Regjeringa Nygaardsvold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Johan Nygaardsvold si regjering var ei regjering utgått frå Arbeidarpartiet. Regjeringa var den andre regjeringa frå Arbeidarpartiet, men var den fyrste som sat i lengre tid. Christopher Hornsrud si regjering i 1928 sat berre i 19 dagar.

Nygaardsvold danna ei mindretalsregjering etter eit kriseforlik med Bondepartiet. Forliket bygde på felles misnøye med den økonomiske liberalismen Venstre og Høgre stod for, og som ikkje fekk verken arbeidarar eller bønder ut av krisa.

Regjeringa Nygaardsvold sin politikk, med ein økonomisk aktiv stat, eit meir organisert arbeids- og næringsliv og opprettinga av eit sosialt tryggingsnett, viste seg å vere svært vellykka, særleg på bygdene. Nygaardsvold-regjeringa sikra demokratiet og la i stor grad grunnen til den demokratiske blandings- og forhandlingsøkonomien og velferdsstaten her i landet.

Den språkreforma som kom i 1938, rettskrivinga av 1938, var og eit uttrykk for den demokratiseringa og sosiale utjamninga regjeringa Nygaardsvold stod for, med ei kraftig fornorsking av bokmålet og ei opning av nynorsken for fleire språkdrag i nord- og austnorske målføre. Særleg utanriksminister og målmann Halvdan Koht var sentral i den sosialdemokratiske språkpolitikken på 1930-talet. Riksmålsforbundet mislikte sterkt denne politikken, og samarbeidde jamvel med NS-styret under okkupasjonen for å bli kvitt "det kohtske knot".

Attåt den politikken Nygaardsvold-regjeringa førte, var det og viktig i seg sjølv at ho fekk sitje i fred. Den første arbeidarregjeringa i Noreg, med Christopher Hornsrud som statsminister, fekk berre sitje i to veker i 1928. Johan Nygaardsvold var statsminister i ti år, dei fem siste åra i eksil i London.

Regjeringa vart utnemnd den 20. mars 1935. Regjeringa måtte reisa frå Noreg den 7. juni 1940 etter kapitulasjonen, og kom ikkje attende til landet før nesten to månader etter frigjeringa. London i Storbritannia vart hovudsetet til regjeringa under den andre verdskrigen. Av hovudsetet London kom namnet «Londonregjeringa». I London fekk regjeringa preg av ei samlingsregjering. Andre politiske parti og Heimefronten kom med i regjeringa.

Johan Nygaardsvold og regjeringa kom ikkje attende til Noreg før i slutten av juni 1945. Den 25. juni 1945 utnemnde kong Haakon VII Samlingsregjeringa til Einar Gerhardsen.

Samansetting av regjeringa[endre | endre wikiteksten]

Statsminister
Sjef for Kyrkje- og Undervisingsdepartementet
Sjef for Justisdepartementet
Sjef for Utanriksdepartementet
Sjef for Forsvarsdepartementet
Sjef for Sosialdepartementet
Sjef for Departementet for Handel, sjøfart, industri, handverk og fiskeri
Sjef for Skipsfartsdepartementet
Sjef for Finansdepartementet
Sjef for Landbruksdepartementet
Sjef for Forsyningsdepartementet:
  • Trygve Lie, A (2. oktober 1939 - 19. november 1940)
  • Arne T. Sunde (19. november 1940 - 1. oktober 1942)
Sjef for Forsynings- og Gjenreisingsdepartementet
Sjef for Arbeidsdepartementet:
  • Johan Nygaardsvold, A (20. mars 1935 - 2. oktober 1939)
  • Olav Hindahl (2. oktober 1939 - 25. juni 1945)

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Regjeringa Nygaardsvold hos Regjeringen.no, vitja 15. januar 2010