Crying av Roy Orbison

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Crying
Singel av Roy Orbison
frå albumet Crying
B-side «Candy Man»
Utgjeve 31. juli 1961
Innspelt 1961
Sjanger Poprock
Lengd 2:46
Selskap Monument 447
Låtskrivar(ar) Roy Orbison, Joe Melson
Produsent Fred Foster
Roy Orbison-kronologi
«Running Scared»
(1961)
Crying «Dream Baby (How Long Must I Dream)»
(1962)


«Crying» er ein ballade skriven av Roy Orbison og Joe Melson og framført av Orbison.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Dave Marsh kallar songen ein «rock-bolero» med «strykarar, hamrande pauker, eit spøkjelsesaktig kor, lett klimprande gitar og eit hit av marimba».[1] Medverkande på den originale innspelinga til Orbison var dei faste studiomusikarane hans Bob Moore på bass, Floyd Cramer på piano, Buddy Harman på trommer og Boudleaux Bryant, Harold Bradley & Scotty Moore på gitar.

Allmusic skreiv om songen: «Ikkje under noko omstende må ein finne på å lytte til Roy Orbison sin 'Crying' om ein er sjølv eit snev deprimert. Sorga, angeren og den evige fordømminga til eit liv drukna i tårer som Orbison på levande vis tilbyr med vokalbravur som tar pusten frå ein, kan bli så overveldande at ein kan få seg til å gjere slutt på alt saman. For meir stabile typar er 'Crying' rett og slett ein vakker, men hjarteskjerande ballade som opnar med ein harmlaus rytme på tom-tommar og akustisk gitar, og byggjer seg gradvis opp med strykarar og ein stor dose melodramatisk intensitet til eit klimaks av aldeles rystande proporsjonar. Orbison bankar inn ein makelaus høg tone på slutten.»[2]

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Songen vart gjeven ut som singel av Monument Records i juli 1961 og nådde førsteplassen på Cashbox-lista i USA den 7 . oktober 1961. Han nådde andreplassen på den rivaliserande Billboard Hot 100-lista. Trass i at han ikkje nådde toppen av lista, rangerte Billboard songen som den fjerde beste for 1961.[3]

I 1987 spelte Orbison inn songen på ny som ein duett med K.D. Lang som ein del av filmmusikken til Hiding Out. Dette samarbeidet gav dei ein Grammy-pris for beste country-samarabeid med vokal. Duetten vart ein mindre hitt i USA og nådde 42. plassen på Hot Country Singles-lista,[4] men vart ein langt større hit i Storbritannia i 1992, då han nådde 13. plassen på UK Singles Chart.

I 2002 fekk «Crying» plass i Grammy Hall of Fame Award. I 2004 rangerte Rolling Stone Magazine songen på 69. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene. På den oppdaterte lista i 2010 hadde songen same plasseringa.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1961) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 2
UK Singles Chart 23
Australia 1
Canada 3

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

I andre media[endre | endre wikiteksten]

  • Mitt Romney nemnde songen som ein av favorittsongane hans i mars 2012.[12]
  • I 2011 var «Crying» med i den amerikanske komedien 50/50.[13]
  • «Crying» vart nytta i ein episode av Only Fools and Horses.
  • «Crying» er med i den australske TV-filmen Small Claims
  • «Crying» vart nytta i filmen Gummo.
  • «Llorando» vart nytta i avslutninga av Prison Break, sesong 3, og i ein kjend scene i Mulholland Drive.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Marsh, Dave (1999). The Heart of Rock & Soul: The 1001 Greatest Singles Ever Made. Da Capo Press. s. 75–76. ISBN 030680901X. 
  2. «Crying»Allmusic
  3. Billboard Year-End Hot 100 singles of 1961
  4. Whitburn, Joel (2008). Hot Country Songs 1944 to 2008. Record Research, Inc. s. 305. ISBN 0-89820-177-2. 
  5. «Billboard Hot 100 Chart History : «Crying» - Don McLean». Song-database.com. Henta 21. februar 2015. 
  6. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Album (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 382. ISBN 1-904994-10-5. 
  7. Taubin, Amy (September–October 2001). «In Dreams», Film Comment, 37 (5), s. 51–55.
  8. «Covers by Nicholis Louw». WhoSampled. Henta 21. februar 2015. 
  9. Whitburn, s. 179
  10. Whitburn, s. 279
  11. Whitburn, s. 472
  12. «Mitt Romney names the greatest tunes off all time». Politico. Henta 21. februar 2015. 
  13. «IMDB soundspor list for the movie 50/50». IMDb.com. 2011. Henta 21. februar 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]