Safed

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Safed
צְפַת, Tz'fat, صفد, Tsfat, Tzefat, Zfat, Ẕefat
by
Våpenskjold
Land  Israel
Distrikt Nord
Høgd 900 moh.
Koordinatar 32°57′57″N 35°29′54″E / 32.96583°N 35.49833°E / 32.96583; 35.49833
Areal 29,248 km²
Folketal 30 100  (2010)[1]
Grunnlagd Kanaanittisk tid
Borgarmeister Ilan Shohat
Kart
Safed
32°57′57″N 35°29′54″E / 32.965833333333°N 35.498333333333°E / 32.965833333333; 35.498333333333
Wikimedia Commons: Safed

Safed (hebraisk צְפַת, Tzfat, askenasisk Tzfas, Bibelen: Ṣ'fath; arabisk صفد, Ṣafad) er ein by i Nord distrikt i Israel. Han ligg ei høgd over 900 meter over havet, og er den høgastliggande byen i Galilea og i Israel.[2] På grunn av høgda har Safed varme somrar, og kalde, ofte snørike vintrar.[3] Sidan 1500-talet har Safed vore rekna som ein av Dei fire heilage byane i jødedommen, i lag med Jerusalem, Hebron og Tiberias.[4] Sidan den gong har byen vore eit senter for kabbala, eller jødisk mystisisme.

På grunn av det milde klimaet og den vakre naturen, er Safed ein populær feriestad blant både israelarar og utlendingar.[5]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bibelen[endre | endre wikiteksten]

I følgje Dommarane var området der Safed ligg ein del av området til Naftali-stammen.[6] Safed skal ha blitt grunnlagd av ein son av Noah etter Syndfloda.[3]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Safed er blitt identifisert som Sepph, ein jødisk festningsby i Øvre Galilea nemnt i skriveria til den romersk-jødiske historikaren Josefus (Krigar 2:573).[7]

Han er nemnt i Jerusalem Talmud som ein av fem opphøgde stader der det vart fyrt opp eld for å annonsere Nymånen og høgtider under Det andre tempelet.[8]

Krossfarartida[endre | endre wikiteksten]

Krossfararruinar i Safed.

Byen er nemnt i jødiske kjelder seint i mellomalderen.[3] På 1100-talet var Safed ein festningsby i kongedømet Jerusalem kalla Saphet.[3] Benjamin av Tudela som vitja byen på den tida, nemner ikkje at det budde jødar der.[9] Maltesarordenen bygde ei borg der. I 1240 forhandla Theobald I av Navarra, under sitt eige krosstog til Det heilage landet, med dei muslimske ajjubidane i Damaskus og Egypt og kom fram til ein avtale med dei førstnemnte mot sistnemnde der kongedømet Jerusalem fekk ha Jerusalem for seg sjølv, i tillegg til Betlehem, Nasaret, og det meste av regionen Galilea med mange Tempelriddarborger, som Saphet.[10]

Mamlukk-sultanatet[endre | endre wikiteksten]

I 1260 erklærte mamelukk-sultanen Baibars avtalen ugyldig fordi dei kristne samarbeidde med Det mongolske riket mot muslimane, og sette i gang fleire åtak på borger i nærleiken, mellom anna Saphet. I 1266 utrydda han dei kristne tempelriddarane i området og gjorde om byen til ein muslimsk by kalla Safed eller Safat. Samuel ben Samson, som vitja byen på 1200-talet, nemnte at det eksisterte eit jødisk samfunn på minst femti personar der.[11] I følgje al-Dimashqi (som døydde i Safed i 1327), skreiv kring 1300 at Baibars, etter å ha jamna den gamle borga med jorda, bygde eit «rundt tårn og kalla det Kullah..». Tårnet var bygd i tre etasjar og hadde forsyningar, hallar og magasin. Under staden låg ein cisterne for regnvatn, som var nok til å forsyne garnisonen i festninga frå år til år.[12] I følgje Abu al-Fida var Safed «ein mellomstor by». Han hadde ei solid borg, som dominerte over Genesaretsjøen. Det var underjordiske elvar, som førte drikkevatn opp til borgporten.[13] Seint i mamelukktida frå 1525-6 bestod folkesetnaden i Safed av 633 muslimske familiar, 40 muslimske ungkarar, 26 muslimske religiøse personar, ni muslimske funksjonshemma, 232 jødiske familiar og 60 jundi-familiar.[14]

