Kinngait

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Cape Dorset)
Kinngait
busetnad
Land  Canada
Territorium Nunavut
Region Qikiqtaaluk
Areal 9,89 km²
Folketal 1 396 (2021)[1]
Kart
Kinngait
64°14′00″N 76°32′30″W / 64.233333333333°N 76.541666666667°W / 64.233333333333; -76.541666666667
Wikimedia Commons: Kinngait

Kinngait (Inuktitut for 'høgt fjell' eller 'der åsane er';[2][3] inuktitutskrift ᑭᙵᐃᑦ), offisielt kjend som Cape Dorset fram til 27. februar 2020,[4] er ein inuittisk busetnad på Dorsetøya[5] i nærleiken av Foxehalvøya på sørtippen av Baffinøya i Qikiqtaaluk-regionen i Nunavut i Canada.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kinngait, tidlegare kjend som Cape Dorset og før det som Sikusiilaq[6] er staden der ein fann leivningar etter Thule- (tidlege inuittar) og den før-inuittiske Dorset-kulturen (tuniit), som eksisterte mellom 1000 f.Kr. og år 1100. Det europeiske namnet Cape Dorset blei gjeve av kaptein Luke Foxe som ei oppkalling etter Edward Sackville, earl av Dorset, den 24. september 1631.[7] Inuittane kalla opphavleg bukta Sikusiilaq, etter havområdet i nærleiken som er isfritt heile vinteren. Hudson's Bay Company skipa ein handelspost her i 1913. Dei dreiv byttehandel med pels og skinn mot varer som tobakk, ammunisjon, mjøl, drivstoff, te og sukker.[8]

I desember 2019 røysta innbyggjarane i Cape Dorset for eit forslag om å endra det offisielle namnet på staden til inuktitutnamnet Kinngait.[9] Røystarane kunne velja mellom Kinngait, Sikusiilaq og det engelske namnet Cape Dorset.

Kunst[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1950-talet har Kinngait, som kallar seg sjølv "Capital of Inuit Art", vore eit senter for teikning, trykking og utskjering. Slike kunstformer har halde fram med å vera viktige næringsaktivitetar på 2000-talet. Kvart år gjev Kinngait Studios ut ei samling av trykk. Kinngait er blitt omtalt som det mest kunstnariske samfunnet i Canada, der rundt 22 % av arbeidsstyrken verkar innan kunst.[10]

James Archibald Houston skipa ein verkstad for biletkunst i Kinngait i 1957, som del av eit program støtta av Department of Northern Affairs and National Resources i Canada. Dette var rekna som ein måte for lokalsamfunnet å få inntekter på, gjennom å tilpassa tradisjonelle kunstformer til moderne teknikkar.[11]:49 Houston samla inn teikniingar frå lokale kunstnarar, og oppmuntra steinskjerarar til å bruka evnene sine til steintrykk, for å laga noko som lettare kunne sendast rundt og seljast. Houston hadde studert trykk i Japan, og trykkeprogrammet blei laga etter modell frå japanske ukiyo-e-verkstader. Det blei skipa andre kooperative trykkeverkstader i busetnader i nærleiken, men den i Kinngait har hatt mest suksess. Kunstnarar her har eksperimentert med etsing, gravering, litografi og silketrykk. Dei gjev ut årlege katalogar av trykka, som blir laga i avgrensa opplag.[12]:49

Frå 1959 til 1974 skapte kunstnarar i Kinngait over 48 000 trykk. Kjende kunstnarar herfrå er Pitseolak Ashoona, Nuna Parr, Pudlo Pudlat, Angotigolu Teevee, Alashua Aningmiuq, Kiugak Ashoona, Ulayu Pingwartok, Oopik Pitsuilak, Innukjuakju Pudlat, Mary Qayuaryuk, Anirnik Oshuitoq og Kenojuak Ashevak. Parr sine utskjeringar er internasjonalt anerkjende, og verk av han er blitt stilte ut ved National Gallery of Canada. Ashevak sine ugleteikingar er blitt brukte på kanadiske frimerke og på ein kanadisk 25-cent-mynt.[13]

Den inuittiske utskjeraren, kunstnaren, fotografen og forfattaren Peter Pitseolak budde fleire år i Kinngait. Den lokale vidaregåande skulen er kalla opp etter han.[14]

Folketal[endre | endre wikiteksten]

Befolkningsutvikling
År Bef. ±%
1976 688
1981 784 +14,0 %
1986 872 +11,2 %
1991 961 +10,2 %
1996 1 118 +16,3 %
2001 1 148 +2,7 %
2006 1 236 +7,7 %
2011 1 363 +10,3 %
2016 1 441 +5,7 %
2021 1 396 −3,1 %

Ved den kanadiske folketeljinga i 2021 Canadian, utført av Statistics Canada, hadde Kinngait (Cape Dorset) eit folketal på 1396 som budde i 362 av dei totalt 416 private busetnadane der. Dette utgjorde ei endring på -3,1% frå folketalet i 2016 på 1441. Med eit landareal på 9,89 km² (3,82 miles²) hadde staden ein folketettleik på 141,2/km² i 2021.[15]

Transport[endre | endre wikiteksten]

Det går ein handfull grusvegar gjennom busetnaden, utan asfaltering på grunn av vintertiløva. Dei har ikkje samband med noko område utanfor Kinngait. Bilar og lastebilar er det viktigaste transportmiddelet, men ein bruker også snøskuter og terrengmotorsyklar. Ein bruker også båtar og skip til å dra til og frå Kinngait når Hudsonsundet er isfritt. Eit taxiføretak, Tuniit Taxis, tilbyr fleire ulike køyretøy.

