Austerriksk historie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Denne artikkelen omhandlar Austerrike si historie.

Keltarar, romarar og folkevandring ca. 100 f.Kr.-700 e.Kr.[endre | endre wikiteksten]

Romerske provinsar og byar innanfor Austerrike sitt noverande område

Den første statsdanninga i det som skulle bli Austerrike, var eit keltisk kongerike, kalla Noricum, omkring 100 f.Kr. Størstedelen av området blei hærsett av Romarriket omkring 15 f.Kr. Keisar Claudius oppretta den romerske provinsen Regnum Noricum, som hadde omtrent dei same grensene som Austerrike har i dag. Aust for Vindobona (det noverande Wien) låg den største romerske byen, Carnuntum. Andre viktige byar var Virunum (i dag Klagenfurt) og Teurnia (i nærleiken av Spittal an der Drau).

Etter kristendommen breidde seg ut på 100-talet, begynte den langsame nedgangsperioden til Romarriket og etter kvart folkevandringane. Etter gotarane, slavarane og avararane sitt lange press mot provinsen Noricum begynte bajuvararane sine busetjingar på 500-talet, medan det noverande Vorarlberg blei busett av alemannarane. I det nordlege alpeområdet etablerte det bayerske hertugdynastiet seg frå 500-talet.

Frankarriket og Det heilage tysk-romerske riket 700-1806[endre | endre wikiteksten]

For detaljar, sjå hovudartiklane: Frankarane og Det tysk-romerske riket

Friedrich I. Barbarossa

Store delar av Austerrike høyrte på slutten av 700-talet til det bayerske hertugdømmet, som var ein del av Frankarriket under Karl den store. Etter delinga av riket til Karl den store blei Austerrike ein del av Det tysk-romerske riket. Regionen som svarar til det noverande Niederösterreich fekk under karolingarane namnet Marchia orientalis, som er latin for den austlege marka. Dette grenselandet i den søraustlege delen av riket blei kimen til det seinare Austerrike. Området gjekk derimot tapt til Ungarn i 907. Først etter Lechfeldslaget i 955 kunne karolingarane igjen ekspandere mot aust, og det oppstod då nye hertugdømme og markgrevskap. Dermed begynte også ein ny bayersk busetjingsbølgje.

I 976 oppstod den eldste landeininga innanfor grensene av det noverande Austerrike i form av det sjølvstendige hertugdømmet Kärnten. Det same året overlet keisar Otto 2. Marchia Orientalis til Leopold 1. av Huset Babenberg som eit markgrevskap. År 996 støter ein for første gong på namnet Ostarrîchi. Ostarrîchi kom seinare til å utvikle seg til Österreich – riket i aust. Huset Babenberg si tid som herskarar fortsette framgangsrikt med ein målbevisst koloniseringspolitikk som konsoliderte datidas Austerrike. Leopold 3. intrigerte framgangsrikt da han valde å alliere seg med Henrik 5. og dermed medverka til sigeren hans over faren, Henrik 4.. Leopold gifta seg med Agnes von Hohenstaufen, søster av Henrik 5. og datter av Henrik 4. Leopold grunnla mange kloster og blei derfor erklært som helgen etter sin død.

Babenbergerne blei herrar over Bayern i 1139, men dette skapte samtidig konflikt mellom hohenstaufarane og welfarane. Striden blei avslutta då Fredrik Barbarossa gav Bayern tilbake til welfarane. Som «plaster på såret» fekk Austerrike status som hertugdømme i 1156 (Privilegium Minus). Den første austerrikske hertugen blei Henrik 2. «Jasomirgott» som var den som først utnemnde Wien til residensby. I 1186 fekk babenbergarane kontroll over Steiermark.

Babenbergerne blei etterfølgd av habsburgarane i 1278. For å understreke den særlege status sin gjorde dei hertugdømmet Austerrike til eit erkehertugdømme gjennom ei forfalska erklæring kalla Privilegium Maius. Dei utvida herskarområdet fram til 1525 og blei ein maktfaktor i Det heilage romerske riket. Dei seinare babenbergarane hadde knytt Steiermark med Austerrike, og habsburgarane klarte å skape eit større maktområde gjennom å tileigne seg Kärnten, Tirol, Krain og fleire andre område, som samla blei kalla Herrschaft zu Österreich. Frå 1438 besette dynastiet nesten gjennomgåande den tysk-romerske kongen - og dermed også keisarrangen.

