Europacupen i fotball 1970

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Feijenoord-spelarane Willem van Hanegem og Coen Moulijn etter at europacuptriumfen var eit faktum

Europacupen i fotball 1970 var ei fotballturnering der vinnarane av 32 europeiske toppseriar i fotball var påmelde, attåt tittelsforsvarar AC Milan. Turneringa var den 15. i rekka og vart vunnen av Feijenoord frå Rotterdam. I finalen på San Siro i Milano 6. mai 1970 vann laget med 2-1 over Celtic FC etter ekstraomgangar. Feijenoord vart dermed det fyrste laget frå Nederland som sigra i Europacupen i fotball.

Europacupen 1970 var ei rein utslagsturnering. Ved lik målskilnad etter dobbelkamp talde bortemål dobbelt. Turneringa tok til med ei forrunde 21. og 28. august 1969, der serievinnarane i Finland og Danmark spelte om retten til å vere med i 1. runde. Vinnarlaget Feijenoord slo ut Knattspyrnufélag Reykjavíkur, tittelforsvarar AC Milan, Vorwärts Berlin og Legia Warszawa. Medan Celtic eliminerte FC Basel, Benfica, Fiorentina og Leeds United.

Lagoppstillingane på San Siro

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finaledagen 6. mai 1970 i Milano såg 53 000 tilskodarar sidebacken Tommy Gemmell gje Celtic leiinga i det 29. minutt og Rinus Israël utlikna to minuttar seinare. Så vart det ikkje fleire mål i ordinær tid, og fyrst etter 117 minuttars spel sette svenske Ove Kindvall inn sigersmålet for Feijenoord.

Vinnarlaget Feijenoord bestod av: Eddy Pieters Graafland, Piet Romeijn, Theo Laseroms, Rinus Israël (kaptein), Theo van Duivenbode, Franz Hasil, Wim Jansen, Willem van Hanegem, Henk Wery, Ove Kindvall, Coen Moulijn. Guus Haaak spelte 2.ekstraomgang i staden for Romeijn.

Celtic FC spelte Evan Williams, David Hay, Jim Brogan, Billy McNeill (kaptein), Tommy Gemmell, Bobby Murdoch, Bertie Auld, Jimmy Johnstone, Bobby Lennox, William Wallace, John Hughes. George Connelly tok plassen til Auld i det 77. minutt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]