Det finst også ein flyplass her, Cape Dorset lufthamn, som berre har samband innanfor Nunavut. Ein kan flyga ut av Nunavut via samband frå Iqaluit lufthamn.[16]

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Sam Pudlat School er den einaste barneskulen i byen. Den vidaregåande skulen her, Peter Pitseolak School (PPS), blei øydelagd i ein brann starta av tre ungdommar i september 2015.[17] Ein ny skule med same namn stod ferdig tre år seinare.[18] Sommaren 2019 opna skulen eit trykkestudio for ungar gjennom programmet Embassy of Imagination.[19]

Høgare utdanning innan avgrensa felt er tilgjengeleg ved Community Learning Centre. Nunavut Arctic College, med base i Iqaluit, tilbyr nokre program ved Community Learning Centre i Kinngait.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Mallikjuaq Territorial Park dekkjer både Dorsetøya og Mallikøya, er kjend for arkeologiske funnstader knytte til Thulekulturen, Dorsetkulturen og inuittisk historie. Ein kan nå parken til fots frå Kinngait ved lågvatn, eller med båt.[20]

Det blei reist ein varde til minne om skipet RMS «Nascopie», eit forsyningsskip til Arktis, som gjekk på eit skjer og sokk i 1947. Sjølv om lasten blei tapt, blei passasjerane og mannskapet redda.[21]

I september 2018 opna Kenokuak Cultural Centre and Print Shop.[22] Senteret er kalla opp etter den lokale kunstnaren og inuittiske kunstpioneren Kenojuak Ashevak, som døydde i 2013. Senteret fungerer som samfunnshus, kunststudio og utstillingslokale for lokale kunstnarar.

Det finst lokale føretak som tilbyr reise med hundespann, camping og fotturar.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Kinngait har tundraklima (ET) med korte, kjølige somrar og lange, kalde vintrar.[23]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Statistics Canada, OL 4600567A, Wikidata Q1155740 
  2. History of Cape Dorset Arkivert 14. juni 2007 ved Wayback Machine.
  3. Cohen, Sidney. «Cape Dorset council endorses vote to return community name to Kinngait». CBC News. Henta 26. januar 2020. 
  4. Nunavut minister signs off on name changes for two communities
  5. Government of Nunavut - Communities
  6. Cape Dorset considers changing to traditional Inuktitut name
  7. «A Short History of Cape Dorset» (PDF). 
  8. «Cape Dorset | Travel Nunavut». Henta 23. februar 2019. 
  9. «Cape Dorset votes to revert to a traditional name — Kinngait». CBC (på engelsk). Henta 18 December 2019. 
  10. "Cape Dorset named most 'artistic' municipality", CBC
  11. Hessel, Ingo.
  12. Hessel, Ingo.
  13. «Kenojuak Ashevak: A Celebration of Sculpture and Graphics (Inuit Solo Exhibition) (May 4 - May 24, 2002)». Spirit Wrestler Gallery. Henta 23 February 2019. 
  14. Burke, Travis (12. september 2018). «School's in: New Cape Dorset high school opens 1 year ahead of schedule | CBC News». CBC.ca. Henta 23. februar 2019. 
  15. «Population and dwelling counts: Canada, provinces and territories, and census subdivisions (municipalities), Nunavut». Statistics Canada. 9. februar 2022. Henta 19 February 2022. 
  16. «CYTE - Cape Dorset Airport | SkyVector». 
  17. "RCMP lay charges in fire that destroyed school in Nunavut", City News, 8 September 2015
  18. «New school in Nunavut, three years after fire». Nunatsiaq News. Nunatsiaq News. 18 September 2018. Henta 10 March 2020. 
  19. «Artistic space for youth opens in Cape Dorset». Nunatsiaq News. Nunatsiaq News. 9 September 2019. Henta 10 March 2020. 
  20. «Mallikjuaq Territorial Park». nunavutparks.com. Henta 8 June 2022. 
  21. «RMS Nascopie - HBC Heritage». 
  22. Kenokuak Cultural Centre and Print Shop
  23. «National Centers for Environmental Information». 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Dorais, Louis-Jacques. Kinngaqmiut Uqausingit = The Inuit Language in Cape Dorset N.W.T. = Le Parler Inuit De Cape Dorset T.N.O.. Quebec: Association Inuksiutiit katimajiit, Laboratoire d'anthropologie, Université Laval, 1975.
  • Leroux, Odette, Marion E. Jackson, and Minnie Aodla Freeman. Inuit Women Artists Voices from Cape Dorset. Vancouver: Douglas & McIntyre, 1994. ISBN 0-295-97389-7
  • Norton, Derek, and Nigel Reading. Cape Dorset Sculpture. Seattle: University of Washington Press, 2005. ISBN 0-295-98478-3
  • Nunavut Handbook, Iqaluit 2004 ISBN 0-9736754-0-3
  • Pitseolak, Peter, and Dorothy Eber. People from Our Side An Eskimo Life Story in Words and Photographs : an Inuit Record of Seekooseelak, the Land of the People of Cape Dorset, Baffin Island. Bloomington: Indiana University Press, 1975. ISBN 0-253-34334-8
  • Ryan, Leslie Boyd. Cape Dorset Prints, a Retrospective Fifty Years of Printmaking at the Kinngait Studios. San Francisco: Pomegranate, 2007. ISBN 978-0-7649-4191-7
  • SchoolNet Digital Collections (Canada). Cape Dorset Inuit art and Inuit cultural perspectives. Ottawa: Industry Canada, 2000.
  • Walk, Ansgar. Kenojuak - The Life Story of an Inuit Artist. Manotick: Penumbra Press, 1999. ISBN 0-921254-95-4