I ein tohundreårsperiode, frå seint på 1400-talet fram til 1690 blei dei habsburgske landområda konstant utsett for åtak frå Det osmanske riket. Først med den berømte prinsen Eugene av Savoie lukkast det å slå «tyrkarane» tilbake til Beograd. Reformasjonen av kyrkja slo i byrjinga raskt gjennom, men blei i løpet av 1600-talet slått tilbake.

Keisarinne Maria Theresa omgitt av familien sin på Schönbrunn slott

1713 blei det med den pragmatiske sanksjon for første gong laga ei grunnlov gjeldande for alle dei habsburgske landområda. Den fastslo at etter keisar Karl 6., som ikkje hadde nokon mannlege arvingar, skulle hans dotter Maria Theresia følgje han som dronning av dei austerrikske arvelanda. I den austerrikske arvefølgjekrigen lukkast det i hovudsak for det nye huset Habsburg-Lothringen å tileigne seg makta i arvelanda. Da Prøyssen og Russland i det 18. hundreåret delte Polen, fekk Austerrike tildelt Galizia og Lodomeria.

Franz 2. grunnla i 1804 keisarriket Austerrike og tileigna seg som Franz 1. tittelen som Keisar av Austerrike. I 1806 nedla han likevel etter press frå Napoleon keisarkrona for det heilage tysk-romerske riket, og med det opphøyrde dette de jure å bestå. Såleis var han i to år den einaste dobbeltkeisaren i historia.

Keisarriket Austerrike (1804-1867) og dobbeltmonarkiet Austerrike-Ungarn (1867-1918)[endre | endre wikiteksten]

For detaljar, sjå hovudartiklane: Keisardømmet Austerrike og Austerrike-Ungarn

Det nye keisarriket Austerrike var ein etnisk blanda stat, som attåt tysk også talte ungarsk, italiensk, tsjekkisk, polsk, ukrainsk, jiddisch, rumensk, kroatisk, serbisk, slovakisk og slovensk. Da området tidlegare hadde høyrt under det heilage romerske riket, inngikk det frå 1815 i Det tyske forbundet, og den austerrikske sendemannen hadde formannskap i forbundsforsamlinga der. Landsdelen Salzburg tilfalt i 1816 som hertugdømme det austerrikske keisarriket, etter at det hadde vore eit sjølvstendig fyrsteerkebispedømme sidan 1328.

Den førande politikaren i den austerrikske Biedermeier-tida var utanriksminister og seinare kanslar Metternich. For han gjaldt det å holde befolkninga i ro med sensur og angivarar for å oppretthalde den gamle orden: Det absolutte monarkiet, eineveldet. Dei same måla hadde dei på denne tida også i Preussen og Russland, og saman grunnla desse tre monarkia den heilage alliansen. I denne periode fann industrialiseringa av Austerrike også stad. I 1837 køyrte det første damptoget mellom Floridsdorf og Deutsch-Wagram, som var første del av nordbanen - den viktigaste banestrekninga i monarkiet.

Under revolusjonen i 1848 ønskte innbyggjarane i monarkiet demokrati og sjølvstende, og kanslar Metternich måtte gå i eksil i England. Berre den keisarlege arméen under Radetzky, Jelacic og Windisch-Graetz og hjelp frå den russiske arméen sikra at monarkiet overlevde. Den 2. desember 1848 avløyste den 18-årige Franz Joseph den sjuke keisar Ferdinand 1. Den uerfarne herskaren stilte i 1849 dei opprørske ungararane for retten, og let eit dusin av dei øvste ungarske hærførarane avrette. Hans popularitet var i dei første 20 åra av regjeringsperioden liten.

Med slaget ved Solferino i 1859 tapte Austerrike overherredømmet i Nord-Italia og med slaget ved Königgrätz tapte dei leiarskapen i det tyske forbundet. Den derigjennom svekte keisaren måtte gjennomføre djuptgripande reformer og oppgi sin ny-absolutte regjeringsmåte. Trass i hans seige motstand følgde no ei omdanning til eit konstitusjonelt monarki.

