Edvard Bull d.e.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Edvard Bull d.e.
Edvard Bull.jpg
Fødd4. desember 1881
Christiania
Død26. august 1932
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkepolitikar, historikar, professor, biograf
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
BarnEdvard Bull d.y.

Edvard Bull (4. desember 188126. august 1932), fødd i Kristiania, var ein norsk historikar og politikar for Arbeidarpartiet, utanriksminister i Christopher Hornsrud si regjering i 1928.

Han blei student i 1899, cand. mag. 1906, universitetsstipendiat 1910, dosent i historie i 1913 og professor i 1917. I 1912 tok han doktorgraden med ei avhandling om «Folk og Kirke i Middelalderen, Studier til Norges Historie».

Edvard Bull var son til Edvard Isak Hambro Bull, bror av litteraturprofessor Francis Bull, og far til historikaren Edvard Bull d.y (1914-1986).

Edvard Bull som politikar[endre | endre wikiteksten]

I 1923 blei Bull vald til Arbeiderpartiet sin nestformann, og blei sitjande i denne posisjonen til han døydde.

I tida mellom den russiske revolusjonen i 1917 og Nygaardsvold-regjeringa i 1935 var arbeidarrørsla splitta i ei gruppe som ønskte revolusjon, og ei gruppe som ønskte regjeringsmakt etter svensk og dansk mønster, gjerne kalla ministersosialisme. I ein periode frå 1921 var her etter kvart tre parti, Arbeidarpartiet, Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti og Noregs Kommunistiske Parti. På grunn av oppsplittinga og dåverande valordning vart stortingsvalet 1924 dårleg for alle tre. LO pressa deretter på for ei samanslåing av kreftene, og på samlingskongressen i 1927 slo Arbeidarpartiet seg saman med Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti, og også ein del utbrytarar frå NKP kom over til Arbeidarpartiet. Edvard Bull vart attvald som nestleiar, som representant for dei radikale.

Samanslåinga førte til at Arbeiderpartiet vart ein klar vinnar av stortingsvalet 1927. Arbeidarpartiet hadde aldri før sete i regjering, og for dei borgarlege partia var det heilt utenkeleg at Arbeidarpartiet skulle få danne regjering. Da Kong Haakon rådførte seg med stortingspresidentane, peika Christopher Hornsrud som representerte Arbeidarpartiet i presidentskapen, på at det var naturleg at det partiet som hadde vunne valet, skulle danne regjering. Til dette forslaget skal Edvard Bull ha uttala: «Men er dere blitt spenna gærne da, gutter?»[1]

Dagen etter, den 27. januar 1928 bad kongen Christopher Hornsrud og Arbeiderpartiet om å danne regjering. Bull blei tildelt posten som utanriksminister. Sidan det å danne regjering blei sett på som eit steg mot høgre, fekk den radikale og marxistiske Bull oppgåva med å formulere Hornsrud-regjeringa si tiltredingserklæring. I følgje erklæringa frå 8. februar 1928 skulle regjeringa «la sig lede av hensynet til arbeiderklassen og hele det arbeidende folks interesser» og regjeringa skulle på vegne av Arbeidarpartiet «lette og forberede overgangen til et sosialistisk samfund». Dette førte til at sentralbanksjef Nicolai Rygg frykta ny bankkrise på grunn av kapitalflukt, og Venstre sin Mowinckel fremma mistillitsforslag mot regjeringa basert på tiltredingserklæringa. Med rette har det difor blitt sagt at Hornsrud-regjeringa er den einaste regjeringa i Noreg som har blitt felt på si eiga tiltredingserklæring.

Etter at regjeringa hadde falle, mista fleire i partileiinga trua på at regjeringsmakt var rett partilinje. Bull uttalte i 1930 at «Hvad hjelp er det i å erobre et flertall valgstemmer?» og landsmøtet vedtok å søke makt utan nødvendigvis å ha "folkeflertallet" bak seg. Bull hevda då at det parlamentariske demokrati var ein «gammel og overtroisk frase fra det 19. århundre» [2]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Furre, Berge Norsk Historie 1914-2000 Kapittel «Mellomkrigstid» ISBN 82-521-5549-9
  2. ibid.
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.