Hopp til innhald

Dynemarihand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dynemarihand


Status i Noreg: VU Sårbar

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Dactylorhiza
Art: D. incarnata
Vitskapleg namn
Dactylorhiza incarnata ssp. coccinea
(Pugsley) Soó
Økologi
Habitat: sanddynelandskap
Utbreiing: landa rundt Nordsjøen

Dynemarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. coccinea) er ei planteorkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]Norsk raudliste for artar er underarten vurdert som sårbar (VU).[2]

Systematikk

[endre | endre wikiteksten]

Dynemarihand høyrer til den vanskelege slekta Dactylorhiza, på norsk marihandslekta.[3] Den er ein underart av engmarihand, ofte med noko lysare blomar enn den mykje vanlegare nominatunderarten grasmarihand (ssp. incarnata).

Tidlegare blei dynemarihand rekna til ein eigen underart ssp. lobelii i Noreg, Danmark og Nederland, men denne blir no rekna av Artsdatabanken for å vere identisk med underarten ssp. coccinea, som er utbreidd i Storbritannia, sjølv om nyare funn av ssp. lobelii i Storbritannia kunne tyde på at dei skulle reknast som ulike underartar.[4]

I Nederland er D. incarnata ssp. coccinea (nederlandsk namn steenrode orchis) og D. incarnata ssp. lobelii (nederlandsk namn vleeskleurige duinorchis) rekna som separate underartar.[5][6] I Belgia er D. incarnata var. lobelii rekna som ein varietet.[7]

I Field Guide to the Orchids of Europe and the Mediterranean (2019) har ein gått heilt bort frå å definere underartar for engmarihand. Der er ssp. coccinea og ssp. lobelii slått saman og gitt status som varieteten D. incarnata var. dunensis.[8] I Plants of the World Online held ein fast ved dynemarihand, voksmarihand, blodmarihand, ssp. pulchella og ssp. gemmana som underartar.[9]

Dynemarihand er knytt til dynetrau i sanddynelandskap i landa rundt Nordsjøen.

I Noreg er utbreiinga avgrensa til nokre små og sårbare funnstader på kysten frå Farsund til Stavanger.[10] Frå 2021 er planta teke med på Norsk raudliste for artar i kategorien sårbar (VU), med sjanse for å kunne bli oppgradert til sterkt truga (EN).[2]

Dynemarihand (dansk namn klit-gøgeurt) er i Danmark rekna som sårbar (VU). Her held ein framleis fast ved det vitskaplege namnet ssp. lobelii.[11] I både den britiske og den irske raudlista har underarten ssp. coccinea status som livskraftig (LC).[12][13] Lokalt er han rekna som nær truga (NT) i England[14] og livskraftig (LC) i Wales,[15] og han er ikkje nemnd for tiltak i Skottland.[16] I Storbritannia er ssp. lobelii så langt rekna som eigen underart etter nyare funn,[4] men er førebels sett på venteliste (WL) for raudlistevurdering.[12]

I Benelux er båe dei to underartane ssp. coccinea og ssp. lobelii å finne i dynelandskapet ved kysten i Nederland,[5][6] og var. lobelii finst ved kysten i Flandern i Belgia, men ikkje i Vallonia.[17] Ingen av underartane er raudlistevurderte.

Hybridar mellom dynemarihand og purpurmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. coccinea × majalis ssp. purpurella) er registrert i Danmark.[18]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar dynemarihand». Artsdatabanken. Henta 24. februar 2022. 
  2. 2,0 2,1 «Raudlista: Dynemarihand». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 24. februar 2022. 
  3. «Artsdatabanken: Namnetre dynemarihand». Artsdatabanken. Henta 24. februar 2022. 
  4. 4,0 4,1 Michael Clark & Leslie Lewis (2018). «Dactylorhiza incarnata ss. lobelii, an Early Marsh-orchid new to Britain». BSBI News 138 (April): 25–26. 
  5. 5,0 5,1 «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza incarnata subsp. coccinea». FLORON. Henta 16. januar 2024. 
  6. 6,0 6,1 «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza incarnata subsp. lobelii». FLORON. Henta 16. januar 2024. 
  7. «Vleeskleurige duinorchis – Dactylorhiza incarnata var. lobelii». Waarnemingen.be. Henta 17. januar 2024. 
  8. Rolf Kühn, Henrik Æ. Pedersen, Philip Cribb (2019). Field Guide to the Orchids of Europe and the Mediterranean. London: Kew Publishing. ISBN 978-1-84246-669-8. 
  9. «PoWO: Dactylorhiza incarnata». Plants of the World Online. Henta 7. februar 2023. 
  10. «Artskart: Dynemarihand, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 24. februar 2022. 
  11. «Naturbasen: Klit-Gøgeurt Dactylorhiza incarnata ssp. lobelii». Naturbasen. Henta 7. mars 2022. 
  12. 12,0 12,1 «GB Red List for vascular plants (revised Mar 2024)». Botanical Society of Britain & Ireland. Henta 7. mai 2024. 
  13. «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022. 
  14. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  15. «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru». Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022. 
  16. «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022. 
  17. «Verspreidingskaart: Vleeskleurige duinorchis – Dactylorhiza incarnata var. lobelii». Waarnemingen.be. Henta 17. januar 2024. 
  18. Henrik Ærenlund Pedersen og Niels Faurholdt (2010). Danmarks vilde orkidéer. København: Gyldendalske Boghandel, Nordisk Forlag. s. 69–77. ISBN 978-87-02-06386-8. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]