Med Ungarn inngikk dei i 1867 ein avtale som gjorde det austerrikske monarkiet til det austerriksk-ungarske dobbeltmonarki. Fordelane for ungararane, som blei uavhengige av den austerrikske innanrikspolitikken, skjerpa nasjonalitetskonfliktane med dei øvrige befolkningsgruppene i monarkiet. Mens alle nasjonalitetar var representerte i det austerrikske riksrådet og stemmeretten blei innført i 1907 for alle menn, så blei dei ikkje-ungarske nasjonalitetane sterkt forfordelt i den ungarske riksdagen, og det kom heller ikkje ein allmen stemmerett i Ungarn før i 1918.

Etter det tvungne tilbaketoget frå Tyskland og Italia hadde monarkiet sett seg ut sig Søraust-Europa som det nye maktområdet. Men der var det nasjonale sørslaviske statsplanar (støtta av Russland), som konkurrerte med planane for det overnasjonale monarkiet. Habsburg blei for mange politiske aktivistar på Balkan til fienden, som forhindra den nasjonale frigjeringa.

Attentatet i Sarajevo i 1914 førte til første verdskrigen, som i 1918 førte til den endelege avslutninga av det kongeleg-keisarlege monarkiet.

Grunnlegginga av republikken (1918)[endre | endre wikiteksten]

Ved slutten av første verdskrigen hadde Austerrike-Ungarn falle frå kvarandre. Den 21. oktober 1918 kom medlemene av det tysktalande riksrådet for første gong saman som den provisoriske nasjonalforsamlinga for Tysk-Austerrike. Møtet blei leidd av Karl Seitz. Forsamlinga blei - også under Seitz sitt formannskap - kalla statsråd og sette den 30. oktober 1918 saman den første tysk-austerrikske regjeringa. Den første kanslaren blei sosialdemokraten Karl Renner, som i 1945 på ny skulle kome til å spele ei viktig rolle ved grunnlegginga av Den andre republikken. På det gamalausterrikske området, som var busett av menneske som fortrinsvis talte tysk, oppstod såleis ein ny stat.

Den enno fungerande keisarlege regjeringa forsøkte i førstninga av november 1918 å trekkje det tysk-austerrikske statsrådet med inn i avgjerdene om våpenstillstand. Men statsrådet bestemte seg for at monarkiet, som hadde begynt krigen, også sjølv måtte avslutte han. Våpenstillstanden mellom Austerrike og Italia av 3. november 1918 var såleis enno keisar Karl 1. og hans keisarlege regjering sitt ansvar. Dei ungarske troppene hadde allereie forlatt fronten i slutten av oktober, da dei gjekk ut av realunionen med Austerrike.

Førande politikarar frå den keisarlege regjeringa og frå statsrådet utarbeidde saman erklæringa der Karl 1. den 11. november 1918 fråsa seg all deltaking i staten sine saker. Det var ikkje det same som at han abdiserte, men avgjersla om den framtidige statsforma var de facto gjort. Den 12. november avgjorde den provisoriske nasjonalforsamlinga formelt at staten Tysk-Austerrike var ein demokratisk republikk.

Første republikk (1918-1938) fram til 1934[endre | endre wikiteksten]

Karl I., Austerrike sin siste keisar

I republikken fekk alle kvinner for første gong stemmerett. I koalisjonsregjeringane 1918-1920 blei fleire betydelege sosiallover vedtatt (f.eks. 8-timarsdagen, sosialforsikring osv). Adelen blei avskaffa i april 1919. Medlemer av Habsburg-Lothringen-familien kunne berre opphalde seg i Austerrike om dei erklærte seg som borgarar i republikken og fråsa seg all makt. "Den tidlegare beraren av krona" (som det heitte i lova[1]) blei da han motsette seg abdisering forvist for evig tid frå landet. Han var likevel reist til Sveits på førehand for å unngå internering. Karl 1. døydde i 1922Madeira, mens hans hustru Zita von Bourbon-Parma døydde i 1989. Den 13. juli 1935 oppheva forbundskanslar Schuschnigg landsforvisninga, og Zita og det tidlegare keisarparet sin son Otto von Habsburg kunne atter besøkje Austerrike, noko som likevel først skjedde frå 1966, da også Otto von Habsburg måtte fråseie seg retten til trona. Frå den 1. januar 2007 har Otto sin son Karl fått overdratt funksjonen som Habsburg-familien sitt overhovud[2]

Somme område der fleirtalet av befolkninga talte tysk (f.eks. Egerland, Sydmähren og Sydtyrol) fekk etter krav frå sigerherrane ikkje forbli i Austerrike. I Saint-Germain-traktaten blei det bestemt at namnet på staten skulle vere "Republikken Austerrike", og den tilslutninga til den nye tyske republikken som forfatninga føresette blei forboden.

