Boomerang av The Creatures

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Boomerang
Studioalbum av The Creatures
Utgjeve 6. november 1989
Innspelt Mai 1989
Sjanger
Lengd 49:26
Selskap
Produsent
The Creatures-kronologi
Feast
(1983)
Boomerang Eraser Cut
(1998)
Siouxsie Sioux-kronologi
Peepshow
(1988)
Boomerang Superstition
(1991)
Singlar frå Boomerang
  1. «Standing There»
    Utgjeve: 10. oktober 1989
  2. «Fury Eyes»
    Utgjeve: 19. februar 1990
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg [1]
Melody Makersærs positiv[3]
NME8/10[2]
Record Mirror4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[4]

Boomerang er det andre studioalbumet til den britiske duoen The Creatures (med songaren Siouxsie Sioux og trommeslagaren Budgie). Albumet vart spelt inn i Spania med Mike Hedges i Jerez de la Frontera i Andalusia. Musikken inneheld blåsearrangement, med trompet, trombone og saksofon.

Boomerang fekk god omtale frå den britiske musikkpressa, særskild på grunn av vokalen til Siouxsie og for valet av dei mange musikkstilane på albumet, inkludert blues, jazz og spanske stilar som flamenco. Albumet vart seinare hylla av songaren Jeff Buckley, som spelte inn songen «Killing Time».[5]

Innspeling og musikk[endre | endre wikiteksten]

Albumert vart spelt inn på ein ranch i provinsen Cádiz i Andalusia med produsenten Mike Hedges, eit år etter Peepshow. Alle instrumenta og vokalen vart spelt inn i Spania, medan blåsarane vart spelte inn seinare i London med Peter Thoms på trombone, Gary Barnacle på saksofon og Nico Tomasso på trompet. Budgie laga blåsararrangementet med Peter Thoms. Dei hadde begge tidlegare arbeidd med blåsarane på «Right Now»-singelen. «Pluto Drive» er den einaste songen som berre vart spelt inn i England.

Kritikarane skreiv om den varierte musikken på plata, men at det likevel ikkje fekk «jorda til å skjelve. Kvar av dei 14 spora har noko nytt å tilby».[6] «Manchild» har ein «flamenco-rytme med trompeter frå ein solnedgang på savannen»,[2] medan den trompet-dominerte «Strolling Wolf» er eit «iberisk-inspirert stykke».[1]

Det finst òg element av blues og jazz på albumet,[1] som dei bluesaktige «Killing Time»[6] og «Willow».[3] «Pluto Drive» «blandar ein frekk, låg R&B-base med ein futuristisk ambient stil» og elektroniske sløyfer.[1] «Pity» er ein voggesong,[2] med Budgie på jamaicanske steel-trommer.[3]

Mottaking og utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom ut til god omtale. Roger Morton i NME omtalte det som «eit riktig og forstyrrande exoticalandskap» og likte «den dominerande spanske-jazz-tromminga til Budgie».[2] Simon Reynolds i Melody Maker skreiv at «Boomerang er nyskapande og forfriskande».[3] AllMusic skreiv «Shnginga til Siouxie er noko av det beste både i og utafor The Banshees, og har framleis det skuggelagte mysteriet som ho gjer til sitt egie medan ho teiknar ei lang rekkje interessante stilar».[1]

Jeff Buckley spelte «Killing Time» fleire gonger mellom 1992 og 1995. Han spelte inn ei utgåve for radiostasjonen WFMU, og framførte songen på den første store konserten hans i London eter utgjevinga av Grace.[5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane er skrivne og komponerte av Siouxsie og Budgie.

Nr.TittelLengd
1.«Standing There»3:06
2.«Manchild»3:50
3.«You!»4:03
4.«Pity»3:39
5.«Killing Time»3:26
6.«Willow»2:06
7.«Pluto Drive»4:40
8.«Solar Choir»2:52
9.«Speeding»4:12
10.«Fury Eyes»2:10
11.«Fruitman»2:46
12.«Untiedundone»3:41
13.«Simoom»3:43
14.«Strolling Wolf»4:27
15.«Venus Sands»5:03
16.«Morriña»2:49
  • «Solar Choir» og «Speeding» vart ikkje gjevne ut på vinylutgåva av albumet.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Creatures

med:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Ned Raggett. «Boomerang – The Creatures». AllMusic. AllRovi. Henta 12. august 2020. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Morton, Roger. «Peek-A-Boom» [Boomerang review]. NME. 11. november 1989
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Reynolds, Simon. Boomerang review. Melody Maker. 11. november 1989.
  4. Nicholson, Tom. Boomerang review. Record Mirror. November 1989
  5. 5,0 5,1 Untiedundone.com archives Arkivert 2005-11-27 ved Wayback Machine..
  6. 6,0 6,1 Robert Payes/Ira Robbins/David Sheridan/Michael Azerra. «Creatures». Trouserpress.com. Henta 27. august 2020