Bitzaron

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°47′44.52″N 34°43′27.84″E
Bitzaron
landsby
Moshav Bitzaron.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Be'er Tuvia regionale kommune
Koordinatar 31°47′44.52″N 34°43′27.84″E
Grunnlagd 1935
 - Grunnlagd av sovjetiske refusenikar
Tilhøyrsle Moshavimrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Bitzaron (moshav)

Bitzaron (hebraisk skrift בִּצָּרוֹן, tyder Borg) er ein moshav i Det sørlege distriktet i Israel og ein del av Be'er Tuvia regionale kommune. Han ligg mellom Gan Yavne og Bnei Ayish. Folketalet i moshaven er kring 1 000,[1].

Bitzaron vart grunnlagd i 1935 av sovjetiske refusenikar, på landområde som høyrte til JNF, med støtte frå Keren Hayesod. I ei bok om jødiske landsbyar i Palestina, skriv JNF at Bitzaron vart grunnlagd i 1939 av Tel Hai-gruppa, og at folketalet i 1947 var 175.[2]

Namnet er henta frå Sakarja 9:12:[3] «Vend heim til borga, de fangar som har von!I dag forkynner eg: Eg gjev deg dobbelt att.»

Under den arabisk-israelske krigen i 1948 låg Bitzaron ved frontlinja i slaget mot den egyptiske hæren, og vart bomoba av det egyptiske luftforsvaret. Kvinner og barn i landsbyen vart evakuerte til Rishon LeZion og Ness Ziona, medan mennene vart verande att for å kjempe.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 1 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. september 2007. Henta 5. september 2015. 
  2. Jewish National Fund (1949). Jewish Villages in Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 26. 
  3. HaReuveni, Immanuel (1999). Lexicon of the Land of Israel (på hebraisk). Miskal - Yedioth Ahronoth Books and Chemed Books. s. 155. ISBN 965-448-413-7.  (he) Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.123 , ISBN 965-220-186-3 (Englisch) Place Names in Israel. A Compendium of Place Names in Israel compiled from various sources. Omsett frå hebraisk, Jerusalem 1962 (Israel statsminister’s Office. The israelske Program for Scientific Translations) s.36 (Plasseringa til boka: Ben Zvi Institute Library, 12 Abarbanel St., Jerusalem; i nettkatalogen: [1])

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]