Blodmarihand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Blodmarihand

Status i verda: LC Livskraftig

D cruenta070603.JPG

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Dactylorhiza
Art: D. incarnata
Vitskapleg namn
Dactylorhiza incarnata ssp. cruenta
(Verm.) H.A.Pedersen
Økologi
Habitat: kalkhaldig eng, skog
Utbreiing: Eurasia

Blodmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. cruenta) er ei planteorkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Blodmarihand har alltid mørke, purpurfarga blomster, og blir ikkje fullt så stor som grasmarihand (nominatunderarten av engmarihand). Det beste kjennemerket er at både over- og undersida av blada har flekkar som flyt saman, slik at blada ser nærmast brune ut.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Blodmarihand høyrer til den vanskelege slekta Dactylorhiza, på norsk marihandslekta.[2] Han har tidlegare av og til blitt rekna som ein eigen art med namnet D. cruenta, men blir i dag teke med i engmarihand-komplekset som underarten D. incarnata ssp. cruenta. I samband med arbeidet med Norsk raudliste for artar for 2021, blir det konkludert med at blodmarihand truleg er ei kunstig eining og er derfor ikkje vurdert for raudlista.[3]

I Sverige og Danmark er blodmarihand ikke rekna som underart, men som varietet (D. incarnata var. cruenta).[4][5] I Finland og på Dei britiske øyane er han rekna som underart.[6][7][8]

Andre underartar av D. incarnata i Noreg er nominatunderarten grasmarihand (ssp. incarnata) og den sjeldne underarten dynemarihand (ssp. cruenta). I Sverige og Danmark veks voksmarihand (ssp. ochroleuca).

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

I Noreg veks blodmarihand på kalkhaldig grunn, mest på eng og i høgareliggande skog. Vanlegast er han i Midt-Noreg.[9]

Blodmarihand er ganske vanleg i Sverige (svensk namn: «blodnycklar»), men er ikkje raudlistevurdert separat.[4] Det er nokre usikre registreringar i Danmark (dansk namn: «blodplettet gøgeurt»), men heller ikke der er han raudlistevurdert.[5] I Finland blir blodmarihand (finsk namn: «veripunakämmekkä») rekna som sårbar (VU).[6]

På Dei britiske øyane er blodmarihand (engelsk namn: «flecked marsh orchid») funne i Irland og nokre få stader i Skottland.[10] Han er rekna som livskraftig (LC) i den irske raudlista,[8] medan han er vurdert å vere sterkt truga (EN) i den britiske raudlista.[7]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar blodmarihand». Artsdatabanken. Henta 24. februar 2022. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre blodmarihand». Artsdatabanken. Henta 24. februar 2022. 
  3. «Raudlista: Blodmarihand». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 24. februar 2022. 
  4. 4,0 4,1 «Artfakta: Dactylorhiza incarnata var. cruenta blodnycklar». Artdatabanken. Henta 24. februar 2022. 
  5. 5,0 5,1 «Naturbasen: Blodplettet Gøgeurt Dactylorhiza incarnata var. cruenta». Naturbasen. Henta 24. februar 2022. 
  6. 6,0 6,1 «LAJI: Dactylorhiza incarnata subsp. cruenta». LAJI.FI. Henta 7. mars 2022. 
  7. 7,0 7,1 «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  8. 8,0 8,1 «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022. 
  9. «Artskart: Blodmarihand, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 24. februar 2022. 
  10. Anne and Simon Harrap (2009). Orchids of Britain and Ireland (2. utg.). London: A & C Black. ISBN 978-1-408-10571-9. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]