Bommen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Bommen var ein liten kanal i Risør. Kanalen låg der Havnegata går i dag opp til Storgata. Han var farbar berre med små båtar og vart truleg lagt att etter bybrannen i 1861.[1]

I dag blir namnet «Bommen» nytta om naturhamna aust for Risør sentrum. På folkemunne går ho under namnet «Pjolter bay».[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Søndeled og Risør historielag :: risoer :: risoer», www.srhl.no, henta 8. august 2021 
  2. «Bommen - Pjolter Bay», www.norskhavneguide.no, henta 8. august 2021