Peepshow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peepshow
Studioalbum av Siouxsie and the Banshees
Utgjeve 5. september 1988
Innspelt Januar til juni 1988
Studio Marcus i London
Sjanger
Lengd 42:41
Selskap
Produsent
Siouxsie and the Banshees-kronologi 
Through the Looking Glass
(1987)
Peepshow Boomerang
The Creatures
(1989)
Siouxsie Sioux-kronologi
Through the Looking Glass
Siouxsie and the Banshees
(1987)
Peepshow
Singlar frå Peepshow
  1. «Peek-a-Boo»
    Utgjeve: 18. juli 1988
  2. «The Killing Jar»
    Utgjeve: 19. september 1988
  3. «The Last Beat of My Heart»
    Utgjeve: 21. november 1988

Peepshow er det niande studioalbumet til det engelske rockebandet Siouxsie and the Banshees, gjeve ut i september 1988 på Polydor. Det var den første plata deira som ein kvintett etter at multi-instrumentalisten Martin McCarrick og gitaristen Jon Klein var komne inn i gruppa. Gruppa var inspirert av mykje forskjellig då dei spelte inn dette varierte albumet. Både albumet og singlane «Peek-a-Boo» og «The Last Beat of My Heart» seld godt, og albumet nådde 68. plassen på Billboard 200-lista i USA i starten av desember 1988.[1] Det låg i alt 20 veker inne på denne lista.[2]

Peepshow vart møtt med god omtale, og særskild vart det nemnt den uføreseielege orkestreringa og dei nye nyansane i røysta til Siouxsie. Albumet vart sidan ommastra og gjeve ut med bonusspor i oktober 2014.[3] I desember 2018 kom albumet ut på 180-grams vinyl med ommastra lyd.

Samantha Bennett skreiv ei bok om Peepshow i 2018, som ein del av serien 33 1/3.[4]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Parke Puterbaugh skildra «Peek-a-Boo» som ein «lydcollage med baklengs perkusjonsspor» medan røysta hoppar frå kanal til kanal. «The Killing Jar» opnar med «ein liten dæsj reggae» før musikken går over i ein transeliknande bordun ala Brian Eno. «Scarecrow» har ei «arabisk kjensle» og den første sida oppnår eit klimaks i «Burn-Up», med cello og trommer «som simulerer momentumet til eit tog».[5]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[6]
Q5/5 stars[7]
Spinsærs positiv[8]
Record Mirror4.5/5 stars[9]
Stereo Reviewsærs positiv[5]

Peepshow fekk mykje god kritikk. Q gav albumet fem av fem stjerner og skreiv: «Peepshow finn stad på eit forvrengd tanketivoli der rare og fantastiske former opptrer.» Mark Cooper hylla «Trekkspelet til Martin McCarrick som kakkar seg inn i 'Peek A Boo' [...] eit underfundig stykke musikalsk fantasi». Han skreiv at «resten av plata er sprekkferdig med liknande fantasihandlingar. All ære til McCarrick for alle dei smarte dekorasjonane og trommeslagaren Budgie for stadig nyskapande rytmar som klarar å setje spaninga som finst i kvar song på spissen utan å nokon gong gli over i ein opplagd rytme».[7] Melody Maker hylla den første singelen, «Peek-a-Boo», og kalla han «den mest forbløffande britiske plata» i 1988, og «ei uventa blanding av svart stål og popforstyrringar.»[10] Magasinet hylla òg bandet for balladen «The Last Beat of My Heart». Chris Roberts sa: «Det uendelege høgdepunktet er det einaste sporet dei skreiv i lag, bravurhymnen 'The Last Beat of My Heart'. Med trekkspelet til Martin McCarrick og den direkte intelligente rytmen til Budgie dannar grunnlaget for patosen i songen, er denne sørgesjongen omsett av Sioux stor saligheit. Det er den mest vågale melodien til The Banshees på ei stund.»[11] Record Mirror likte òg særs godt denne songen då dei skreiv om albumet: «Høgdepunket er den tilbakehaldne 'The Last Beat of My Heart', der røysta til Siouxsie utforskar nye marker medan ho kjærteiknar ein stemningsskapande melodi.» Skribenten Kevin Murphy konkluderte med å sei: «Peepshow er full av sjølvtillit og den beste stunda til The Banshees.»[9] NME merka seg ei stilmessig endring: «Peepshow er det beste Banshees-albumet sidan A Kiss in the Dreamhouse fordi dei valde å vere eit popband i staden for eit rockeband.».[12]

