Timorim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°42′55.07″N 34°45′36.36″E
Timorim
תִּמּוֹרִים, תימורים
moshav
Timorim Aerial View.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Be'er Tuvia regionale kommune
Koordinatar 31°42′55.07″N 34°45′36.36″E
Grunnlagd 1948 (opphavleg plassering)

1954 (noverande plassering)

Tilhøyrsle HaOved HaTzioni
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Timorim

Timorim (hebraisk skrift תִּמּוֹרִים, tyder kunstige palmer) er ein landsby sentralt i Israel organisert som ein moshav shitufi og fungerer òg som ein fellesbusetnad for ikkje-medlemmane i samfunnet. Han ligg på Den israelske kystsletta kring ein kilometer sør for Malakhi-krysset, nær byen Kiryat Malakhi og høyrer til Be'er Tuvia regionale kommune. I 2006 hadde han 710 innbyggjarar. Han er kalla opp etter ei utskjering i ei palme i tempelet: 1 Kong. 6:29.[1]

Han vart grunnlagd i 1948 av ein Gar'in ungdommar frå Sør-Afrika, Romania og Egypt frå ungdomsrørsla HaNoar Hatzioni som ein kibbutzShimronhøgda i Nedre Galilea, i området som no høyrer til fellesbusetnad Timrat. I 1953 vart han omorganisert som ein moshav shitufi, ein av dei første i landet. I 1954 vart busetnaden flytta til den noverande plasseringa på grunn av landmangel ved den opphavlege staden.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.462, ISBN 965-220-186-3 (engelsk)
  2. Mapa's concise gazetteer of Israel. Yuval Elʻazari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 555. ISBN 965-7184-34-7.  (he)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]