Johan Neeskens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Neeskens
Johan Neeskens 1981.jpg
Fødd 15. september 1951
Heemstede
Johan Neeskens fintar ut den vesttyske landslagsmålvakta Sepp Maier og gjev Nederland leiinga i VM-finalen i 1974

Johan Neeskens (fødd 15. september 1951) frå Heemstede i Nederland er ein nederlandsk, tidlegare fotball-spelar og trenar. Neeskens var ein av nøkkelspelarane på klubblaget Ajax og på Nederlands landslag, lag som i første halvdelen av 1970-åra revolusjonerte idretten gjennom sin totalfotball. Han spelte 49 landskampar for Nederland og skåra 17 mål.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Neeskens debuterte i 1968 med RCH Heemstede på nivå to i det nederlandske divisjonssystemet. Her spelte han i to sesongar, før han vart oppdaga av Ajax-trenaren Rinus Michels. Åra 1970-74 spelte han på Ajax, med klubben vann han Europacupen tre år på rad 1971–1973, dessutan to cupmeisterskap og to seriemeisterskap. I europacup-finalen i 1971 spelte Neeskens høgreback, sidan hadde han fast posisjon på sentral midtbane.

Etter VM 1974 i Vest-Tyskland gjekk Neeskens til FC Barcelona. I Barcelona var også den tidlegare Ajax-trenaren Rinus Michels og Johan Cruijff. Med Barcelona vann han i 1978 den spanske fotballcupen og i 1979 cupvinnarcupen med siffera 4-3 over Fortuna Düsseldorf. Etter fem år i Barcelona flytta Neeskens sommaren 1979 til den USA-amerikanske klubben New York Cosmos. Frå hausten 1984 spelte Neeskens litt her og der, utan å sette spor etter seg.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Neeskens fekk sin landslagsdebut for Nederland hausten 1970 mot DDR. Sesongane 1972-74 var han ein heilt sentral spelar på Nederlands fotballandslag. Med sin kvikke og rørlege spelestil passa han godt inn spelet med totalfotball. Under verdsmeisterskapen i fotball 1974 spelte Nederland seg fram til finalen. I finalen mot Vest-Tyskland i München gav Neeskens sitt lag leiinga med eit straffespark det 2. minutt, men vertsnasjonen snudde kampen og vann 2-1. Også i 1978 var Neeskens med på å spele Nederland fram til VM-finalen. På ny måtte han nøye seg med VM-sølv då vertsnasjonen Argentina vann 3-1 etter ekestraomgangar.

Trenar[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1991 har Neeskens arbeidd som fotballtrenar. Han har mellom anna vore assistentrenar for landslaga til Nederland 1995-2000 og Australia 2005-06, og for klubbane Barcelona 2006-08 og Galatasaray 2009-10. Fremste stillingane som hovudtrenar hadde han i NEC Nijmegen 2000-04 og har han sidan 2011 i den sør-afrikanske klubben Mamelodi Sundowns.

Meistertitlar og medaljar[endre | endre wikiteksten]

  • Tre gongar vinnar av Europacupen med Ajax Amsterdam: 1971, 1972, 1973
  • To gongar nederlandsk seriemeister med Ajax Amsterdam: 1972, 1973
  • To gongar nederlandsk cupmeister med Ajax Amsterdam: 1971, 1972
  • Spansk cupmeister med FC Barcelona: 1978
  • VM-sølv med Nederland: 1974, 1978
  • EM-bronse med Nederland: 1976

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]