Burin i Nablus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°11′03″N 35°14′59″E
Burin
بورين
kommune
Burin99.jpg
Burin, 2011
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Nablus guvernement
Koordinatar 32°11′03″N 35°14′59″E
Folketal 2 800 (2008)
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Burin, Nablus
Nettstad: www.burin.org.ps

Burin (arabisk بورين) er ein palestinsk landsby i Nablus guvernement nord på Vestbreidda, 7 kilometer sørvest for Nablus. Landsbyen hadde eit folketal på kring 2 800 i 2008.

Historie[endre | endre wikiteksten]

På 1100- og 1200-talet var Burin busett av muslimar.[1] Burin stod oppført i 1596 i osmanske skattelister som ein del av Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 120 hushaldningar og fem ungkarar, alle muslimar. Landsbybuarane betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, og geiter eller bikubar, og ei presse for oliven eller druer.[2]

I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Burin som ein «stor landsby i ein dal med ei kjelde i midten og nokre få oliventre.»[3]

I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Burin eit folketal på 901, alle muslimarar,[4] medan han i folketeljinga i 1931 hadde 215 hus og eit folketal på 859 muslimar.[5]

I 1945 h adde Burin (i lag med Iraq Burin) 1 200 innbyggjarar, alle arabarar, med 19 096 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[6] Av dette var 1 797 mål var plantasjar og irrigert land, 8 741 nytta for korn,[7] medan 106 mål vart utbygd land.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ellenblum, 2003, s. 263.
  2. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 132.
  3. Conder og Kitchener, 1882, SWP II, s. 162
  4. Barron, 1923, Table IX, UnderNablus sanjak
  5. Mills, 1932, s.60
  6. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 59
  7. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 105
  8. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 155

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]