Neve Mivtah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°48′19.08″N 34°44′27.6″E
Neve Mivtah
moshav
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Den sørlege kystsletta
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Be'er Tuvia
Koordinatar 31°48′19.08″N 34°44′27.6″E
Grunnlagd 1950
 - Grunnlagd av polske immigrantar
Tilhøyrsle Moshavimrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg

Neve Mivtah (hebraisk skrift נְוֵה מִבְטַח, tyder Tiltruoasen) er ein liten moshav heilt nord i Be'er Tuvia regionale kommune, like sør for Bnei Ayish og Gedera. Han grensar til moshaven Bitzaron i sør, jordbruksskulen Kannot i aust, moshaven Misgav Dov i nord, og Kvutzat Yavne i vest.

Moshaven vart grunnlagd i 1950 ppå landområdet til den arabiske landsbyen Bashit,[1] og er i dag busett av kring 120 familiar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Først var denne busetnaden ein mellombels ma'abara for 60 immigrantfamiliar som hadde overlevd Holocaust i Polen,[1] som ei utviding av den eldre moshaven Bitzaron. Innbyggjarane budde i tin hus, gjevne av Jewish Agency for Israel. Sidan han ikkje var ein sjølvstendig moshav, måtte dei framtidige innbyggjarane veksle inn matkupongar, som dei fekk av byrået, i sentrum av Bitzaron. Innbyggjarane i Bitzaron tente pengar på matlageret, og mange gonger måtte innbyggjarane gå attende til ma'abara-leiren utan noko. Dei valte å skilje seg frå Bitzaron og i 1950 vart Neve Mivtah grunnlagd.

Moshav er omgjeve av militærbasar, som Hatzor flybase og Tel Nof flybase. På grunn av dette og tryggleikskjensla dette gav, fekk moshaven namnet sitt, inspirert av Salmane:

«Med skremmande gjerningar svarar du oss i rettferd, Gud, vår frelsar. Alle verdsens endar og det yttarste havet stolar på deg.' (Salmane 65:6)"[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Mapa's concise gazetteer of Israel. Yuval El'azari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 361. ISBN 965-7184-34-7.  (he)
  2. Place Names in Israel. A Compendium of Place Names in Israel compiled from various sources. Omsett frå hebraisk, Jerusalem 1962 (Israel statsminister’s Office. The israelske Program for Scientific Translations) s.218 (Plasseringa til boka: Ben Zvi Institute Library, 12 Abarbanel St., Jerusalem; i nettkatalogen: [1]) also: Bitan, Hanna: 1948-1998: Fifty Years of 'Hityashvut': Atlas of Names of Settlements in Israel, Jerusalem 1999, Carta, s.46, ISBN 965-220-423-4 (hebraisk)