Den 21. oktober 1919 blei namnet endra til "Republik Österreich" og i 1920 blei den nye forbundsforfatninga vedtatt. I 1929 blei Burgenland, som var den overvegande tysktalande delen av vest-Ungarn, opptatt som sjølvstendig forbundsland i republikken. Forbundsregjeringa bestod frå 1920 av dei kristeleg-sosiale og deira høgreorienterte koalisjonspartnerar. Sosialdemokratane, som var fleirtalspartiet i det "Raude Wien", var på nasjonalt nivå i skarp opposisjon.

I det gamle Austerrike-Ungarn hadde dei ein avbalansert økonomisk struktur med dei bøhmiske industriområda og dei ungarske landbruksområda. Med fråfallet av desse områda kunne ein ikkje lenger brødfø folket og skaffe energi utan å kjøpe det i utlandet. Til overmål hadde dei ein kjempehovudstad med ein enorm statsadministrasjon til eit lite land å vere. Mangelen på varer skapte hyperinflasjon i førstninga av 1920-åra. Austerrike hadde bruk for kapital utanfrå, men landet hadde lite kredittverde. Den 4. oktober 1922 blei Geneveprotokollen underskriven, og den garanterte Austerrike sin suverenitet. Samtidig fekk Austerrike ein kreditt på 650 millionar austerrikske kroner. Økonomien kom betre under kontroll og med innføringa av den austerrikske Schilling som valuta i 1925 blei inflasjonen endeleg bremsa. Den konservative regjeringa sørgde for, at schillingen forblei stabil; den blei ofte kalla Alpedollar[3]. Men fokus var nesten utelukkande på den økonomiske politikken, og ulempa ved den utilstrekkelege økonomiske politikken var at dei ikkje var førebudde på å løyse verdskrisa i 1929, fordi staten ikkje hadde tatt nødvendige forholdsreglar.

I dei følgjande åra førte den økonomiske krisa og dei politiske motsetningane Austerrike lenger og lenger ned i ei krise. Dei austerrikske marxistane talte om proletariatets diktatur som mål og skremte dermed alle konservative, sjølv om dei ville nå målet på demokratisk vis. På den høgre sida av det politiske spekteret breidde det seg ei oppfatning av at demokratiet ikkje var eigna til å løyse landet sine problem. Benito Mussolini var forbildet deira for dette.

Ein av dei kristensosiale politikarane som støtta denne haldninga var Engelbert Dollfuß. På grunn av strid om ei avstemming gjekk Nasjonalrådet frå kvarandre, og med utgangspunkt i denne forretningsordenskrisa forhindra Dolfuß i mars 1933 med politiet si hjelp at forsamlinga kunne tre saman igjen og han forkynte at parlamentet hadde utelukka seg sjølv. Meir enn ein million borgarar underskreiv ei oppfordring til forbundspresident Wilhelm Miklas om å gjenopprette dei forfatningsmessige tilstandane, men det forblei resultatlaust, sjølv om Dollfuß sine handlingar klart var eit angrep på forfatninga.

Austrofascisme og stenderstat[endre | endre wikiteksten]

For detaljar, sjå hovudartikkelen Austrofascisme

Dollfuß utnytta at krigsforvaltninga si fullmaktslov frå 1917 ved ein feil ikkje var blitt oppheva. Han kunne dermed endre lovene eller utstede nye gjennom regjeringsforordningar. Den 12. februar 1934 kom dei ulmande motsetningane mellom dei regjerande kristelegsosiale og sosialdemokratane valdeleg til uttrykk i den austerrikske borgarkrigen. Regjeringa sette inn forbundshæren med kanonar. Det kom dødsdomar mot sosialistar, Wien sin borgarmeister blei avsett og det kom eit forbod mot det sosialdemokratiske og det kommunistiske partiet. Dollfuß proklamerte så den 1. mai 1934 forbundsstaten Austerrike som ein stenderstat. Det handla om eit diktatur som allereie den gongen blei kalla austrofascisme.

