Bypost

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tromsø hadde bypost 1881-89

Bypost og lokalpost er lokal postombering utført av private firma i konkurranse med det statlege postvesenet, eller før det fanst ei tilfredsstillande offentleg postombering.

Frå Postvesenet vart oppretta i 1647 var brevformidling eit statleg monopol i Danmark-Noreg. Eineretten omfatta imidlertid ikkje lokal postformidling i byane. Med aukande postmengder opna dette for privat bypost i mange byar. Postloven av 1888 utvida Postvesenets einerett til brevformidling (lukka sendingar) i heile landet, dvs også lokalt i byane. Nokre av bypostane fekk likevel halde fram. Den siste – Trondhjems Bypost – vart avvikla først i 1913 då eigaren døydde.

Slike bypostfirma har hatt liten betydning samferdsleshistorisk, men fleire har gjeve ut eigne frimerke, og desse frimerka er eit eige samlerområde for filatelistar.[1]

I Noreg har det eksistert bypost i fleire byar:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]