Hopp til innhald

Alnes fyrstasjon

Alnes fyrstasjon

FylkeMøre og Romsdal
KommuneGiske
Oppretta1853
Koordinatar62°29.3929′N 5°58.0468′E / 62.4898817°N 5.9674467°E / 62.4898817; 5.9674467
Fyrtårn
Høgd22,5
FormKvitt tårn med to raude belte.
ByggjematerialeTre
Fyrlys
LyskarakterTo okkulterande glimt kvart 8. sekund
Lyshøgd36 moh.
Lysvidde16,4 nm
Status
EigarStaten
Automatisert1982
Avfolka1982
VernestatusFreda etter lov om kulturminne
{{#coordinates:}}: kan ikkje ha meir enn éin primærtagg per sideKart
Alnes fyrstasjon
62°29′00″N 5°58′00″E / 62.483333°N 5.966667°E / 62.483333; 5.966667

Alnes fyrstasjon er eit fyr som ligg nord på Godøy i Giske kommuneSunnmøre, vest for Ålesund.

Alnes fyrstasjon is located in Møre og Romsdal
Plasseringa til Alnes fyrstasjon

Fyrstasjonen vart oppretta i 1852 og automatisert og avbemanna i 1982. Godøy er landfast med bru og tunnelsambadn til Vigra, og det går bilveg heilt fram til Alnes fyr, som er eit populært turistmål i området.

I første omgang vart det oppretta ei privat lykt på Alnestangen for at dei lokale fiskarane skulle ha eit lyssignal å gå etter under torskefisket. I starten var det tre talglys i ei lita fyrstove. Fiskarane i området skulle alle medverke til drifta av fyret, men då dette ikkje skjedde vart Staten oppmoda om å ta over drifta i 1859. Staten avviste oppmodinga og fyret vart derfor nedlagt i 1862. Borgund kommune, som Alnes då høyrde til, sende inn fleire søknadar og i 1869 vart det endeleg gjeve 250 spesidalar for ei lita fyrlykt i ei mast. Denne lykta vart seinare flytta inn i eit lite skur.

Alnes på Godøy

I 1874 var fyret tend frå 1. august til 15. mai og det vart vanskelgare å få tilsynsmann. Fyrvesenet tilsette då ein fast fyrvaktar og bygde bustad til han i 1876. Bygningen vart ei kombinert fyrlykt og familiebustad. I 1891 vart det gjort store utvidingar på fyrstasjonen med nytt vaktrom i andre etasje. Lykta var då 24,7 meter over flo sjø. Eit fransk linseapparat av 4. orden vart sett inn i 1905.

I 1936 vart det bygd eit nytt vinkeljerntårn med ei høgd på 22,5 meter for å få fyrlykta enno høgare over havet. Slike tårn er sjeldne å sjå i landet. Etter at fyret vart automatisert og avfolka i 1982 stod bygningane ved fyrstasjonen i forfall. I 1993 starta ein restaureringsprosess av heile fyrstasjonen for å føre både det utvendige og interiøret tilbake til den opphavlege utsjånaden. Fyrstasjonen er i dag freda etter lov om kulturminne.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]