Drops

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Trefarga drops.
Sakumadrops frå Japan.
Berlingots-drops frå Nantes i Frankrike med avrunda pyramideform.

Drops eller bongbong er ein type lite, hardt sukkertøy. Det kan ha smak av frukt, krydder eller urter. Mange drops er syrlege på smak. Dei kan vera harde heilt gjennom eller vera fylt med eit mjukare stoff, til dømes bruspulver eller sjokolade.[1]

Vanlege dropssmakar er ulike typar frukt og bær, som bringebær, pære eller sitrusfrukter, eller urter og krydder som anis, ingefær, lakris, mentol eller peparmynte. Nokre kan ha smak frå korn, som bygg(malt). Det finst også sjokoladedrops.

Den opphavlege drops-forma var rundleg,[2] men det er seinare blitt utvikla ei rekkje former, som kuler, ovalar, sylinderar, rektangel eller puter,[3] eventuelt gjeven form ved at dei to sidene er klemde saman i ulike retningar til ein avrunda pyramide. Drops kan også ha meir forseggjorte fasongar, til dømes etter det som har gjeve smaken. Drops kan også støypast fast på ein liten pinne og brukast som slikkepinne.

Drops kan ha ein enkelt, ofte sterk farge, eller fleire fargar som til dømes kan danna eit stripemønster. Striper er eit kjenneteikn på dropstypar som polkagrisar eller engelske humbugs eller bullseyes.[4]

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet drops kjem frå den engelske fleirtalsforma av drop, som tyder 'drope'.[5]

Omgrepet blanda drops kan visa til ei blanding av litt av kvart i ulike samanhengar.[6]

Drops kan også vera slanguttrykk for ei ungjente.[6]

Nokre typar drops[endre | endre wikiteksten]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. «Fylte drops med sjokolade.». Røros helsekost. Henta 24. mai 2018. 
  2. «drop, n.». OED Online. Oxford University Press. mars 2018. (krev abonnement). 
  3. «DROPS : NORSKE DROPS Anisputer». Røros helsekost. Henta 24. mai 2018. 
  4. «Humbugs and Bullseyes». Lolly Shop Wangi. Henta 24. mai 2018. 
  5. «drops» i Nynorskordboka.
  6. 6,0 6,1 «drops». Det Norske Akademis ordbok. Henta 24. mai 2018. 
  7. «Smørmalt». Røros helsekost. Henta 24. mai 2018.