Få veker etter kom julikuppet, frå tilhengarar av nazipartiet NSDAP. Nokre kuppmakarar klarte den 25. juli 1934 å trenge inn i kanslarforvaltninga, der Dolfuß blei så hårdt såra at han døydde få dagar etter. Kuppforsøket blei slått ned i løpet av få dagar. Kurt Schuschnigg blei ny forbundskansler. Nazistane var særleg usamde med austrofascistane om Austerrike skulle vere sjølvstendig eller inngå som del av Tyskland.

Austerrike var likevel også eit mildare diktatur enn Hitler-Tyskland. Fleire forfølgde menneske frå Tyskland, særleg skodespelarar og forfattarar, søkte i 1934-1938 tilflukt i Austerrike. Samtidig kopierte regimet element frå det fascistiske Italia og det nazistiske Tyskland: Fanemarsjar, einskapsorganisasjonen Vaterländische Front, førarprinsippet og partiforbod.

Mens Adolf Hitler ved julikuppet enno spelte uinteressert, fordi Mussolini enno ville halde Austerrike uavhengig, så blei trykket på Austerrike frå Tyskland sterkare. Schuschnigg blei ved eit møte med Hitler skremt og utsett for press for å innsette tyskvenlege ministrar i regjeringa. Da kanslaren fortvila i mars 1938 meddelte ei folkeavstemming om Austerrike sitt sjølvstende, tvinga Hermann Göring ved telefoniske truslar forbundspresident Miklas til å innsette ei naziregjering. Samtidig med at denne regjeringa blei innsett den 12. mars 1938 fann den i lang tid førebudde innmarsjen av tyske troppar stad. På dette tidspunktet hadde mange lokale nazistar allereie overtatt makta, f.eks. i Graz.

Den 13. mars 1938 utstedte Hitler ei anschluss-lov sterkt motivert av begeistringa frå sine austerrikske tilhengarar. Etter dette begynte terroren mod jødiske austerrikarar, som også kom til uttrykk i den såkalla "ariseringa" med beslaglegging av jødisk eigedom.

Det tredje riket (1938-1945)[endre | endre wikiteksten]

Nazityskland si inndeling i rikseiningar - dei såkalla Reichsgaue

Austerrike blei først verande eit eige land innanfor Det tredje riket, men den 21. april 1939 blei dei tidlegare forbundslanda og Wien gjennom ei lov omdanna til "normale" rikseiningar, og namnet Austerrike skulle forsvinne. Dermed blei Burgenland delt mellom einingane Niederdonau og Steiermark, Osttirol blei slått saman med Kärnten og den steiriske delen av Salzkammergut blei lagd under Oberdonau. Wien sitt areal blei ved ei samanslåing med omlandet tredobla (i det såkalla Stor-Wien).

Austerrike blei først kalla "Ostmark" og seinare "Alpe- og Donaueininga". Den austerriksk fødde Hitler førte Austerrike inn i nazismen, og utsletta heilt sjølvstendet til landet han opphavleg kom frå.

Etterkrigstida og Den andre republikken[endre | endre wikiteksten]

Etter det stortyske riket sitt samanbrot og avslutninga av den andre verdskrigen, blei Austerrike igjen etablert som uavhengig stat. Dette hadde dei seinare sigerherrane allereie fastslått i Moskvadeklarasjonen i 1943. Den 27. april 1945 kom ei provisorisk statsregjering med Karl Renner som kanslar saman og proklamerte gjenopprettinga av republikken (Den andre republikken). Snart deretter blei forfatninga frå 1. oktober 1920 med seinare justering frå 1929 atter sett i kraft. Unntaket var dei reglane som delt forbundsrådet i Länder- og Ständerat. Austerrike vann dermed tilbake sin status som eit ikkje-valdeleg, representativt, parlamentarisk og føderalistisk demokrati.

Karl Renner blei vald til forbundspresident av Forbundsforsamlinga. Etter Renner sin død blei Theodor Körner den 27. mai 1951 vald til forbundspresident som kandidat for SPÖ i allment val. Det var dermed det første folkevalde statsoverhovudet i den austerrikske historia.

Frå 1945 til 1947 blei Austerrike etter ønske frå okkupasjonsmaktene leidd av ei regjering beståande av alle dei lovelege partia (ÖVP, SPÖ, KPÖ). Den 19. november 1947 danna ÖVP og SPÖ ein stor koalisjon som regjerte til 1966.

