Elisabeth av Bayern (1837–1898)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk


Elisabeth
Erzsebet kiralyne photo 1867.jpg
Fødd 24. desember 1837
Q1615212
Død

10. september 1898
Genève

Yrke noble
Tittel Keisarinne av Austerrike
Periode 1854-1898
Tittel Dronning av Ungarn
Periode 1867-1898
Føregangar Maria Anna av Savoia
Far Maximilian i Bayern
Mor Ludovika av Bayern
Ektefelle Frans Josef I av Austerrike
Born Sofie av Austerrike
Gisela av Austerrike
Rudolf av Austerrike
Marie Valerie av Austerrike
Elisabeth av Bayern (1837–1898) på Commons

Elisabeth Amalie Eugenie av Bayern (24. desember 183710. september 1898), kjend som Sisi eller Sissi, var keisarinne av Austerrike og dronning av Ungarn. Ho var hertuginne av Bayern frå fødselen av.

Familie og ekteskap[endre | endre wikiteksten]

Elisabeth var dotter av hertug Maximilian av Bayern og prinsesse Ludovika av Bayern. Gjennom mor si var ho syskenbarn av dronning Josefine av Noreg og Sverige.

Seksten år gammal, den 24. april 1854, blei ho gift med syskenbarnet sitt Frans Josef I av Austerrike i Wien. Gjennom ekteskapet blei ho keisarinne av Austerrike, og i 1867 blei ho krona til dronning av Ungarn.

Keisarinne[endre | endre wikiteksten]

Elisabeth var ei følsom og sjenert jente som hadde hatt ein fri barndom. Ho fann det vanskeleg å tilpassa seg livet ved det formelle hoffet i Wien, som var styrt av svigermor hennar, den autoritære enkjehertuginna Sofia av Bayern.

I 1855 og 1856 fekk Elisabeth sine første to barn, Sophie og Gisela. Døtrene blei tekne frå henne med ein gong og oppseda under Sofia sine ordrar, sjølv om ho seinare fekk meir kontroll over barna sine. I 1857 vitja ho Ungarn saman med ektemannen og borna, og utvikla eit djupt band med ungararane. Men på reisa blei begge døtrene sjuke, truleg av flekktyfus. Gisela kom seg, men Sophie døydde. Hendinga førte mora inn i ein depresjon. I 1858 fekk ho ein son, Rudolf, som til forskjell frå systrene kunne arva trona. Dette gav henne høgare status ved hoffet. Hennar siste dotter, Marie Valerie, blei fødd i 1868, i Buda-Pest.

Ein tragedie råka keisarfamilien i 1889 med den såkalla Mayerling-hendinga, der Rudolf blei funnen død saman med elskarinna si, Mary Vetsera. Ein trudde først at hendinga var eit dobbelt sjølvmord, men kom etterkvart til at det truleg var eit drap og sjølvmord utført av Rudolf. Hendinga var ein stor internasjonal skandale, men påverka også Elisabeth personleg gjennom resten av livet.

Portrett av Elisabeth med utslått hår, måla av Franz Xaver Winterhalter i 1864. Dette var eit privat portrett som ikkje var laga for offentleg framsyning, og var hengd opp i arbeidsrommet til keisaren.

Elisabeth reiste mykje, og var lite i Wien saman med ektemannen. Men dei brevveksla mykje seinare i livet, og stod på vennskapeleg fot. Keisarinna vitja ofte Cap Martin på den franske rivieraen, Sanremoden italienske rivieraen, Genfersjøen i Sveits, Korfu og Bad Ischl i Austerrike, der keisarparet gjerne var om sommaren. Ho vitja også stader europeiske kongelege sjeldan drog til på denne tida - Marokkoa Algerie, Malta, Tyrkia og Egypt. Året etter at sonen døydde lét ho byggja eit palass på Korfu, Achilleion, til ære for Akilles frå Odyssen.

Elisabeth blei rekna som ei av dei venaste kvinnene i samtida, og dyrka sin eigen venleik. Ho hadde langt hår som rekte ned til føtene, og ho brukte fleire timar kvar morgon på å stella det. Frisøren hennar, Franziska Feifalik, var alltid med henne på reisene hennar. Ho brukte gjerne denne tida til å læra seg språk, som fransk, engelsk, ungarsk og gresk. Elisabeth var kjend som ekstremt slank, og heldt kroppsvekta nede heile livet gjennom faste og trening.

Kunstnerisk tolking av mordet på keisarinne Elisabeth.

Under ei av reisene sine blei Elisabeth drepen av den italienske anarkisten Luigi Lucheni (1873-1910), som knivstakk henne i Genève.

Lucheni hadde opphavleg planlagd å drepa Ludvig Filip Robert, hertug av Orléans. Då han fann ut at hertugen alt hadde reist frå staden men i staden las i avisa at Elisabeth var i byen, bestemte han seg for å drepa keisarinna som eit politisk symbol.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. De Burgh, Edward Morgan Alborough (1899). Elizabeth, empress of Austria: a memoir. J.B. Lippencott Co. s. 326–327. 
  • Palmer, Alan. Twilight of the Habsburgs: The Life and Times of Emperor Francis Joseph. New York: Weidenfeld & Nicolson, 1995.
  • Van der Kiste, John. Emperor Francis Joseph: Life, Death and the Fall of the Habsburg Empire. Stroud, England: Sutton, 2005.
  • Schad, Martha,Kaiserin Elisabeth und ihre Töchter. München, Langen Müller, 1998

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Elisabeth av Bayern (1837–1898)