Bjørnsund fyrstasjon
Bjørnsund fyr Foto: Gunvor Røkke | |||
Fylke | Møre og Romsdal | ||
---|---|---|---|
Kommune | Hustadvika | ||
Funksjon | Leifyr | ||
Oppretta | 1871 | ||
Koordinatar | 62°53.7460′N 6°48.9613′E / 62.8957667°N 6.8160217°E | ||
Fyrtårn | |||
Høgd | 9,0 | ||
Form | Fyrbygning med tårn | ||
Fyrlys | |||
Lyskarakter | To okkulterande glimt kvart 8. sekund | ||
Lysstyrke | 16 200 cd | ||
Lyshøgd | 26 moh. | ||
Lysvidde | 15,3 nm | ||
Status | |||
Eigar | Staten | ||
Automatisert | 1993 | ||
Avfolka | 1993 | ||
Bjørnsund fyrstasjon 62°53′44″N 6°48′57″E / 62.89555556°N 6.81583333°E | |||
Bjørnsund fyrstasjon er eit fyr som ligg på Måøya ved Bjørnsund i Hustadvika i Møre og Romsdal og var bemanna fram til 1993.
Lykta har ei høgd på 26 meter over havet og lysstyrken er 16 200 candela, som gjev ei rekkevidd på 15,3 nautiske mil.
Fyret vart bygd for å betre navigasjonstilhøva ved innseglinga frå Hustadvika til den indre leia. Fyret vart tent første gong i 1871. I 1882 vart det gjort krav frå fiskarane og andre overlosen om å gjere lyset sterkare, noko som skjedde i 1886. I 1902 vart det installert eit 2. ordens linseapparat. I 1899 vart det søkt om å få tåkesignal på fyret, men dette kom først i 1917. Ved tåke gav hornet eit signal kvart 10. sekund.
I 1948 fekk stasjonen elektrisk straum og ein supertyfon gav betre tåkesignal. Ein spesiell tåkedetektor vart installert for å skjere ned på mannskapet, men denne fungerte ikkje under dei tøffe vêrtilhøva på Hustadvika.
I 1957 vart det oppretta radiofyr, som vart erstatta av radarfyr (Racon) i 1977, eitt av dei første i landet. Stasjonen vart omgjort frå familiestasjon til tørnstasjon i 1974.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Norsk fyrliste 2008 - side 337» (PDF - 15 mb). Kystverket.
- Bjørnsund fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Bjørnsund fyrstasjon på Møre og Romsdal Kulturnett