Børre Knudsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Børre Knudsen

Fødd24. september 1937
Vennesla kommune
Død17. august 2014
Mestervik
NasjonalitetNoreg
Yrkeprest

Børre Arnold Knudsen (fødd 24. september 1937 i Vennesla i Vest-Agder, død 17. august 2014 i Meistervik i Troms) var ein norsk luthersk teolog og prest. Han var kjend som ein av dei mest markante motstandarane av framprovosert abort i Noreg. Etter å ha trassa staten og leiinga i Den norske kyrkja, vart han biskop i det uavhengige Strandebarm prosti frå 1997 til 2008.

Prestegjerning og abortmotstand[endre | endre wikiteksten]

Børre Knudsen vart utdanna cand. theol. ved Det teologiske fakultetet ved Universitetet i Oslo i 1966. I 1967 vart han ordinert til prest i Bergen domkyrkje av dåverande domprost Per Lønning. Knudsen vart kallskapellan i Balsfjord i Troms frå 1968 og sokneprest same stad i 1971.

Etter at Stortinget i 1978 lovfesta fri abort, la Knudsen i 1979 ned delar av embetet som sokneprest i Balsfjord. Med aksjonane mot nazifiseringa av kyrkja under okkupasjonen som førebilete, nekta han å utføre den statlege delen av embetet, men utførte dei kyrkjelege embetspliktene. I 1980 reiste Staten ved kyrkjeminister Einar Førde avskilsak mot Knudsen for embetsforsømming. I Malangen heradsrett vart Knudsen frikjend. Domstolen la til grunn at abortlova var uforeinleg med evangelisk-luthersk religion og dermed i strid med § 2 i Grunnlova. Hausten 1983 kom den endelege dommen frå Høgsterett. Knudsen vart då frådømd Balsfjord sokneprestembete, men heldt fram som pastor for ein fri kyrkjelyd i lokalområdet.

Børre Knudsen leidde frå 1978 mange aksjonar mot lova som opna for framprovosert abort. På store delar av 1980- og 1990-talet iscenesette han fleire protestaksjonar, særleg saman med presten Ludvig Nessa. Dei aksjonerte med salmesong og bøn ved gynekologiske avdelingar ved fleire sjukehus, gjorde symbolske fostergravferder og brukte fosterdukker innsmurde i ketsjup som verkemiddel i ulike samanhengar. Mange av dei symbolske aksjonane, som då Knudsen på den jødiske forsoningsdagen (yom kippur) knelte ned føre Stortinget og tømde eit kar med bukkeblod over hovudet, fekk stor merksemd i media og presse. Både ved denne og mange andre høve vart Knudsen og dei som aksjonerte i lag med han, arresterte av politiet. I 1987 danna Knudsen og Nessa protestorganisasjonen Aksjon Nytt Liv. Frå 4. til 24. oktober 1994 var Knudsen innsett i Tromsø Kretsfengsel for demonstrasjonane sine mot abort.

Saman med prestane Per Kørner, Ludvig Nessa og Ragnar Andersen, oppretta Børre Knudsen på slutten av 1980-talet eit nettverk som dei kalla for Strandebarm prosti. I 1997 vart dette netterket utvida, då Finnmarksprestane Arne Thorsen og Olav Berg Lyngmo braut tilsynet med biskop Ola Steinholt på grunn av standpunkta hans i homofilispørsmålet. Saman med dei andre prestane i «Strandebarm prosti» valde dei å utpeike og vigsle Knudsen til alternativ «motbiskop». Dei gav han då tittelen biskop av «Strandebarm prosti av Den norske kyrkja i eksil». Thorsen og Lyngmo vart i kjølvatnet av desse hendingane frådømde retten til å verke som prestar. I oktober 2008 opplyste avisa Vårt Land at Knudsen frå 1. november ville trekkje seg som biskop i Den norske kyrkja i eksil, elleve og eit halvt år etter at han vart vigsla i Kautokeino kyrkje. Knudsen understreka at avgangen utelukkande hadde utgangspunktet sitt i hans eiga helse.[1]

Børre Knudsen var listetopp for Abortmotstandernes liste i sju fylke ved stortingsvalet 2005. Han vart dei seinare åra merkt av Parkinsons sjukdom.

Han gifta seg i 1964 og hadde fem born.

Salmediktning[endre | endre wikiteksten]

Som salmediktar høyrer han til i tradisjonen frå Petter Dass, Kingo, Brorson og Grundtvig. I 1976 utgav han, saman med Willy Abildsnes og Bjørn Bjørneboe, salmeheftet Det hellige bryllup, der drygt 20 salmar er skrivne av Børre Knudsen. Salmesamlinga har særleg fokus på sakramentsteologi og bruremystikk. Saman med kyrkjemusikarane Trond Kverno og Johan Varen Ugland utgav Knudsen og Abildsnes i 1980 Sangverk for Den norske kirke, ei salmebok med tradisjonelle salmar, eigenproduserte salmar og salmar av andre moderne norske salmediktarar, som t.d. Eyvind Skeie. Ein del av Knudsens salmar er tatt i salmebøkene til Den katolske kyrkja, Det evangelisk Lutherske Kirkesamfunn og Den svenske kyrkja, men Knudsen har nekta dei inntatt i Norsk Salmebok. Knudsens dåpssalme «Farao nådde oss» er likevel kommen med i salmeboktillegget Salmer 1997.

Bøker og hefter[endre | endre wikiteksten]

  • 1976: Det hellige bryllup – songar av Willy Abildsnes og Børre Knudsen, illustrert av Bjørn Bjørneboe
  • 1994: Dagbok fra celle 13 – kort hefte utgitt av «Ja til livet – Norge : Agderaksjonen mot forsterdrapsloven»
  • 1995: Grunnsøylene – utgitt på Credo forlag
  • 1997: «Bort syndig legestue, vi vil i stallen gå» – perspektiver på Brorsons julesalmer og Et stort mysterium – to små hefte utgitt av Kirkelig Fornyelse
  • 1997: Veien til Moria : – offertanken i Bibelen
  • 2005: Nåden og sannheten – utgitt på Lunde forlag
  • 2010: Himmelrikets nøkler – Prekener og artikler – utgitt på Luther forlag

Bøker om Børre Knudsen[endre | endre wikiteksten]

Allereie i 1979 kom heftet Statens religionsvesen og Jesu Kristi kirke – aktstykker til Børre Knudsen-saken redigert av Alf B.*Oftestad. Børre Knudsen-dommen i Malangen heradsrett og Børre Knudsen-saken og høyesterettsdommen vart utgjevne på Universitetsforlaget i 1982 og 1983. I 1982 vart òg Hva nå – Børre Knudsen av Dag Stange utgjeven på Vårt Land forlag. Året etter utgav Arne R. Hagen både Arbeiderpartiet oppunder messeserken – *avskjedssaken mot sokneprest Børre Knudsen og Jusen i Knudsensaken. I 1988 utgav Niels Chr. Geelmuyden ein biografi om Knudsen med tittelen En prest og en plage.

I høve 70-årsdagen til Børre Knudsens i 2007 gav Luther Forlag ut festskriftet Som en ild går Åndens ord med skribent og prest Boe Johannes Hermansen som hovudansvarleg redaktør.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Vårt Land 8. oktober 2008, arkivert frå originalen 1. oktober 2009, henta 7. februar 2013 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]