Skalmen fyrstasjon
![]() Skalmen fyr ca. 1890–1900 Foto: Fyrdirektoratet / Arkivverket | |
Fylke | Møre og Romsdal |
---|---|
Kommune | Smøla |
Funksjon | Kystfyr |
Oppretta | 1907 |
Koordinatar | Koordinatar: |
Fyrtårn | |
Høgd | 15,5 |
Form | Kvitt hus med lågt fyrtårn og bifyr |
Fyrlys | |
Lyskarakter | Lysglimt kvart 30. sekund |
Lysstyrke | 79 200 cd |
Lyshøgd | 24 moh Bifyr: 21,3 moh |
Lysvidde | 14,8 nm |
Status | |
Automatisert | 2002 |
Avfolka | 2002 |
Skalmen fyrstasjon er eit kystfyr som ligg utanfor Smøla i Møre og Romsdal.
Fyret vart oppretta i 1907. Det har eit bifyr i same bygning. Fyrbygningen er 15,5 meter høg og lyshøgda er 24 meter. Dette gjev ei lysvidde på 14,8 nautiske mil. Fyrlykta har eit 4. ordens linseapparat. Fyret vart forsterka i 1962 og avbemanna og automatisert i 30. juni 2002.
Den første fyrvokteren på Skalmen var førstestyrmann Anton Lund som var med på Gjøa-ekspedisjonen til Roald Amundsen. Lund hadde med seg ein sledehund frå denne ekspedisjonen ut på fyret og enno er det spor etter hunden i sementen på fyret.
Klima[endre | endre wikiteksten]
Det var vêrstasjon på Skalmen fyr frå november 1984 til mai 2002, og stasjonen er av stadane i landet der ein har målt kraftigast vind. Under nyårsorkanen i 1992 vart det her målt ein vindstyrke på 46 m/s med vindkast opp i 62 m/s (223 km/t). Stasjonen låg 13 meter over havet.
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Temperatur (°C) | 2,6 | 2,5 | 3,0 | 4,5 | 8,0 | 10,5 | 12,2 | 12,8 | 10,9 | 8,5 | 5,2 | 3,4 | 7,0 |
Nedbør (mm) | 79 | 65 | 68 | 54 | 39 | 47 | 61 | 74 | 110 | 117 | 100 | 106 | 920 |
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Norsk fyrliste 2008 - side 388» (PDF - 15 mb). Kystverket.
- Eklima
- Fyrhistorie på gjestekro.no
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Skalmen fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren