Hopp til innhald

Stavenes fyrstasjon

Koordinatar: 63°06.8681′N 7°39.7826′E / 63.1144683°N 7.6630433°E / 63.1144683; 7.6630433
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stavenes fyrstasjon

Foto: Trond Viggo Håpnes
FylkeMøre og Romsdal
KommuneAverøy
FunksjonLeifyr
Oppretta1842
Koordinatar63°06.8681′N 7°39.7826′E / 63.1144683°N 7.6630433°E / 63.1144683; 7.6630433
Fyrtårn
Høgd8,0
FormLyktehus på underbygning
Fyrlys
Lyskarakter3 okkulterande glimt
Lyshøgd21,7 moh.
Lysvidde14,3 nm
Status
Automatisert1976
Avfolka1976
Kart
Stavenes fyrstasjon
63°06′52″N 7°39′46″E / 63.11444444°N 7.66277778°E / 63.11444444; 7.66277778

Stavenes fyrstasjon er eit fyr som ligg nordaust på Averøya og markerer innløpet til Sørsundet og hamna i Kristiansund. Det ligg om lag 3 km nord for Bremsnes.

Stavenes fyrstasjon is located in Møre og Romsdal
Plasseringa til Stavenes fyrstasjon

Fyrstasjonen vart tent som leifyr i 1842. Fyrlykta hadde eit 5. ordens fyrapparat og var plassert i eit karnapp på stoveveggen i fyrbygningen.

I åra 1847 til 1854 skal det ha vore mange sterke stormar på Hustadvika og mange sjøfolk skal ha berga seg i land på fyret. Store sjøar skylde over husa og sjøvatn rann ned skorsteinen, medan vindauge vart slått inn.

I 1894 vart det bygd nytt fyrlykthus og lagt inn fleire klipp- og farga sektorar. I 1907 vart det gamle fyrapparatet bytta ut med eit nytt 4. ordens linseapparet.

I 1953 vart det bygd ny bustad ved fyret og det vart elektrifisert med straum frå eige aggregat. I 1976 vart fyrstasjonen automatisert og avbemanna.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Norsk fyrliste 2008 - side 355» (PDF - 15 mb). Kystverket. 
  • Bjørkhaug, Birger og Poulsson, Sven. Norges fyr, fra Stad til Grense-Jakobselv Bind 2. Grøndahl & søn forlag A.S 1987

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]