Dobbeltbekkasin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dobbeltbekkasin

Status i verda: NT Nær truga
Status i Noreg: NT Nær truga

Gallinago media
Gallinago media

Systematikk
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Scolopacidae
Slekt: Gallinago
Vitskapleg namn
Gallinago media
Dobbeltbekkasin
Namn på andre språk
Svensk Dubbelbeckasin
Dansk Tredækker
Engelsk Great Snipe
Tysk Doppelschnepfe
Fransk Bécassine double
Russisk Dupel (Дупель)

Fuglen dobbeltbekkasin (Gallinago media) lever i Noreg, men bestanden er låg, og arten er oppførd på norsk raudliste i kategorien nær trua (NT).

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Fuglen er 27-29 cm. lang og veg 150-260 gram. Fjørdrakta er brunspraglete med ei noko lysare brunflekka underside. Fuglener kraftigare bygd enn enkeltbekkasinen med kraftigare, kortare nebb og to kvite vengeband. Frå nebbrota til auga går ein mørkare strek. Hoa og hannen har i om lag same utsjånad, men hoene er i gjennomsnitt noko større. Juvenile fuglar liknar dei adulte mykje, men skil seg frå desse gjennom mindre kvitt på velepartiet og meir diffust vengeband.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Dobbeltbekkasinen er utbreidd i det sentrale og vestlege palearktis. Hekkeområdet strekker seg frå Fennoskandia gjennom dei boreale delane av europeisk Russland og det vestlege Sibir til Jenisej og Altai. Tidlegare fanst arten hekkande i sørlege tempererte område, som t.d. Danmark og Tyskland. I dei baltiske landa og Polen er arten delvis utgått og har fått utbreiinga sterkt redusert, og i Finland er fuglen heller ikkje rekna som regulært hekkande lengre. Tilbakegangen i Nord-Europa kjem truleg av eit intensivt, moderne jordbruk med øydelegging av hekkebiotopar, samt storstilt jakt og fangst på spelplassane.

Førekomst i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare fann ein arten hekkande i låglandet og til fjells, no hekkar fuglen fåtalig på fuktige stader i bjørkebeltet og vierregionen i sentrale og austlege delar av Sør-Noreg og i Trøndelag. I Nordland førekjem arten meir spreidd, men sør i fylket er der ein mindre bestand. Ein kjenner speleplassar i Rana, Grane og Hattfjelldal. I Finnmark hekkar fuglen svært fåtalig i austlege delen. Dobbeltbekkasinen finst helst på rikare myrtypar med innslag av vierkratt, og fuglen er relativt talrik der han finst. På Dovrefjell syner det seg at arten har sterk preferanse for rikmyr og rike vierkratt. Utbreiinga viser samsvar med forekomst av rik berggrunn. I Noreg reknar ein med 5000-15000 hekkande par. Denne bestanden til fjells har vore meir stabil enn låglandsbestanden i Noreg og utlandet.

Føde[endre | endre wikiteksten]

Fuglane er først og fremst meitemark, og også insekt, og i liten grad plantar som vert dregne opp av mjuk myr.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Egg

Dobbeltbekkasinane kjem til hekkeplassane i midtre delen av Noreg kring 10. - 15. mai. På nokre få dagar har det samla seg hannar på dei tradisjonelle leikplassane. Speleaktiviteten aukar raskt, og hoene kjem snart på leiken. Arten er lettast å registrere i samband med speleaktiviteten, men det føreset at ein er ut om kvelden og natta. Dobbeltbekkasinen kan godt ha tilhald på stader med relativt mykje ferdsle utan at ein er klar over førekomsten.

Trekktilhøve[endre | endre wikiteksten]

Dobbeltbekkasinen er ein typisk trekkfugl som overvintrar i Afrika. Fuglen sine flyttingar på kontinentet er truleg styrt av regntidene, men er lite kjende. Frå august til midt i oktober er store konsentrasjonar, kanskje heile verdsbestanden, samla i det etiopiske høglandet på høgder mellom 1500-3000 m.o.h. Frå midt i oktober turkar områda, og fuglane vert vekke. Fuglen er utan tvil sårbar for habitatendringar i vinterkvartera.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.