Wim Jansen
|
Wim Jansen med Nederland i 1974 | |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn | Wilhelmus Marinus Antonius Jansen | ||
| Fødd | 28. oktober 1946 (79 år) | ||
| Fødestad | Rotterdam i Nederland | ||
| Død | 25. januar 2022 | ||
| Høgd | 165 cm | ||
| Posisjon | Midtbane, Forsvar | ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar | (Mål) |
| 1965-1980 | Feyenoord | 415 | (33) |
| 1980 | Washington Diplomats | 27 | (0) |
| 1980-1981 | Ajax | 17 | (0) |
| 1981 | Washington Diplomats | 27 | (0) |
| 1981-1982 | Ajax | 32 | (0) |
| Landslag | |||
| 1967-1980 | Nederland | 65 | |
| 1987-1988 | Lokeren | ||
| 1990-1993 | Feyenoord | ||
| 1995-1996 | Sanfrecce Hiroshima | ||
| 1997-1998 | Celtic | ||
| * Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga | |||
Wilhelmus Marinus Antonius Jansen, nemnd Wim Jansen, (28. oktober 1946–25. januar 2022) var ein nederlandsk fotballspelar og -trenar frå Rotterdam. Han spelte 65 landskampar for Nederland og deltok i alle landet sine kampar under Fotball-VM 1974 og 1978. to turneringar som begge enda med finaletap. Jansen spelte femten sesongar på Feyenoord sitt sigerrike lag. Han var med å finne Europacupen i 1970 og UEFA-cupen i 1974. I tillegg vart han tre gongar seriemeister og i 1969 nasjonal cupmeister med laget frå heimbyen Rotterdam. Jansen spelte i all hovudsak som defensiv midtbanemann.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Jansen spelte for Feyenoord frå 1965. Han var med då laget gjekk til topps i serien i 1969 og samstundes slo PSV Eindhoven 2-0 i omkampen i finalen om KNVB-pokalen. 6. mai 1970 bidrog han til at Feyenoord vann med 2-1 over skotske Celtic i finalen i Europacupen for serievinnarar, ein kamp i Milano som vart avgjort på tampen av 2. ekstraomgang. Året etter vart han seriemeister for andre gong og i 1974 for tredje gong. I mai 1974 slo Feyenoord og Jansen, saman med mellom andre Willem van Hanegem og Wim Rijsbergen, London-laget Tottenham Hotspur med samanlagt 4-2 i finalane i UEFA-cupen. 1980-82 veksla han mellom å gjere teneste i Washington Diplomats og AFC Ajax i heimlandet. Han la opp etter å ha vorte serimeister med Ajax i 1982.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Jansen landslagsdebuterte borte mot Danmark 4. oktober 1967, ein EM-kvalifiseringskamp som enda med tap 2-3. Også karar som Johan Cruijff, Piet Keizer og Wim Suurbier var med å tape kampen. 4. september 1968 slo Nederland Luxembourg med 2-0 i Rotterdam, Feyenoord-spelarane Janen og Hanegem skåra mål på deira heimebane De Kuip. 12. september 1973 vann Nederland og Jansen med 2-1 over Noreg i ein VM-kvalifiseringskamp på Ullevål stadion i Oslo. Under verdsmeisterskapen 1974 i Vest-Tyskland spelte han alle Nderlands sine kampar. I finalen felte han den vesttyske angrepsspelaren Bernd Hölzenbein i straffefeltet, noko som gav Paul Breitner høve til utlikne til 1-1. Seinare i finalen vart Gerd Müller kampvinnar for Vest-Tyskland. Under finalespelet i Fotball-EM 1976 tapte Nederland semifinalen 1-3 mot Tsjekkoslovakia, for så å vinne bronsekampen 3-2 over Jugoslavia, eit oppgjer der Jansen vart bytta ut. Også i Fotball-VM 1978 deltok Jansen i alle Nederland sine kampar. I finalen vart vertslandet Argentina for sterkt, kampen enda etter ekstraomgangar med tap 1-3 for Jansen og lagkameratane. 23. januar 1980 i spanske Vigo, i sin siste landskamp, vart Jansen bytta ut då heimelaget vann 1-0 i ein vennskaps-landskamp.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Vinnar av Europacupen: 1970 med Feyenoord
- Vinnar av UEFA-cupen: 1974 med Feyenoord
- Nederlandsk seriemeister: 1969, 1970 og 1971 med Feyenoord og 1982 med Ajax
- Nederlandsk cupmeister: 1969 med Feyenoord
- VM-sølv: 1974 og 1978 med Nederland
Død
[endre | endre wikiteksten]Jansen vart dement og døydde gjennom assistert sjølvmord.
Landskamp-statistikk
[endre | endre wikiteksten]| År | Kampar | mål |
|---|---|---|
| 1967 | 3 | 0 |
| 1968 | 5 | 1 |
| 1969 | 3 | 0 |
| 1970 | 5 | 0 |
| 1971 | 5 | 0 |
| 1972 | 1 | 0 |
| 1973 | 1 | 0 |
| 1974 | 11 | 0 |
| 1975 | 4 | 0 |
| 1976 | 5 | 0 |
| 1977 | 4 | 0 |
| 1978 | 12 | 0 |
| 1979 | 5 | 0 |
| 1980 | 1 | 0 |
| Totalt | 65 | 1 |