Espen Rian

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Espen Rian
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. februar 1981
Trondheim
Idrett kombinert
Yrke kombinertløpar

Espen Rian (fødd 10. februar 1981) frå Stadsbygd er ein norsk, tidlegare kombinertrennar. Han var med på det norske firemannslaget som vann bronsemedalje i lagtevlinga under Ski-VM 2007. Frå NM-tevlingar fekk han med seg fem bronsemedaljar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Rian debuterte i verdscupen 29. desember 2001 i Oberwiesenthal, der han kom på 22. plass i sprintøvinga. I november og desember 2006 oppnådde han to plasseringar mellom dei ti første i verdscupen. Den beste plasseringa i verdscupen vart ein femteplass i Holmenkollen i 2008-sesongen.

Under VM 2007 i Sapporo var han med på å ta bronse i lagtevlinga med det norske laget, saman med Petter Tande, Magnus Moan og Håvard Klemetsen. Individuelt vart han nummer åtte i normaløvinga med to hopp i skibakken og 10 km langrenn.

Rian var reserve til vinter-OL 2010 i Vancouver. Då Ole Christian Wendel vart sjuk og reiste heim, reiste Rian til Canada. Han deltok i den øvinga då det vart hoppa i den store bakken og vart nummer 35, dessutan var han med på Noregs lag som kom på femteplass i lagtevling.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 2007: Nr 8 i normalprogrammet, bronsemedalje i lag under Ski-VM i Sapporo
  • 2009: Nr 18 i halvprogrammet i verdsmeisteskapen i Liberec
  • 2010: Nr 5 i lagtevling i vinter-OL i Vancouver

Besteplasseringar i internasjonale renn[endre | endre wikiteksten]

  • 2001/22: Nr 22 i Oberwiesenthal
  • 2002/03: Nr 15 i Harrachov
  • 2004: Nr 14 i Lahti
  • 2004/05: Nr 21 i Trondheim
  • 2006/07: Nr 6 på Lillehammer
  • 2008: Nr 5 i compactsprint i Holmenkollen
  • 2009: Nr 9 i Seefeld
  • 2009/10: Nr 14 i Kuusamo
  • 2010/11: Nr 11 på Lillehammer

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 2003: Nr 4 i kombinert halvprogram i Molde
  • 2004: Bronse i kombinert halvprogram og nr 9 i normalbakken, begge på Bardufoss
  • 2005: Nr 4 på Lillehammer
  • 2006: Bronse i halvprogram på Kongsberg
  • 2007: Bronse i kombinert halvprogram i Bardu og nr 12 i skihopp i storbakken på Lillehammer
  • 2008: Bronse i halvprogram i Trondheim
  • 2009: Bronse i fellesstart på Gjøvik
  • 2010: Nr 6 på Steinkjer

Han la opp som aktiv kombinertløpar i 2011.

Kjelder og bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]