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

Safed vart kjend på 1500-talet som eit senter for kabbala eller jødisk mystisisme.[15] Under osmanarane, var Safed hovudstaden i Safed sanjak, som utgjorde mykje av Galillea og strekjte seg til kysten av Middelhavet. Denne sanjaken var ein del av Damaskus eyalet fram til 1660, då han vart slått saman med Sidon sanjak til eit eige eyalet, der han ei kort stund var hovudstaden. Frå midten av 1800-talet var han ein del av Sidon vilayet. Ei hebraisk prentepresse vart bygd i Safed i 1577 av Eliezer Ashkenazi og sonen Isaac frå Praha.[8] Det var den første pressa i heile Det osmanske riket.[16] I 1584 var det registrert 32 synagoger i byen.[17]

Seraya: Ottoman festning

Etter utdrivinga av alle jødar frå Spania i 1492, fann mange prominente rabbinaar vegen til Safed, mellom anna kabbalistane Isaac Luria og Moshe Kordovero, Joseph Caro, som skreiv Shulchan Aruch og Shlomo Halevi Alkabetz, og komponerte sabbat-hymnen «Lecha Dodi». Inntoget av sefardiske jødar, som nådde ein topp under styret til sultanane Suleiman I og Selim II - gjorde Safed til eit globalt læresenter for jødedomen og eit regionssenter for handel gjennom 1400- og 1500-talet.[15][18] Den kurdiske bydelen vart grunnlagd i mellomalderen og vart til ut på 1800-talet.[19] Under overgangen frå egyptisk til osmansk-tyrkisk styre i 1517, vart det lokale jødiske samfunnet utsett for valdelege åtak, mord og plyndring av lokale sjeikar, som prøvde å få attende kontrollen dei hadde hatt då dei vart fjerna frå makta av tyrkarane. Økonomisk nedgang etter 1560 og vedtak om å forvise jødane, tynna ut det jødiske samfunnet i 1583. Lokale arabarar gjekk til åtak på dei som var att, og to epidemiar i 1589 og 1594 gjorde ytterlegare skade på det jødiske samfunnet.[20]

I 1628 fall byen til drusarar og vart fem år seinare erobra attende av osmanarane. I 1660, i oppstanden som oppstod etter Mulhim Ma'an døydde, øydela drusarane Safed og Tiberias, og berre få av dei tidlegare jødiske innbyggjarane flytta attende til Safed i 1662. Sidan den nærliggande Tiberias vart verande folketom i fleire tiår, vart Safed den fremste av dei jødiske samfunna i Galilea.

Pest tynna ut folkesetnaden i 1742 og jordskjelvet i Det nære austen i 1759 la byen i ruinar, og tok livet av 200 innbyggjarar.[21] Eit inntog av russiske jødar i 1776 og 1781, og litauiske jødar i Perushim i 1809 og 1810, gav nytt liv til samfunnet.[22]

Muslimsk bydel i Safed kring 1908.

I 1812 førte ein ny pest til at store delar av innbyggjarane døydde, og i 119 vart dei atteverande jødiske innbyggjarane halde som gislar av Abdullah Pasha, guvernøren i Akko.[treng kjelde] I perioden med egyptisk dominans, var byen i kraftig nedgang, og særleg det jødiske samfunnet vart hardt råka. I plyndringa av Safed i 1834, vart det meste av det jødiske kvarteret øydelagd av opprørske arabarar, som plyndra byen i fleire veker.

Jordskjelvet i Galilea i 1837 gjekk særleg hardt ut over den jødiske foleksetnaden, sidan bydelen låg i åssida. Kring halvparten av dei forsvann, og det samla dødstalet var kring 2 000.[23] Av 2 158 innbyggjarar drepne, var 1507 osmanar, Den sørlege, muslimske delen av byen vart i langt mindre grad råka.[24]

I 1838 vart byen plyndra av drusar-opprørarar i løpet av tre dagar, og mange av jødane vart drepne.

I 1840 vart det osmanske styret sett inn att. I 1847 vart Safed nok ein gong råka av pest. Den jødiske folkesetnaden auka mot slutten av 1800-talet på grunn av immigrasjon frå Persia, Marokko og Algerie. Moses Montefiore vitja Safed sju gonger og finansierte oppbygginga av det meste av byen. Nesten alle dei gamle bygningane i Safed var då øydelagde av jordskjelv.[treng kjelde]

Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]

Monument til soldatane som kjempa i den israelske sjølvstendekrigen.
Den moderne Safed

Safed var senter for Safad underdistrikt.

