EHF-meisterligaen i handball 2013/Kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Meisterligaen i handball 2013 for kvinner var ei turnering arrangert av Europas handballforbund (EHF) som tok til med kvalifiseringsspel 21. september 2012 og avslutta med dobbeltfinale 5. og 13. mai 2013. Vinnar av turneringa vart Győri ETO frå Győr i Ungarn.

Etter innleiande kvalifiseringsrundar vart gruppespelet med fire grupper à fire lag avvikla i tida 13. oktober til 18. november. Dei to beste laga i kvar av desse gruppene gjekk vidare til hovudrunda. Hovudrunda vart avvikla i to grupper frå 26. januar til 17. mars 2013. Dei to flittigaste poengsankarane i A-gruppa, Győri ETO og Larvik HK, med 12 og 8 poeng, og i B-gruppa, RK Krim og Oltchim Vâlcea begge 8 poeng, kvalifiserte seg til semifinale.

Semifinalane[endre | endre wikiteksten]

  • Oltchim Vâlcea – Győri ETO 47 – 48 (22-24 og 25-24)
  • Larvik HK – RK Krim 52 – 44 (22-24 og 27-19)

Finalane[endre | endre wikiteksten]

Győri ETO vann bortekampen mot Larvik HK i Arena Larvik den 5. mai med 21–24 og heimekampen i ungarske Veszprém seks dagar seinare med 23–22 og sikra seg EHF-trofeet med 47 mål mot 43.

Győri ETO sitt vinnarlag bestod mellom andre av målvakta Katrine Lunde og målskårarane Anita Görbicz 8+4, Heidi Løke 6+5, Jovanka Radičević 5+5, Eduarda Amorim 2+2, Andrea Lekić 1+3, Anikó Kovacsics 1+2, Ivett Szepesi 0-2 og Viktória Soós 1+0.

Måla til Larvik HK kom frå Linn-Kristin Riegelhuth 4+4, Isabel Blanco 5+2, Nora Mørk 2+5, Thea Mørk 3+3, Gro Hammerseng 1+4, Linn Sulland 4+0, Anja Edin 2+0, Tonje Larsen 0+2, Karoline Breivang 1+0, Sara Breistøl 1+0. Cecilie Leganger og Lene Rantala var målvakter. Kristina Bille, Kristine Breistøl, Mie Sando og Pernille Wibe kom ikkje på skåringslistene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]