Bloc Party hylla seinare «Peek-a-Boo», og songaren deira Kele Okereke sa: «Det høyrdest ikkje ut som noko anna på denne jorda. Det er berre in popsong, men for meg høyrdest det ut som den nyaste, men mest futuristiske stykke gitarpopmusikk eg nokon gong har høyrt.»[13] DeVotchKa spelte seinare «The Last Beat of My Heart» etter forslag frå Arcade Fire-songaren Win Butler.[14] The Decemberists omtalte òg «The Last Beat of My Heart» som ein av dei favorittsongane deira av Siouxsie and the Banshees.[15]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All musikk er komponert av Siouxsie and the Banshees.

Side ein
Nr.TittelTekstLengd
1.«Peek-a-Boo»Siouxsie Sioux3:12
2.«The Killing Jar»Steven Severin4:04
3.«Scarecrow»Severin5:06
4.«Carousel»Sioux4:26
5.«Burn-Up»Sioux4:32
Side to
Nr.TittelTekstLengd
6.«Ornaments of Gold»Sioux3:50
7.«Turn to Stone»Severin4:05
8.«Rawhead and Bloodybones»Sioux2:29
9.«The Last Beat of My Heart»Severin/Sioux4:30
10.«Rhapsody»Severin6:23
Bonusspor på 2014-utgåva
Nr.TittelTekstLengd
11.«El Dia De Los Muertos» (Espiritu Mix)Sioux5:36
12.«The Killing Jar» (Lepidopteristic Mix) 8:06
13.«The Last Beat of My Heart» (Live Seattle Lollapalooza 1991) 5:32

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album

År Liste Plassering
1988 UK Albums Chart 20
US Billboard 200 68
Tyskland Top[16] 64

Singlar

År Singel Liste Plassering
1988 «Peek-a-Boo» UK Singles Chart 16
«Peek-a-Boo» US Hot Dance Club Play 14
«Peek-a-Boo» US Modern Rock Tracks 1
«Peek-a-Boo» US Hot 100 53
«The Killing Jar» US Modern Rock Tracks 2
«The Killing Jar» UK Singles Chart 41
«The Killing Jar» US Hot Dance Club Play 37
«The Last Beat of My Heart» UK Singles Chart 44

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Billboard 200 -week 3. desember 1988». Billboard.com. Henta 27. august 2020. 
  2. «Siouxsie and the Banshees - Chart History Billboard 200», Billboard.com 
  3. «Siouxsie and the Banshees relaunch archival campaign, new reissues due out in October». Consequenceofsound. 22. august 2014. Henta 1. september 2014. 
  4. «Samantha Bennett - Peepshow Siouxsie and the Banshees». Bloomsbury. Henta 27. august 2020. 
  5. 5,0 5,1 Puterbaugh, Parke (January 1989). «Best of the Month: Siouxsie and the Banshees Peepshow». Stereo Review 54: 101. 
  6. Ned Raggett. «Peepshow – Siouxsie and the Banshees». AllMusic. Henta 27. august 2020. 
  7. 7,0 7,1 Cooper, Mark. Peepshow review. Q magazine. September 1988.
  8. Fletcher, Tony. «Peepshow» review. Spin magazine. November 1988. Page 92-93.
  9. 9,0 9,1 Murphy, Kevin. Peepshow review. Record Mirror. 10. september 1988
  10. Mathur, Paul. «Born Again Savages». Melody Maker. 9. juli 1988.
  11. Roberts, Chris. «Psalm Enchanted Evenings» [Peepshow review]. Melody Maker. 10. september 1988.
  12. Shelley, Jim. «Ornament of Gold». NME. 24. september 1988.
  13. O'Kane, Josh (18. september 2008). «Talking Bloc during Harvest Jazz - Bloc Party frontman Kele Okereke talks life, love, music and Ultimate Fighting.». [Here] New Brunswick. Arkivert frå originalen 8. juli 2011. Henta 17. mars 2012. 
  14. Frenette, Brad. «DeVotchKa finds joy in the sadness – interview» Arkivert 22. januar 2014 ved Archive.is. Nationalpost.com. 7. mars 2011. Henta 20. januar 2014.
  15. Meloy, Colin. Decemberists interview.Pitchfork.com. 15. september 2006. «The Last Beat of My Heart» : «It's one of my favorite Siouxsie and the Banshees songs».
  16. «Tyskland Top». Swedishcharts.com. Henta 17. august 2020