Hopp til innhald

McDonald’s

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Big Mac)
McDonald’s


McDonald's-resturant på Tiller i Trondheim.
Org.formDelaware-selskap
BransjeDrift av hurtigmatrestauranter, catering, overnattings- og serveringsvirksomhet, mat- og tobakksindustri
Skipa15. mai 1940
EigarBlackRock, State Street Corporation, The Vanguard Group
DotterselskapMcDonald's Canada, McDonald's Philippines, McDonald's France
Eigenandel iHamburger University, Shamrock Shake, 600 @ Toa Payoh
HovudkontorChicago, Illinois
LandUSA
Produktsnøggmat
Grunnleggjar(ar)Ray Kroc, Richard og Maurice McDonald
Adm.dir.Chris Kempczinski
Salsinntekter11 712 000 000 USA-dollar (2024)[1]
Omsetnad11 712 000 000 USA-dollar (2024)[1]
Resultat8 223 000 000 USA-dollar (2024)[1]
Marknadsverdi173 430 000 000 USA-dollar (8. april 2021)[2]
Nettstadhttps://www.mcdonalds.com (engelsk)
Døme på måltid ein kan kjøpe på McDonald's.

McDonald's Corporation er ei amerikansk snøggmatkjede som sel hamburgerar, pommes frites og liknande. Kjeda er den største på området i verda og omfattar over 31 000 restaurantar i om lag 120 land, dei fleste baserte på franchising. McDonald's er fleire stader i verda blitt eit symbol for aukande globalisering og eksport av amerikansk kultur og næringsliv og utsett for protestdemonstrasjonar. Kjeda blir også kritisert for å servere usunn mat som bidrar til overvekt, særleg hos ungdom. Omsetjing var i 2004 på om lag 19 milliardar amerikanske dollar og selskapet hadde då kring 440 000 tilsette.

Brørne Maurice (Mac) og Richard (Dick) McDonald opna i 1948 ein drive-in restaurant i San Bernardino i California, som serverte hamburgerar, pommes frites og milkshake. Brørne hadde frå 1940 drive ein liknande grillrestaurant same stad. I 1953 utvida dei drifta til fleire restaurantar via franchising, og i 1954 gjorde dei Raymond Albert Kroc (1902–84), ein seljar av milkshake-maskiner, til franchise-agent. Han opna i 1955 sjølv ein restaurant i Des Plaines i Illinois, som kjeda no refererer til som sin første og starten på selskapet. I 1960 omfatta kjeda (no McDonald's Corporation) over 200 restaurantar i USA, og året etter kjøpte Kroc ut brørne og lanserte logoen med ein M forma som to gylne bogar (Golden Arches). Logoforma var tidlegare brukt som byggedesign i dei førte restaurantane til brørne McDonalds. Reklamefiguren og klovnen Ronald McDonald kom på TV første gong i 1963, og McDonald's vart i 1965 eit børsnotert aksjeselskap. I 1968, same år som hamburgeren Big Mac vart lansert, opna McDonald's sin restaurant nummer tusen, og gjennom 1970-åra auka talet på restaurantar med om lag 500 per år. Den første restauranten utanfor USA vart opna i Canada i 1967, dei første i Europa i Tyskland og Nederland i 1971, den første i Norden i Sverige i 1973 (Stockholm), og i 1990 opna McDonald's ein restaurant i Moskva.[3]

I Noreg vart den første McDonald's-restauranten opna i Oslo i 1983.[4] McDonald's Norge AS er eigd med halvparten kvar av McDonald's Corporation og administrerande direktør Theo Holm og har ei omsetjing på over 1 milliard norske kroner. Per 2005 var det 67 norske restaurantar med om lag 2500 tilsette.

Veldedig arbeid

[endre | endre wikiteksten]

Gjennom den norske stiftinga Ronald McDonald Barnefond har verksemda òg bygd bustadtilbod til familiar med barn innlagde ved sjukehus, og det finst tilsvarande rom eller hus i fleire andre land. I 2016 byrja dei stiftinga eit samarbeid med Stine Sofies Stiftelse om å byggja Stine Sofie Senteret for valdsutsette barn.[5]

  1. 1 2 3 «Form 10-K». 25. februar 2025.
  2. ↑ «McDonald's (MCD) Stock Key Data».
  3. ↑ «McDonald's to leave Russia for good after 30 years». BBC News (på britisk engelsk). 2022-05-17.
  4. ↑ «Om McDonald's», www.mcdonalds.com (på bokmål), henta 2022-03-15
  5. ↑ «Ronald McDonald's Barnefond», www.mcdonalds.com (på bokmål), arkivert frå originalen 2022-04-21, henta 2022-03-15 {{citation}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: McDonald’s