Safed vart verande ein blanda by under Palestinamandatet og etniske spaningar mellom jødane og arabarane auka i 1920-åra. Under Palestinaopprøra i 1929 var Safed og Hebron åstad for harde kampar. Under Safed-massakren vart 20 jødiske innbyggjarar drepne av lokale arabarar.[25] Safad var ein del av Palestina som var tiltenkt ein jødisk stat i delingsplanen til Dei sameinte nasjonane.[26]

I 1948 hadde byen kring 1 700 jødar, hovudsakleg religiøse og eldre, og kring 12 000 arabarar.[3] I februar 1948, under den israelsk-palestinske krigen i 1948 gjekk muslimske arabarar til åtak på ein jødisk buss på veg til Safed, og den jødiske bydelen vart krigsett av muslimar. Britiske styrkar var til stades, men blanda seg ikkje inn.[27] Den 16. april, same dagen som dei britiske styrkane evakuerte Safed, prøvde 200 lokale arabarar, med støtte av 200 soldatar frå Den arabiske frigjeringshæren, å ta over den jødiske bydelen. Dei vart drivne attende av den jødiske garnisonen, som bestod av kring 200 Haganah-soldatar, menn og kvinner, med støtte frå ein tropp Palmach-soldatar.[28]

Kring 12 000 (somme estimerer 15 000) flykta frå Safed då Palmach- og Haganah-styrkar inntok byen.[29] Mellom dei var familien til den palestinske sjølvstyrepresidenten Mahmoud Abbas.[30] Byen var under full kontroll av die jødiske paramilitære styrkane den 11. mai 1948.[3]

Staten Israel[endre | endre wikiteksten]

Dør i Safed

I 1974 vart 102 jødiske skulebarn frå Safed som var på ein skuletur teken som gislar av ei palestinsk militant gruppe, Demokratisk front for frigjering av Palestina (DFLP), medan dei sov på ein skule i Maalot. I det som vart kjend som Ma'alot-massakren vart 22 av desse skulebarna drepne av gisseltakarane.

I juli 2006 trefte Katyusha-rakettar avfyrt av Hizbollah frå Sør-Libanon Safed, og ein mann vart drepen, medan mange andre vart skadde. Mange innbyggjarar flykta frå byen.[31] Den 22. juli vart fire menneske skadde i eit nytt rakettåtak.

Byen har halde status som eit jødisk læresenter.[32] I dag er byen hovudsakleg ein jødisk by, med mindre mengder russiske kristne og maronittar.

Den palestinske presidenten Mahmoud Abbas var fødd i Safed og drog med familien sin då krigen nådde byen i 1948. I 2012 sa han offentleg «Eg har vitja Safed ein gong før. Eg ønskjer å sjå Safed. Det er min rett å sjå han, men ikkje å bu der.»[33]

Demografi[endre | endre wikiteksten]

I 2008 hadde Safed 32 000 innbyggarar.[1] I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå sine tal frå 2001, har byen 99,2% jødiske og ikkje-arabiske innbyggjarar, og nesten ingen arabarar.

Seismologi[endre | endre wikiteksten]

Byen ligg over den syrisk-afrikanske forkastinga, og som følgje av dette er han ein av dei byane i Israel som har størst risiko for jordskjelv (i lag med Tiberias, Beit She'an, Kiryat Shmona og Eilat).[34] Det siste store jordskjelvet som råka Safed var jordskjelvet i Galilea i 1837.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Safed har middelhavsklima med varme, tørre somrar og kalde, regnfulle, og stundom snørike vintrar. Byen har ein årsmiddelnedbør på 682 mm. Somrane er heilt utan regn med ein gjennomsnittleg maksimumstemperatur på 29 °C og ein minimumstemperatur på 18 °C. Vintrane er kalde og våte, og nedbøren kjem ofte i form av snø. Om vinteren varierer den normale temperaturen frå 10 °C om dagen til 5 °C om natta.

Vêrdata for Safed
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 21,7 21,2 24,2 32,4 38,1 40 39 38,7 36,8 33,1 27,5 24,4 40
Gjennomsnittleg maks °C 9,4 10,1 13,3 19,5 25 28,3 29,8 29,8 28,1 23,7 16,7 11,5 20,4
Gjennomsnittleg min °C 4,5 4,3 6,3 10,6 14,3 17 18,8 18,8 17,7 15,1 10,3 6,4 12
Lågast målte °C −3,6 −9 −2,2 0,3 5,8 8,7 13,2 14 12 7,2 0,1 −2,7 −9
Gjennomsnittleg nedbør mm 158,8 129,7 94,9 43,1 5,7 0 0 0 1,5 24,5 85,5 138,4 682,1
Gns. dagar med regn 15 13,1 11,7 5,9 2,7 0 0 0 0,5 4,5 9 13,1 75,5
Kjelde: Israelsk meteorologiske institutt[35][36]


Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Safed er venskapsby med:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 1 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. juni 2008. Henta 5. oktober 2014. 
  2. «Safed». Jewish Virtual Library Article. Henta 16. oktober 2014. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 Vilnay, Zev (1972). «Tsefat». A Guide to Israel. Jerusalem, Palestina: HaMakor Press. s. 522–532. 
  4. «Tiberias». Jewish Encyclopedia. Henta 16. oktober 2014. 
  5. «Planetware Safed Turisme». Planetware.com. Arkivert frå originalen 12. august 2011. Henta 16. oktober 2014. 
  6. «Hadassah Magazine». Hadassah.org. Arkivert frå originalen 4. august 2012. Henta 16. oktober 2014. 
  7. «History of Safed». Jewish Virtual Library. Henta 16. oktober 2014. 
  8. 8,0 8,1 «Safed». Encyclopedia Judaica. Vol. 14. Jerusalem i Israel: Keter. 1972. s. 626. 
  9. Howard M. Sachar,Farewell Espana: The World of the Sefardicm Remembered, Random House, 2013 s.190.
  10. Tyerman. God's War. s. 767.
  11. Schechter, Salomo. Studies in Judaism: Second Series (Jewish Studies Classics 3), s. 206. Gorgias Press LLC, 2003. ISBN 1-59333-039-1
  12. Dimashi, s. 210, quoted in le Strange, s. 524
  13. Abu al-Fida, s. 243, quoted in le Strange, s. 525
  14. Bernard Lewis (1954). «Studies in Ottoman Archives–I». Bulletin of the School of Oriental and African Studies 16: 469–501. doi:10.1017/s0041977x00086808. 
  15. 15,0 15,1 «Safed». Jewish Virtual Library. Henta 14. oktober 2014. 
  16. «osmanarane and Safavids 17th Century». Michigan State University. Arkivert frå originalen 3. januar 2004. Henta 14. oktober 2014. 
  17. Abraham David; Dena Ordan (28. mai 2010). To Come to the Land: Immigration and Settlement in 16th-Century Eretz-Israel. University of Alabama Press. s. 117. ISBN 978-0-8173-5643-9. Henta 24. oktober 2011. 
  18. Keneset Yiśraʼel be-Erets-Yiśraʼel. Ṿaʻad ha-leʼumi (1947). Historical memoranda. General Council (Vaad leumi) of the Jewish Community of Palestina. s. 56. 
  19. R. Y. Ebied, M. J. L. Young (1976) Some Arabic Legal Documents of the Ottoman Period: From Leeds Manuscript Collection University of Leeds. Dept. of Semitic Studies Brill Archive, ISBN 90-04-04401-9 s. 7
  20. Dan Ben Amos,Dov Noy (eds.) Folktales of the Jews, volume 3 (Tales from Arabic Lands) The Jewish Publication Society, 2011 s.54
  21. Sa'ar H. When Israel trembles: former earthquakes. Ynet online. 11.05.2012. (he)
  22. Morgenstern, Arie (2007). Hastening Redemption: Messianism and the Resettlement of the Land of Israel. Oxford University Press. ISBN 0-19-530578-7. 
  23. Sherman Lieber (1992). Mystics and missionaries: the Jews in Palestine, 1799-1840. University of Utah Press. s. 256. ISBN 978-0-87480-391-4. 
  24. The Earthquake of 1st of January 1837 in South Lebanon and North Israel av N. N. Ambraseys, i Annali di Geofisica, Aug. 1997, s. 933
  25. Arab Attack At Safed, The Times, Saturday, 31. august 1929; s. 10; Issue 45296; col D.
  26. General Assembly Resolution of 29. november 1947: Henta 3. mars 2014
  27. Martin Gilbert Israel, A history William Morrow & Co, NY 1998 ISBN 0-688-12362-7 pg 174
  28. Benny Morris, 1948, The First Arab-Israeli War, 2008 Yale University Press, s. 157
  29. Morris, 2004, s. 224 Book of the Palmah II
  30. Sarah Honig (17. juli 2009). «Another Tack: Self-exiled by guilt». Jerusalem Post. 
  31. Myre, Greg (15. juli 2006). «2 More Israeli Are Killed as Rain of Rockets From Lebanon Pushes Thousands South». New York Times. Henta 14. oktober 2014. 
  32. [1] Retrieved 12 May 2012.
  33. Harriet Sherwood in Jerusalem (4. november 2012). «Mahmoud Abbas outrages palestinsk flyktnings by waiving his right to return | World news». London: The Guardian. Henta 12. oktober 2014. 
  34. Experts Warn: Major Earthquakes Could Hit Israel Any Time[daud lenkje] av Rachel Avraham, staff writer for United With Israel Date: Oct 22, 2013
  35. «Climate data for several places i Israel» (på hebraisk). Israelsk meteorologiske institutt. May 2011. 
  36. «Weather Records Israel (Excluding Mt. Hermon)» (på hebraisk). Israelsk meteorologiske institutt. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Reiseguide for Safed frå Wikivoyage