיַת מַלְאָכִי, Qiryat Mal'akhi, Kiryat Malachi
by
Kiryat Mal'achi.jpg
Våpenskjold
Namneopphav: Englebyen
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Koordinatar 31°44′N 34°44′E
Areal 4,632 km²
Folketal 20 600 (2009) [1]
Folketettleik 4 447 / km²
Grunnlagd 1951
 - Bystatus 1998
Borgarmeister Eliyahu Zohar
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Kiryat Malakhi

Kiryat Malakhi (hebraisk skrift קִרְיַת מַלְאָכִי, òg Qiryat Malakhi eller Kiryat Malachi) er ein by i Det sørlege distriktet i Israel, 17 km frå Ashkelon. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) hadde han i 2009 20 600 innbyggjarar.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Krigsminnesmerke i Kiryat Malakhi.

Kiryat Malakhi vart grunnlagd i 1951 som ein ma'abara, eller teltby, for husa dei store massane av jødiske immigrantar som kom dei første åra etter Israel vart oppretta. Mange av dei kom frå arabiske land. Namnet vart valt for å ære det jødiske samfunnet i Los Angeles, som bidrog til finansieringa av leiren.[2] Han vart grunnlagd på landområde som høyrte til den avfolka palestinske landsbyen Qastina.[3]

Kiryat Malakhi vart seinare ein av fleire utviklingsbyar i Negev.

Moshe Katsav, som seinare vart den åttande presidenten i Israel, vart valt til borgarmeister i 1969, berre 24 år gammal. Den yngre broren Lior Katsav, var òg borgarmeister i Kiryat Malakhi.

Den 15. november 2012 tok rakettåtak frå militante i Gaza livet av tre jødiske innbyggjarar.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kiryat Malakhi er venskapsby med:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. september 2014. Henta 1. oktober 2014. 
  2. Derfner, Larry (19. oktober 2006). «The Boy Next Door». The Jerusalem Post. Henta 6. september 2015. 
  3. Khalidi, 1992, s. 131
  4. «Piatra Neamţ - Twin Towns». © 2007-2008 Piatra-Neamt.net. Henta 5. september 2015.  External link in |publisher= (hjelp)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]