Ijnisinya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ijnisinya
اجنسنيا, Ajnisinya
kommune
Ijnisinya, i midten
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Nablus guvernement
Koordinatar 32°16′23″N 35°12′59″E / 32.27306°N 35.21639°E / 32.27306; 35.21639
Folketal 505  (2007)
Borgarmeister Abdul Jabbar Shayeb[1]
Kart
Ijnisinya
32°16′23″N 35°12′59″E / 32.273055555556°N 35.216388888889°E / 32.273055555556; 35.216388888889
Wikimedia Commons: Ijnisinya

Ijnisinya (arabisk اجنسنيا, ‘Ijnisinyâ[2]) er ein palestinsk landsby som ligg 12 kilometer nordvest for Nablus i Nablus guvernement. Dei fleste av innbyggjarane er bønder.[3] Han har eit folketal på kring 560. Ijnisinya vert styrt som ein landsbykommune.[1] Landsbyen har ei historie som går attende til bysantinsk tid i Palestina.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den romerske keisarinna Helena av Konstantinopel, som ei stund budde i Sebastia i nærleiken, brukte å symje i vatnet i Ijinsinya med tenestejentene sine. Området var på den tida ein liten innsjø omgjeve av hagar. Dronning Helena forbaud menn å kome inn i området. Namnet Ijnisinya kjem frå gresk, og tyder «Kvinnens Eden».[3] Det er gjort funn av bysantinsk keramikk i området.[4]

I 1596 stod han oppført i osmanske skattelister som «Jinisina», ein landsby i Jabal Sami nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 8 hushaldningar og 4 ungkarar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, geiter og bikubar, tilfeldige inntekter, og ei presse for oliven eller druer.[5]

Victor Guérin vitja landsbyen og skildra han som ein liten landsby, med både muslimske og kristne innbyggjarar.[6] I 1882 vart han skildra som «ei lita grend i ein dal, med oliven kring seg.»[7]

Moskéen i Ijinsinya er datert attende til tida kring Umar ibn al-Khattab og er i dag ein del av skulen i landsbyen.[3]

Romerske ruinar[endre | endre wikiteksten]

Det ligg ein romersk bygning kalla Sheikh Shu'la på toppen av ein ås oppom tre landsbyar, inkludert Ijnisinya i tillegg til Sebastia og an-Naqura. Bygningen er sagt å vere ruinane av eit romersk kloster som var sju etasjar høgt.[3]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Ijnisinya ligg 12 kilometer nordvest for Nablus. Han ligg like aust for Sebastia, nordaust for an-Naqura, sør for Beit Imrin og nord for Zawata.[8] Ijnisinya ligg 460 meter over havet.[9]

Demografi[endre | endre wikiteksten]

I ei folketeljing frå 1922 utført av Det britiske mandatet hadde Jenesenia 119 innbyggjarar, alle muslimar,[10][9] medan han i folketeljinga i 1931 hadde 30 busette hus og eit folketal på 157, framleis alle muslimar.[11]

Folkesetnaden voks noko i 1945 med eit folketal på 200.[12] I 1967 var folketalet 256.[13] I 1997 vart det av Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) registrert 418 innbyggjarar, og av desse var 70 (16,7 %) flyktningar.[14] I følgje PCBS var folketalet i Ijnisinya 505 innbyggjarar i 2007.[15]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 All Washed Up Arkivert 2012-06-17 ved Wayback Machine. American Det nære austen Refugee Aid. s.3.
  2. Palmer 1881, s. 183
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Ijnisinya Village - Nablus Arkivert 2009-10-04 ved Wayback Machine. Jerusalem Media and Communications Centre.
  4. Dauphin, 1998, s. 767
  5. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 126.
  6. Guerin, 1875, s. 210
  7. Conder og Kitchener, 1882, SWP II, s. 159
  8. Satellite View of Ijnisinya PalestineRemembered.
  9. 9,0 9,1 Velkomen til Ijnisinya Palestina Remembered.
  10. Barron, 1923, Table IX, UnderNablus sanjak, s. 25
  11. Mills, 1931, s. 61
  12. Hadawi, Sami. (1970). Nablus distrikt Stats from Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine The Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral.
  13. Perlmann, Vol 1, Tab 2: Ijnisinya
  14. Nablus guvernement Statistics Arkivert 2008-11-18 ved Wayback Machine.: Palestinian Population by Locality and Refugee Status Arkivert 2011-11-14 ved Wayback Machine. and palestinsk Population by Locality, Sex and Age Groups in Years Arkivert 2012-02-07 ved Wayback Machine. Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS).
  15. 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.110.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]