Willem van Hanegem
|
Willem van Hanegem i 1978 | |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn | Willem van Hanegem | ||
| Fødd | 20. februar 1944 (82 år) | ||
| Fødestad | Breskens i Nederland | ||
| Høgd | 185 cm | ||
| Posisjon | Sentral midtbanespelar | ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar | (Mål) |
| 1962–1966 | Velox SC | 109 | (39) |
| 1966–1968 | Xerxes | 68 | (32) |
| 1968–1976 | Feyenoord | 246 | (88) |
| 1976–1979 | AZ'67 | 75 | (10) |
| 1979 | Chicago Sting | 27 | (6) |
| 1979–1981 | Utrecht | 54 | (3) |
| 1981–1983 | Feyenoord | 51 | (2) |
| Landslag | |||
| 1968–1979 | Nederland | 52 | (6) |
| Trenar for | |||
| 1990–1991 | USV Holland | ||
| 1991–1992 | FC Wageningen | ||
| 1992–1995 | Feyenoord | ||
| 1995–1996 | Al-Hilal | ||
| 1997–1999 | AZ | ||
| 2001 | Sparta Rotterdam | ||
| 2007–2008 | Utrecht | ||
| * Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga | |||
Willem van Hanegem (fødd 20. februar 1944) er ein nederlandsk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Breskens i Zeeland. Han var midtbanespelar på Feijenoord då klubben vann europacupen i 1970 og UEFA-cupen i 1974. I 1974 spelte han for det nederlandske laget som tapte VM-finalen mot Vest-Tyskland.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Etter fire år med den lokale klubben Velox, flytta Hanegem i 1966 til Rotterdam og var aktiv i to år på toppserielaget Xerxes. Frå 1968 til 1976 spelte han på Feyenoord. Med klubben frå Rotterdam vann han tre seriemeisterskap, den nasjonale cupmeisterskapen 1969, Europacupen i fotball 1970 og UEFA-cupen 1974. Tida 1976-79 gjorde Hanegem teneste i AZ Alkmaar, der han i 1978 var med å vinne den nasjonale cupmeisterskapen. Etter eit mellomspel i USA spelte han to sesongar på FC Utrecht, før han 1981-83 avslutta med gamleklubben Feyenoord.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Hanegem deltok i 52 landskampar for Nederland i tida frå mai 1968 til september 1979. Under verdsmeisterskapen i Vest-Tyskland sommaren 1974 spelte han alle sju kampane i turneringa, ei turnering som enda med eit forsmedeleg 1-2-tap for Hanegem og Nederland. To år seinare var han innbytar då Nederland tapte EM-semifinalen mot Tsjekkoslovakia. Han skåra i alt fem landslagsmål.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Vinnar av Europacupen: 1970 med Feyenoord
- Vinnar av UEFA-cupen: 1974 med Feyenoord
- Nederlandsk seriemeister: 1969, 1971, 1974 med Feyenoord
- Nederlandsk cupmeister: 1969 med Feyenoord og 1978 med AZ Alkmaar
- VM-sølv: 1974 for Nederland
- EM-bronse: 1976 for Nederland
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Willem van Hanegem» frå Wikipedia på tysk, den 25. oktober 2019.