Superstition av Siouxsie and the Banshees

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Superstition
Studioalbum av Siouxsie and the Banshees
Utgjeve 10. juni 1991
Innspelt Desember 1990 til april 1991
Studio RAK, London
Sjanger
Lengd 48:21
Selskap
Produsent Stephen Hague
Siouxsie and the Banshees-kronologi
Peepshow
(1988)
Superstition The Rapture
(1995)
Siouxsie Sioux-kronologi
Boomerang
The Creatures
(1989)
Superstition The Rapture
(1995)
Singlar frå Superstition
  1. «Kiss Them for Me»
    Utgjeve: 13. mai 1991
  2. «Shadowtime»
    Utgjeve: 1. juli 1991
  3. «Fear (of the Unknown)»
    Utgjeve: 26. november 1991

Superstition er det tiande studioalbumet til det engelske rockebandet Siouxsie and the Banshees, gjeve ut i 1991. Den første singelen, «Kiss Them for Me», gav bandet den første topp 40-hitten deira på Billboard Hot 100 i USA, då han nådde 23. plassen. Albumet nådde 65. plassen på Billboard 200-lista.[1] Bandet utvida den musikalske horisonten sin og fekk med seg den indiske musikaren Talvin Singh, som spelte tabla på songane «Kiss Them for Me» og «Silver Waterfalls».

Bakgrunn og marknadsføring[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart produsert av Stephen Hague, kjend for å arbeide med New Order og Pere Ubu. Hague nytta teknikkar som Siouxsie Sioux seinare mislikte, som databasert produsent. Ho sa «Det er framleis songar eg likar der, som 'Kiss Them for Me' og 'Drifter', men me prøvde ein annan arbeidsstil, ein annan type disiplin, der eg verkeleg vart i mot datamaskinar.»[2]

I 1991 brukte bandet to månader på vegen, frå juli til august, i USA som nest øvst på plakaten på den første Lollapalooza-turneen. Den siste konserten var i Seattle den 31. august. To veker seinare nådde albumet 65. plassen på Billboard 200-lista den 14. september[3] og låg totalt 21 veker inne på lista.[4] Det vart det bestseljande albumet deira i USA og hadde i 2004 selt nesten 360 000 eksemplar der, i følgje Nielsen SoundScan.[5]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart gjeve ut på nytt og ommastra med bonusspor i oktober 2014.[6] I september 2018 kom albumet ut på ny med ommastra lyd på 180-grams dobbel vinyl.[7]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[8]
Melody Makersærs positiv[9]
Q4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[10]
Select4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[11]

Superstition fekk god kritikk av kritkarane. Q gav albumet fire av fem stjerner og sa: «Dei gjer det meir pop med søte strykarar på singelen 'Kiss Them for Me', går ned mot maritime metaforar på 'Drifter' med illevarslande tåkelur og bjøller, som gjev det eit Twin Peaks-aktig landskap for 'Softly'.»[10] Melody Maker likte godt den første singelen: «'Kiss Them for Me' er herleg, vond og glamorøs».[12] I same magasinet skildra Jon Wilde som Superstition «ei enorm plate om mani, perspektiv og kjenslemessig tyranni». Wilde sa at songen «The Ghost in You» var «eit rasande vakkert refreng på seks tonar som heimsøker ein lenge etter platespelaren er slått av».[9] I ei melding for fire av fem stjerner skreiv Select at «Kiss Them for Me» var ein «lidenskapeleg tilbakelent» singel, «eksotisk» og «funky», med «ein roleg, underliggande elektro-puls» som gjorde han dansevennleg. Resten av albumet vart òg omtalt på positivt vis. «Drifter» vart samanlikna med musikken til ein Sergio Leone-film med ein smak av «eterisk sensualitet», og «Silver Waterfalls» vart omtalt som «nydeleg». Meldaren skreiv at albumet endar med den «delikate» «Softly», som har ein naken tekst og er var nok til nesten vere Scott Walker.[11]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All musikk av Siouxsie and the Banshees.

All tekst er skriven av Siouxsie Sioux, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelTekstLengd
1.«Kiss Them for Me» 4:37
2.«Fear (of the Unknown)» 4:10
3.«Cry» 3:33
4.«Drifter» 4:43
5.«Little Sister»Steven Severin3:21
6.«Shadowtime»Severin4:28
Side to
Nr.TittelTekstLengd
7.«Silly Thing» 4:41
8.«Got to Get Up» 3:17
9.«Silver Waterfalls»Budgie4:24
10.«Softly» 6:00
11.«The Ghost in You»Severin5:01
Bonusspor på 2014-utgåva
Nr.TittelTekstLengd
12.«Face to Face»Sioux4:25
13.«Kiss Them for Me» (Snapper Mix) 6:24
14.«Kiss Them for Me» (Kathak #1 Mix) 8:55

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande
Teknisk
  • Stephen Hague – produsent
  • Mike «Spike» Drake – lydteknikar
  • Nigel Godrich – assisterande lydteknikar
  • Abdul Kroz-Dressah – assisterande lydteknikar
  • Will O'Sullivan – assisterande lydteknikar
  • Nigel Vichi - design
  • Siouxsie and the Banshees – design
  • Donna Francesca – fotografi

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album

Liste Plassering
Europeiske album (Music & Media) [13] 39
UK Albums Chart 25
US Billboard 200 [1] 65

Singlar

År Singel Liste Plassering
1991 «Kiss Them for Me» US Hot Dance Music/Club Play 8
US Hot Dance Music/Maxi-Singles Sales 9
US Modern Rock Tracks 1
US Billboard Hot 100 23
«Shadowtime» US Modern Rock Tracks 13
1992 «Fear (Of the Unknown)» US Hot Dance Music/Club Play 6
US Modern Rock Tracks 12

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Siouxsie and the Banshees – Awards». Allmusic. Arkivert frå originalen 23. oktober 2011. Henta 12. august 2020. 
  2. Gülden, Gitti. «If you knew Siouxsie». Rock World. 1. oktober 1992.
  3. Billboard 200 - week 14. september 1991. Billboard. Henta 27. august 2020
  4. «Siouxsie and the Banshees - Chart History Billboard 200», Billboard.com, arkivert frå originalen den 13. mai 2016 
  5. Schwartz, Missy (17. desember 2004), «Sioux City; New-wave goddess Siouxsie Sioux led the way for kick-ass frontwomen with bold style. And the Queen Banshee is still wailing», Entertainment Weekly 
  6. «Siouxsie and the Banshees relaunch archival campaign, new reissues due out in October». Consequenceofsound. 22. august 2014. Henta 28. august 2020. 
  7. «Superstition - Double Vinyl LP». Thesoundofvinyl. Henta 28. august 2020. 
  8. Chris True. «Superstition – Siouxsie and the Banshees». AllMusic. Henta 27. august 2020. 
  9. 9,0 9,1 Wilde, Jon. «The Mirror Crack'd» [Superstition - review]. Melody Maker. 8. juni 1991.
  10. 10,0 10,1 Sutcliffe, Phil. Superstition review. Q. June 1991
  11. 11,0 11,1 Brown, Glyn. «Siouxsie and the Banshees Superstition - review». Select. July 1991.
  12. The Stud Brothers. Melody Maker. 11. mai 1991.
  13. «European Hot 100 Albums» (PDF). Music & Media 8 (26): 21. 29. juni 1991. Henta 11. desember 2018 – via American Radio History.