Don Quarrie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Don Quarrie


Statsborgarskap Jamaica
Fødd 25. februar 1951 (73 år)
Kingston på Jamaica
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1984, Sommar-OL 1980, Sommar-OL 1976

Utmerkingar

Bislett-medaljen

Donald O'Riley Quarrie, kjend som Don Quarrie, (fødd 25. februar 1951) er ein jamaicansk tidlegare friidrettsutøvar frå Kingston. Han vart olympisk meister på 200 meter i 1976 og vann elles to OL-sølv og ein OL-bronse i tida 1976-84.

Quarrie var kvalifisert til Sommar-OL 1968 i Mexico, men ein skade hindra deltaking. Året etter fekk han studiestipend ved University of Nebraska og flytta til USA. Under samveldeleikane 1970 i Edinburgh vann han både 100 m og 200 m, og som ankermann på Jamaicas lag i 4 x 100 m stafett tok han si tredje gullmedalje i leikane.

I 1971-sesongen forbetra Quarrie den personlege rekorden på 100 m til 10,1 sekundar. Meir imponerte han på 200 m med fyrst personbeste på 20,2, og særleg då han vann begge sprintdistansane under dei panamerikanske leikane i Cali i Colombia. Vinnartida hans på 200 m, 19,8 med manuell tidtaking, var årsbeste i verda og tangering av Tommie Smith sin verdsrekord. Den uoffisielle elektroniske tida, 19,86 sekundar, var den nest beste nokon gong. Året etter deltok Quarrie på 200 m under Sommar-OL 1972 i München, men braut semifinalen etter muskelstrekk.

Quarrie forsvarte i 1974 sine meistertitlar på 100 m og 200 m under samveldeleikane i Christchurch. I 1975 tangerte han verdsrekorden på 200 m for andre gong, og året etter tangerte han med tida 9,9 også den manuelle tidtekne verdsrekorden på 100 meter. Under Sommar-OL 1976 i Montréal tok han fyrst sølv på 100 m, etter å tapt for Hasely Crawford med eitt hundredels sekund. På 200 m heldt derimot Quarrie unna for alle konkurrentane og vann OL-gull med tida 20,22.

Under samveldelekene i 1978 vann Quarrie sin tredje 100-metertittel på rad, men vart slått ut på 200 m etter å ha fått krampe. To år seinare tok han seg til OL-finalen på 200 m i Moskva og vann bronsemedaljen, eitt tidels sekund bak gullvinnaren Pietro Mennea frå Italia.

Quarrie deltok i 1984 i Sommar-OL for fjerde gong og sikra seg si fjerde OL-medalje då han som ankermann sprang Jamaica inn til sølv i 4 x 100 m stafett, slått einast av USA.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • OL 1972 i München: Braut semifinalen på 200 m (=nr 16)
  • OL 1976 i Montreal: Gull på 200 m – 20,23, sølv på 100 m – 10,08
  • OL 1980 i Moskva: Bronsemedalje på 200 m – 20,29, framom Silvio Leonard (20,30). Utslått i semifinalane på 100 m
  • OL 1984 i Los Angeles: Sølv i 4 x 100 m stafett (38,62), utslått i forsøka på 200 m

Kjelder[endre | endre wikiteksten]