Heartache Tonight

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Heartache Tonight
Singel av Eagles
frå albumet The Long Run
B-side «Teenage Jail»
Utgjeve 18. september 1979
Sjanger Rock,[1] hard rock, bluesrock
Lengd 4:25
Selskap Asylum
Låtskrivar(ar) Don Henley, Glenn Frey, Bob Seger og J.D. Souther
Produsent Bill Szymczyk
Eagles-kronologi
«Please Come Home for Christmas»
(1978)
Heartache Tonight «The Long Run»
(1979)


«Heartache Tonight» er ein song skriven av Don Henley, Glenn Frey, Bob Seger og J.D. Souther, og spelt inn av Eagles. Songen vart spelt inn for albumet The Long Run og gjeven ut som singel i 1979. Han nådde toppen av den amerikanske Billboard Hot 100 i november det året. Han låg berre på toppen av lista i ei veke, men selde 1 million eksemplar. Det var den siste singelen til Eagles som nådde toppen av Hot 100.

Bandet vann Grammyprisen for beste rockesong av duo eller gruppe. Songen oppstod frå ein elektrisk jam mellom Glenn Frey og J.D. Souther, som vitja Frey heime i Los Angeles når han var i byen. Frey og Souther skreiv det første verset medan dei lytta til Sam Cooke-songar. Under jamminga, ringte Frey til Seger og song han verset. Seger song så refrenget attende til dei. I følgje Frey, «J.D. [Souther], Don og eg skreiv songen ferdig. Ingen tunge tekstar - songen er meir ein leik - og det var det som var meininga.»[2] Songen er sidan blitt spelt inn ac countryartisten John Anderson på hyllestalbumet Common Thread: The Songs of the Eagles og av Michael Bublé på albumet Crazy Love.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1979) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 1
U.S. Adult Contemporary 38
UK Singles Chart 40
Canadian RPM Singlar Chart[3] 1

Conway Twitty-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Heartache Tonight
Singel av Conway Twitty
B-side «Hello Darlin'»
Utgjeve August 1983
Innspelt 1.-2. februar 1983 i Sound Stage Studio i Nashville
Sjanger Country
Lengd 4:17
Selskap Warner Bros.
Produsent Jimmy Bowen, Conway Twitty
Conway Twitty-kronologi
«Lost in the Feeling»
(1983)
Heartache Tonight «We Had It All»
(1983)


«Heartache Tonight» vart spelt inn fire år seinare av countryartisten Conway Twitty. Han gav songen ut som den andre singelen frå albumet Lost in the Feeling og versjonen hans nådde sjetteplassen på Billboard Hot Country-lista hausten 1983.[4]

Twitty-versjonen hadde med Osmond-brørne på korvokal.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1983) Plassering
U.S. Billboard Hot Country 6
Canadian RPM Country Tracks 3

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.allmusic.com/album/the-long-run-mw0000650104
  2. The Very Best of the Eagles (CD). Eagles. Warner Music Group. 2003. R2 73971. 
  3. «RPM 100 Singlar». Library and Archives Canada. Henta 17. oktober 2015. 
  4. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 363. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]