Einabus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°08′48″N 35°14′42″E
Einabus
عينابوس, Ainabus, 'Aynabus
kommune
Namneopphav: Abuskjelda[1]
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Nablus guvernement
Koordinatar 32°08′48″N 35°14′42″E
Areal 4,0 km²
Folketal 2 340 (2007)
Folketettleik 585 / km²
Borgarmeister Nafez Rashdan
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Einabus

Einabus (arabisk عينابوس) er ein palestinsk landsby nord på Vestbreidda, 12 kilometer sør for Nablus i Nablus guvernement. I nærleiken ligg Huwara og Beita i aust ig Jammain i sør.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er funne gravholer og cisterner hogde ut i berget ved landsbyen.[3]

Busetnaden i Einabus er datert attende til jebusittane, men dagens innbyggjarar stammar frå eit arabisk folk som flytta hit under Rashidun-styret av Palestina.[treng kjelde] Den gamle moskéen i landsbyen vart bygd på den tida og er tileigna Umar ibn al-Khattab. Fram til i dag har oliven og fiken vore dei viktigaste inntektskjeldene for innbyggjarane i Einabus.[2]

Den gamle moskeen, Jama al-Arbain, vart inspisert i 1928 og 1942, og det vart funne ei søyle med ein inskripsjon av namnet Abdallah og datoen 625 (kring år 1227-1228).[4]

Landsbyen vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod han oppført i skattelister som ein del av Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 49 muslimske hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, og geiter eller bikubar.[5]

I juni 1870 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen og noterte seg ei kjelde (som landsbyen er kalla opp etter) og at han hadde kring 400 innbyggjarar. Nedanfor landsbyen låg ein dal med oliventre.[6] I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine landsbyen (kalla Ain Abus) som «ein liten landsby på ein låg utstikkar frå fjellet, med ei kjelde i vest og oliven i sør.»[7]

Demografi[endre | endre wikiteksten]

I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde 'Ainabus eit folketal på 227 innbyggjarar, alle muslimar,[8] medan han i folketeljinga i 1931 hadde 62 busette hus og eit folketal på 244, igjen alle muslimar.[9]

I 1945 var folketalet 340, alle arabarar, med 4 011 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[10] Av dette var 539 mål for plantasjar eller irrigert land, 2 107 for korn,[11] medan 29 mål vart utbygd land.[12]

Einabus hadde eit folketal på 1200 i 1987,[2] i følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå, og 2 340 i 2007.[13]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 221
  2. 2,0 2,1 2,2 About Einabus Einabus Village Council.
  3. Dauphin, 1998, s. 804
  4. Sharon, 2004, s.154
  5. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 130
  6. Guérin, 1875, s. 177
  7. Conder og Kitchener, 1882, SWP II, s. 283
  8. Barron, 1923, Table IX, UnderNablus sanjak
  9. Mills, 1931, s. 61
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 59
  11. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 106.
  12. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 156.
  13. 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.110.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]