Kfar Ahim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°44′40.55″N 34°45′27″E
Kfar Ahim
moshav
Kfar Ahim.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Be'er Tuvia regionale kommune
Koordinatar 31°44′40.55″N 34°45′27″E
Grunnlagd 1949
 - Grunnlagd av polske og rumenske flyktningar
Tilhøyrsle Moshavimrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg

Kfar Ahim (hebraisk skrift כְּפַר אַחִים, tyder Brødrelandsbyen) er ein moshav sør i det sentrale Israel. Han ligg nær Kiryat Malakhi og høyrer til Be'er Tuvia regionale kommune. I 2006 hadde han 453 innbyggjarar.

Moshaven vart grunnlagd i 1949 av flyktningar frå Polen og Romania og vart kalla opp etter to brør, Zvi og Efraim Guber, søner av Mordecai og Rivka Guber, frå den nærliggande moshaven Kfar Warburg, som vart drepne under den arabisk-israelske krigen i 1948.[1]

Han vart grunnlagd på landområdet som høyrte til den avfolka palestinske landsbyen Qastina.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mapa's concise gazetteer of Israel. Yuval El'azari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 282. ISBN 965-7184-34-7.  (he)
  2. Khalidi, 1992, s. 131