Runde fyrstasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Runde fyrstasjon

Runde fyrstasjon
FylkeMøre og Romsdal
KommuneHerøy
FunksjonKystfyr
Oppretta1767
Koordinatar62°24.7798′N 5°35.1997′EKoordinatar: 62°24.7798′N 5°35.1997′E
Fyrtårn
Høgd14,1
FormFyrbygning med tårn
ByggjematerialeBetong
Fyrlys
LyskarakterOkkulterande kvart 6. sekund
Lyshøgd49,5 moh.
Lysvidde18,9 nm
Status
EigarStaten
Automatisert2002
Avfolka2002
VernestatusFreda etter lov om kulturminne
Kart
Runde fyrstasjon
62°24′53″ N 5°35′2″ E

Runde fyr ligg på Runde i Herøy kommuneSunnmøre. Det vart oppretta i privat eige som det femte fyret i Noreg etter Lindesnes fyr i 1767.

Runde fyrstasjon is located in Møre og Romsdal
Plasseringa til Runde fyrstasjon

I 1807 tok staten over fyret som vart automatisert i september 2002. Ålesund-Sunnmøre Turistforening (ÅST) har etter dette fått i stand ein avtale med Kystverket, og har sidan juli 2003 nytta den nyaste fyrvaktarbustaden som turisthytte. Heile fyrstasjonen vart verna av riksantikvaren i 2001.

Fyrstasjonen ligg i nærleiken av Rundabranden som er det sørlegaste fuglefjellet i landet, og området ligg innanfor Runde naturreservat som er freda etter lov om naturvern.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Då Runde fyr vart oppretta i 1767, var det fordi auka trafikk langs kysten førte til fleire ulukker, og ikkje minst rundt Runde var det farleg å ferdast. Mellom anna hadde det nederlandske handelsskipet Akerendam gått ned like ved Kvalneset, der fyret står no, i 1725. I starten var fyret mest som ei gryte som ein heldt fyr i, men i 1826, nokre år etter at staten tok over, vart det oppgradert til eit lukka kolblussfyr. Seinare, i 1858, vart det bygd eit støypejernstårn ytst ute på Kvalneset. Nedste del av dette tårnet er bevart, medan resten vart flytta til Sklinna fyrstasjon i Nord-Trøndelag.

I 1935 vart fyret vidare oppgradert til eit betongtårn som står lenger oppe i skråninga. Lykta i det nye tårnet vart tent 27. august same året. Fyret vart etterkvart meir og meir automatisert og i 2002 var det ikkje lenger naudsynt med menneskeleg overvaking og den siste fyrvaktaren flytta ut.

Busetnad på fyrstasjonen[endre | endre wikiteksten]

Dei gamle fyra måtte overvakast nærast døgeret rundt, noko som medførte at fyrvaktaren måtte bu så nær som mogleg. Per 2005 består fyrstasjonen av 6 bygg; sjølve fyrbygningen, smie, 2 bustadshus, kombinert fjøs og låve, og olje- og vedbod. I desse husa helt tidvis svært mange til. Gjennom åra budde der fyrvaktarar, assistentar, koner, born, guvernanter, tenestefolk og husdyr. Guvernantene var der for å halde skule for borna.

«

Rundøy fyr

Ved brakande båar i yttarste leid,
med sjøsprøyt over sin isse.
Der sjøfuglen vak frå sitt vellande reir
har omsut for alt til det siste.
Der standa du traust på di lange vakt
og sender ut blink i den kolsvarte natt,
så ingen sitt liv her skal spille.

(Av ukjend fyrarbeidar)

»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]