Hopp til innhald

Den arabiske ligaen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den arabiske ligaen

Skipa22. mars 1945
HovudkontorDen arabiske ligas hovedkontor i Kairo
LeiarAhmed Aboul Gheit
Nettstadhttp://www.leagueofarabstates.net/ Sjå dette på Wikidata

Den arabiske ligaen (arabisk جامعة الدول العربية, romanisert Jami'at al-Duwal al-'Arabiyya) er ein politisk organisasjon med 22 medlemsland frå den arabiske verda. Ligaen arbeider for samarbeid innan næringsliv, finansvesen, transport, kultur, helsevesen, medlemslanda sin suverenitet og fremje av sams interesser. Ligaen arbeider for at Palestina skal anerkjennast som sjølvstendig stat.

Ligaen har inga overnasjonal myndigheit over medlemslanda, og spelar slik ei mindre omfattande rolle enn organisasjonar som til dømes Den europeiske unionen (EU).

Den arabiske ligaen vart grunnlagt 22. mars 1945 i Kairo, der han har sete. Sju land var med på opprettinga.

I byrjinga jobba ligaen i særleg grad for å sikre sjølvstende for land under kolonistyre. Seinare vart hovudfokuset retta mot å fremje samarbeid mellom medlemslanda. Ligaen har også spelt ei rolle i Israel-Palestina-konflikten. I 1948 gjekk seks av medlemslanda (Irak, Syria, Libanon, Transjordan, Egypt og Saudi Arabia) til angrep mot den nyoppretta staten Israel.

Medlemsland

[endre | endre wikiteksten]
Kart over land i Den arabiske ligaen.

Den arabiske ligaen er samansett av 22 medlemsland; 21 nasjonalstatar i Nord-Afrika og Midt-austen forutan Palestina.

Det bur over 300 millionar menneske innanfor ligaen. Talet (i millionar) på innbyggjarar i kvart land står i parentes bak landet.

  • 1 ^ Grunna ein fredsavtale med Israel var landet suspendert frå ligaen mellom 1979 og 1988.
  • 2 ^ Grunna styresmaktene si handtering av den libyske borgarkrigen var landet suspendert frå ligaen mellom 22. februar og 27. august 2011.
Nr.StadDato
FråTil
1Flagget til Egypt Kairo i Egypt13. januar 196417. januar 1964
2Flagget til Egypt Alexandria i Egypt5. september 196411. september 1964
3Flagget til Marokko Casablanca i Marokko13. september 196517. september 1965
4Flagget til Sudan Khartoum i Sudan29. august 1967
5Flagget til Marokko Rabat i Marokko21. desember 196923. desember 1969
6Flagget til Egypt Kairo i Egypt21. september 197027. september 1970
7Flagget til Algerie Alger i Algerie26. november 197328. november 1973
8Flagget til Marokko Rabat i Marokko29. oktober 1974
9Flagget til Saudi-Arabia Riyadh i Saudi-Arabia17. oktober 197628. oktober 1976
10Flagget til Egypt Kairo i Egypt25. oktober 197626. oktober 1976
11Flagget til Irak Bagdad i Irak2. november 19785. november 1978
12Flagget til Tunisia Tunis i Tunisia20. november 197922. november 1979
13Flagget til Jordan Amman i Jordan21. november 198022. november 1980
14Flagget til Marokko Fez i Marokko6. september 19829. september 1982
15Flagget til Marokko Casablanca i Marokko7. september 19859. september 1985
16Flagget til Jordan Amman i Jordan8. november 198712. november 1987
17Flagget til Algerie Alger i Algerie7. juni 19889. juni 1988
18Flagget til Marokko Casablanca i Marokko23. juni 198926. juni 1989
19Flagget til Irak Bagdad i Irak28. mars 199030. mars 1990
20Flagget til Egypt Kairo i Egypt9. august 199010. august 1990
21Flagget til Egypt Kairo i Egypt22. juni 199623. juni 1996
22Flagget til Egypt Kairo i Egypt21. oktober 200022. oktober 2000
23Flagget til Jordan Amman i Jordan27. mars 200128. mars 2001
24Flagget til Libanon Beirut i Libanon27. mars 200228. mars 2002
25Flagget til Egypt Sharm el-Sheikh i Egypt1. mars 2003
26Flagget til Tunisia Tunis i Tunisia22. mai 200423. mai 2004
27Flagget til Algerie Alger i Algerie22. mars 200523. mars 2005
28Flagget til Sudan Khartoum i Sudan28. mars 200630. mars 2006
29Flagget til Saudi-Arabia Riyadh i Saudi-Arabia27. mars 200728. mars 2007
30Flagget til Syria Damaskus i Syria29. mars 200830. mars 2008
31Flagget til Qatar Doha i Qatar28. mars 200930. mars 2009
32Flagget til Libya Surt i Libya27. mars 201028. mars 2010
33Flagget til Irak Bagdad i Irak27. mars 201229. mars 2012
34Flagget til Qatar Doha i QatarMars 2013

Generalsekretærar

[endre | endre wikiteksten]
Nr.GeneralsekretærInnsettForlét stillinga
1Flagget til Egypt Abdul Rahman Hassan Azzam19451952
2Flagget til Egypt Abdul Khlek Hassouna19521972
3Flagget til Egypt Mahmoud Riad19721979
4Flagget til Tunisia Chedi Klibi19791990
5Flagget til Egypt Ahmed Asmat Abdel-Meguid19912001
6Flagget til Egypt Amr Moussa20012011
7Flagget til Egypt Nabil al-Araby2011

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Den arabiske ligaen