Birger Braadland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Birger Braadland
Birger Braadland.png
Fødd 26. januar 1879

Halden

Død 15. januar 1966
Halden
Parti Senterpartiet

Birger Olsen Braadland (26. januar 187915. januar 1966) var ein norsk offiser, skogeigar og politikar frå Idd i Østfold. Han var norsk utanriksminister i perioden 1931–33 og stortingsmann 1934–36. Han var far til stortingsmann Erik Braadland.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Braadland var son til ein kemner. Han vart student i 1897 og tok i 1900 eksamen ved Krigsskulen. Frå 1900 til 1919 var han offiser i Hæren, som aspirant i generalstaben 1905–06, kaptein og kompanisjef frå 1911 samt adjutant hos kong Haakon VII 1915–18.

Braadland tok i 1904 over den store skogeigedomen Torgalsbøen i Idd frå svigerfaren Andreas Stang. I 1908 kjøpte han naboeigedomen Ør, og eigde då 27 000 dekar skog. Han var formann i Østfold skogselskap 1925–50, styremedlem 1930–38 i Det norske Skogselskap samt viseformann i styret i A/S Borregaard 1938–51. Medlem av Hvalrådet 1936–57, formann 1947-53 i representantskapen for Noregs Bank.

Braadland var medlem av Idd heradsstyre 1914–22, fyrst som representant for Høgre, på 1920-talet melde han seg inn i Bondepartiet. Den 12. juni 1931 vart han utnemnd til utanriksminister i regjeringa leia av Peder Kolstad. Historikaren Fredrik Fagertun meiner at «Bondepartiet hadde få politikere og diplomater med bred utenrikspolitisk erfaring i sine rekker, og Braadlands militære bakgrunn borget trolig for en viss utenrikspolitisk innsikt. Dessuten var han relativt språkmektig og hadde et elskverdig og vinnende vesen og evne til å komme overens med andre mennesker.»

Utanriksminister Braadland brukte mykje tid i Genève, der han leia Noregs delegasjon til rådssamlinga 1931/32 i Folkeforbundet. I Grønlandssaka førte han ei forhandlingslinje overfor Danmark. Saman med statsminister Kolstad forsøkte han med forhandlingar, for å unngå statleg okkupasjon etter den private okkupasjonen av Aust-Grønland i juni 1931. Forhandlingane førte ikkje fram, og regjeringa kjende seg tvina til å erklære delar av Aust-Grønland for norsk territorium.

Braadland var fungerande statsminister frå 1. februar til 29. februar 1932, då Kolstad var sjuk og seinare døydde. Braadland heldt fram som utanriksminister då Jens Hundseid vart ny statsminister 14. mars 1932. Braadland var lojal mot sine regjeringssjefar, han støtta Hundseid då denne hausten 1932 forsøkte å fjerne forsvarsminister Vidkun Quisling.

Etter Hundseid-regjeringa gjekk av 2. mars 1933 var Braadland rådsmedlem i Folkeforbundet til utgangen av 1934. Hausten 1933 vart han vald inn på Stortinget frå Østfold for perioden 1934–36, der han var medlem av finans- og tollkomitéen. Ved stortingsvalet 1936 mista Bondepartiet sitt andremandat i Østfold, så Braadland var 1. vararepresentant 1937–45.

Braadland gav i 1945 ut boka Fra krig til fred, eit arbeid om økonomiske og statsfinansielle spørsmål i ei etterkrigstid. Han var medlem av Nobelkomiteen frå 24. juni 1937 til 31. desember 1943 og 25. juni 1945 til 31. desember 1948.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]