Til 1955 var Austerrike liksom etterkrigs-Tyskland oppdelt i okkupasjonssoner. Den sovjetiske sona var den største, og omfatta Oberösterreich nord for Donau, Niederösterreich, det gjendanna Burgenland og Wienerbezirkene 2, 4, 10, 20, 21 og 22.

Russarane samla beslaglagte verksemder i eit konsern dei kalla USIA, som verken heldt austerrikske lover eller betalte skatt i Austerrike. På Enns, som utgjorde grensa til den amerikanskokkuperte sona i Oberösterreich sør for Donau, gjennomførte russarane ein streng personkontroll.

Belvedere-slottet i Wien, der Austerrike sin statstraktat blei underskriven 15. mai 1955

Med underskrivinga av den austerrikske statstraktaten den 15. mai 1955 fekk republikken full suverenitet den 27. juli 1955. Traktaten blei inngått mellom forbundsregjeringa og representantar frå sigersmaktene, og Austerrike forplikta seg til å vere nøytral og aldri igjen å forsøke å bli slått saman med Tyskland.

Den 26. oktober 1955, etter at okkupasjonsstyrkane hadde trekt seg ut, beslutta Nasjonalrådet at Austerrike skulle vere evig nøytralt. Sidan 1965 har denne dagen vore landet sin nasjonaldag. Nøytraliteten betydde frå byrjinga at dei ikkje tok stilling mellom aust og vest. Dette blei bevist under oppstanden i Ungarn i 1956 og under okkupasjonen av av Tjekkoslovakia i 1968. Nøytraliteten betydde at Austerrike kunne byggje opp gode kulturelle og handelsmessige samband med både vestlege land og dei daverande austblokklanda, noko som kom landet til gode under gjenoppbygginga.

Den 14. desember 1955 blei Austerrike medlem av FN og var 1973-74 og 1991-92 medlem av tryggingsrådet. I 1956/57 fekk IAEO, Det internasjonale atomenergibyrået, sete i Wien, og i 1969 kom UNIDO, FN sin organisasjon for industriell utvikling til, og seinare følgde fleire FN-kontor.

I Sør-Tyrol, som inntil 1918 hadde høyrt til Austerrike, men etter 1. verdskrigen blei annektert av Italia, var det eit fleirtal av tysktalande. I 1960-årta forela Austerrike konflikten med Italia om landområdet for FN. Som følgje av det fekk befolkninga i Sør-Tyrol ei rekkje rettar i 1969, og desse er sidan blitt utbygde.

Frå 1970 til 1983 blei Austerrike leidd av ei sosialdemokratisk regjering med Bruno Kreisky i spissen. I 1970-åra fekk Austerrike stigande betydning i internasjonale spørsmål, noko som bl.a. kom til uttrykk gjennom etableringa av ein FN-bygning i Wien (UNO-city) og Bruno Kreisky sitt engasjement i spørsmålet om palestinarane.

I 1979 la OPEC sitt hovudkontor til Wien.

Austerrike i dag[endre | endre wikiteksten]

Sidan opninga av grensene til dei tidlegare austblokklanda i 1989/90 ligg Austerrike ikkje lenger ved austgrensa av det ikkje-kommunistiske Europa, og Austerrike har opplevd sterkare handelssamkvem med og investeringar i dei tidlegare kommuniststyrte landa. I første halvdel av 1990-talet fekk mange menneske frå det borgarkrigsherja Jugoslavia opphald i Austerrike.

Etter avslutninga av den kalde krigen i 1991 blei nøytralitetspolitikken noko endra. Han har endra status etter Austerrike blei med i EU den 1. januar 2005. Omgrepet nøytralitet etter underskriving av dei ulike EU-traktatane er no til innanriks bruk; de facto har Austerrike slutta seg til EU sin felles forsvarspolitikk og kan derfor ikkje lenger reknast som nøytralt i streng meining.

I 2002 blei Euro innført som valuta og erstatta dermed den austerrikske Schilling.

Den 21. desember 2007 blei Schengen-samarbeidet utvida mot aust. Dermed forsvann dei siste restane av det gamle jernteppet, da grensekontrollen til Tsjekkia, Slovakia, Ungarn og Slovenia blei fjerna.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Den danske wikipediaen, art. da:Østrig#Historie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]